Liturgi og realitet

Liturgy_St_James_2

Lammet (brødet) er plassert på disken under førebuingsliturgien før Den guddomlege liturgien i St. Jakobs-liturgien i ei russisk-ortodoks kyrkje i Düsseldorf. Kjelde: Brukaren Velopilger på Wikimedia Commons.

I ein artikkel om luthersk spiritualitet skriv Knut Alfsvåg om den lutherske reformasjonens forankring i «den økumeniske kristologi og treenighetslære,» der ein held fram foreininga av det guddomlege og menneskelege, og kritiserer den moderne(?) sekularismen som «erstatter … skillet mellom Skaper og skaperverk med skillet mellom ånd og materie, noe som gir en helt annen religiøsitet.»[1] I denne artikkelen vil eg ta for meg det sentrale ved liturgien. Luthersk spiritualitet, seier Alfsvåg, er «liturgisk og sakramental; den understreker betydningen av fysisk nærvær og tradisjonsbundne fortellinger og metaforer.»[2] Og dette knyt Alfsvåg spesielt opp til Confessio Augustana (CA) sin kyrkjedefinisjon, som seier at «det alltid vil verta verande éi heilag kyrkje,» men at kyrkja er «forsamlinga av dei heilage, der evangeliet vert lært reint og sakramenta forvalta rett.» Og vidare, at sann einskap er skapt der ein er «samd om evangelielæra og om forvaltinga av sakramenta,» uavhengig av om det er «einsarta menneskelege overleveringar eller skikkar eller seremoniar som er fastsette av menneske,» med referanse til Ef 4 – éi tru, éin dåp, etc.[3]

Dette, påpeiker Alfsvåg, har eit klart liturgisk nedslagsfelt. Det liturgiske er for Alfsvåg det heilt sentrale. Fokuset er ikkje på læra, som om den var sentrum, men på den gudstenestefeirande kyrkjelyd, på Guds folk. Han skriv:

At måten troen formidles og manifesteres på er en del av dens innhold, betyr at for en luthersk spiritualitet er liturgien viktigere enn læren. Det betyr ikke at læremessig pluralisme er uproblematisk så lenge liturgien bevares intakt, men det betyr at læremessig refleksjon for å være livsnær og relevant må være forankret i den levende menighets bønn og bekjennelse.[4] Dette forhold kan ikke snus; dogmatikk er primært den bedende menighets refleksjon over og kritiske drøftelse av sin tro og dens forutsetninger og konsekvenser. Den teoretiske teologis praksisforankring kan derfor ikke oppløses uten at trosforståelsen blir en annen.[5]

Dette heng altså dels saman med tanken om at ‘the medium is the message’ (mine ord, ikkje Alfsvågs). Dette er djupast sett ikkje ein postmoderne tanke, men det vert ofte det, fordi ein knyt det til tanken om at sanning ikkje er så viktig, og til den moderne skiljet mellom ånd og materie, som er eit av hovudpunkta til Alfsvåg.

Og dette er kanskje eit hovudpoeng. Dette såg eg spesielt for nokre år tilbake, då eg så og seie ‘snubla over’ ein interessant definisjon av nattverden. Definisjon var at nattverden er ‘evangeliet til kroppen.’ Men kva er evangeliet? Ofte vert ‘evangeliet’ sagt å vere bodskapen, og ikkje noko meir. Men det vil eg seie meg usamd i.

I innleiinga til Romarbrevet seier Paulus om seg sjølv at han er «Kristi Jesu tenar[6] kalla som apostel, utskild for Guds evangelium.»[7] For Paulus var evangeliet sentrum i tenesta hans. Men kva er evengeliet? I sum er evangeliet proklamasjonen av Jesus Kristus som Messias, med alle dei konsekvensane det får.[8] Men det er meir enn berre orda. For ofte tenker folk at evangeliet berre er orda, bodskapen. Men eg vil hevde at evangeliet er innhaldet. Om eg seier, «Hei, eg har gode nyhende! Eg har vunne 40 millionar i lotto,» så er det ikkje det at eg at nyhender som i seg sjølv er bra, men det at eg har vunne i lotto. Det er altså innhaldet som er sentralt.

Og her kjem eg til poenget: At evangeliet inneheld også det liturgiske og det sakramentale. For evangeliets kjerne – at Jesus Kristus, Messias, er Herre, og at han er den inkarnerte Gud – er også kjerna i sakramenta og i liturgien. Gitt tanken om nattverden som evangeliet for kroppen, og den lutherske insisteringa på realpresensen, er det ikkje berre snakk om eit pedagogisk verkemiddel der Gud bruker konkrete ting – brød og vin – for å forkynne at vi kan ta imot Jesus. Nei, det er heilt konkret evangeliet til kroppen. Det er Jesus Kristus, vår frelsar og Herre, gjeve heilt konkret til oss. Det er ikkje berre bodskapen, det er realiteten.

Men om ‘evangeliet’ vert redusert til bodskapen som sådan, og om realpresensen vert ignorert, så trur eg den postmoderne tanken er rett rundt hjørnet.

Dette er i hovudsak grunnen til at eg er så oppteken av liturgien. Fordi det er gjennom den, og den meir enn noko anna, at Gud gjev seg sjølv til kyrkjelyden, i ordet, i forkynninga og i sakramenta, og at vi gjev oss sjølve til Gud, i takk og tilbeding.

Noter:

[1] Knut Alfsvåg, «Luthersk spiritualitet: Om lære og liv i den éne, kristne kirke» (Dansk Tidsskrift for Teologi og Kirke 40:1, 2013): 42 (42-56). Sitatet er frå resymeet.

[2] Alfsvåg, «Luthersk spiritualitet,» 49.

[3] For teksten til Confessio Augustana, sjå Arve Brunvoll, Vedkjenningsskriftene åt Den norske kyrkja (Ny omsetjing med innleiingar og notar. Oslo: Lunde 1979): 32-98. Dei latinske og tyske versjonane kan finnast i Die Bekenntnisschriften der evangelisch-lutherischen Kirche (Herausgegeben im Gedenkjahr der Augsburgischen Konfession 1930. 5., durchgesehene Auflage. Göttingen: Vandenhoeck & Ruprecht 1963).

[4] Jf. Philip Sheldrake, Spirituality and theology: Christian living and the doctrine of God (Maryknoll, N.Y.: Orbis Books 1999): 36. Alfsvåg skriv: «Sheldrake formulerer dette slik med henblikk på kirkefedrene: “The unity of theology implied that intellectual reflection, prayer and living were, ideally speaking, a seamless whole.” Isoleres den teoretiske teologi fra troens liv, fører det til “Divorce of Spirituality and Theology”, som er tittelen på kapittel 2 i Sheldrakes bok.» (Alfsvåg, «Luthersk spiritualitet,» 54.)

[5] Alfsvåg, «Luthersk spiritualitet,» 51.

[6] Gr. δοῦλος (doulos), eig. ‘trell.’

[7] Rom 1:1. Mi eiga omsejing.

[8] Eg har skrive litt om dette før, sjå her og her, med referanse til N.T. Wright.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s