Hl. Thomas Becket, be for oss!

Meister_Francke_011

Martertod des Hl. Thomas von Canterbury av Meister Francke (1383-1436), mala ca. 1424-1436.

I dag er det minnedagen for Hl. Thomas Becket, biskop og martyr. Becket vart fødd ca. år 1118 i Cheapside, London, og døydde som martyr i Canterbury Cathedral, 29. desember 1170).[1]

Han var fødd inn i ein rik normannisk familie, og fekk ein god juridisk utdanning. Då Henrik d’Anjou steig opp på den engelske truna som 21-åring i 1154 og vart Henrik II, valte han i 1155 Becket som rikskanslar (Lord Chancellor) og personleg rådgjevar. Dette var den fyrste innfødde engelskmannen som hadde eit sæ høgt verv etter den normanniske invasjonen i 1066. (Men sjølv om Becket var engelskfødd, var han likevel av normannisk ætt.)

Etter kvart vart Becket, i 1162, erkebiskop av Canterbury. Dette vart gjort fordi kongen ville ha større innverknad i kyrkjelege saker. “Men til kongens forbløffelse,” står det på nettsidene til Den katolske kyrkja i Noreg, “la Becket ned sitt kanslerembete, og forandret seg, som han selv sier, «fra å være en beskytter av skuespillere og en som følger etter jakthunder, til å være en sjelehyrde». Han ble presteviet og konsekrert til biskop av biskop Henrik av Blois av Winchester dagen etter i juni 1162.”

Becket vart etter kvart ein så stor byrde for kongen, mellom anna fordi han ville ha rettferd. Kongen skal ha sagt dette til hoffet sitt: “Who will rid me of this turbulent priest?” På grunn av sitt engasjement, og på grunn av andre stridar, vart Becket myrda. Dette var sannsynlegvis ikkje kongen sitt føremål, men fire riddarar tok spørsmålet hans på alvor, og tok turen til Canterbury Cathedral, 29. desember 1170. Dette var Reginald Fitzurse, William de Tracy, Hugh de Morville og Richard le Breton. Dei myrda han medan han bad vesper i katedralen.

Becket

Poster for filmen Becket frå 1964.

Eg skal i dag feire dette med å be ein vesper til minne for han, og med å sjå den gode filmatiseringa av hans historie. Biletet attmed er coveret til den filmen. Hl. Thomas Becket, be for oss! Lat oss be:

Trufaste Fader, i din nåde gav du den sæle martyr Thomas mot til å gje sitt liv for rettferda. Hjelp oss på hans forbøn å gje avkall på vårt liv her på jorda for Kristi skuld, så vi kan vinne det i himmelen. Ved han, vår Herre, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud, frå æve og til æve. Amen.

Noter:

[1] Kjelda mi for det eg skriv her vil i hovudsak vere Wikipedia, nettsidene til Den katolske kyrkja i Noreg og den katolske kyrkja i Noreg sin liturgiske ressursbank.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s