Om embetssyn, misjonalitet og pastoral rolle

I dei siste åra har det i ei rekkje Dnk-kyrkjelydar vorte meir og meir vanleg å definere presten som ein utrustande vegleiar med det ‘ideologisk-faglege’ leiarskapet. Han skal skape engasjement for misjon og skal utruste kyrkjelyden til teneste og vitnemål.[1] Mange av desse kyrkjelydane, mellom anna Bogafjell, som eg har hatt litt praksis i, definerer seg som dels ‘lågkyrkjelege,’ med stort misjons- og kyrkjelydsutviklingsfokus.[2] Ein tenker meir og meir nettverksbasert (og ikkje primært parokialt), med kontinuerleg samarbeid med andre ‘likesinna’ kyrkjelydar,[3] og ein har ofte internasjonale kontaktar, spesielt med tanke på misjon. Presten er som sagt definert primært som vegleiar, samstundes som dei, sidan dei er i Dnk, også må fokusere på dei meir ‘folkekyrkjelege’ (og parokiale) elementa av prestetenesta der presten har ei meir ‘klassisk’ rolle.

I denne teksten tenker eg å reflektere litt over kva eg sjølv meiner om embetssyn, sett inn i vår samtidskontekst.[4] Eg har sjølv eit høgkyrkjeleg syn på embetet og liturgien. Dette meiner eg er god dekning for i klassisk luthersk tradisjon, som definerer seg sjølv om “apostolisk og katolsk,” ifylgje Confessio Augustana. (CA)[5] Før eg går vidare er det viktig å understreke at det finst forskjellige tolkingstradisjonar for CA. To av desse er sentrale; den kontekstual-historiske, der ein primært les vedkjenninga i lys av det (ein hevdar) forfattarane meinte,[6] og den verknadshistoriske, der ein primært les vedkjenninga i lys av måten den har vorte tolka oppetter historia, og i lys av kyrkjehistoria og kyrkja si lære, anten (meir eller mindre ‘strikt’) luthersk-konfesjonelt eller meir økumenisk.[7]

Som sagt vert presten no meir og meir definert som ein utrustar, noko som er god dekning for i Skrifta. I Efesarbrevet står det at presten (om vi les han inn i hyrding- og lærarmbetet) opererer på oppdrag av Gud, som gav dei forskjellige tenestene (apostlane, profetane, evangelistane, og hyrdingane og lærarane) “for utrustinga av dei heilage til tenestegjerning, til oppbyggjing av Kristi lekam.”[8] Fokuset i Bogafjell er på ‘disippelgjering,’ utan ei innanfor/utanfor-tenking. Soknepresten, Gøran Byberg (for tida vikarierande), fokuserer på tanken om at alle er på veg, i høve til Kristus.[9] Ein har også byrja å fokusere meir på trusopplæring i kyrkjelyden, og på tanken om at trusopplæringa skal vere formande for alt som vert gjort; cellegrupper, gudstenester, etc., og at trusopplæringa skal vere det sentrum alt arbeidet i kyrkjelyden går ut frå. Det er difor eit spesielt fokus på trusopplæring for vaksne, og på å få meir bibelfokus (og mindre aktivitetsfokus) i arbeidet, for å få opp bibelkunnskapen både hjå borna og hjå dei vaksne (inkludert dei med undervisingsoppgåver).

Det er mykje bra arbeid i Bogafjell, og i andre ‘likesinna’ kyrkjelydar, eg ser ikkje bort ifrå at eg kjem til å sjå på cellegruppetenkinga, som eg også har kjennskap til frå eigne erfaringar. Eg trur også det er viktig å reflektere vidare omkring kommunikasjons- og forkynningsformer, og omkring kyrkjelydens misjonale vesen, både i deling og mottaking.[10] Men eg vel ei meir ‘høgkyrkjeleg’ linje. Eg vil hevde at fokus bør fyrst vere på liturgi, deretter på trusopplæring, då forkynninga, tilbedinga og sakramenta er kjernen i ei genuin luthersk kyrkjeforståing, ifylgje CA VII-VIII. Med dette meiner eg ikkje nødvendigvis at liturgien må skje før trusopplæringa, men at liturgien skal ha logisk forrang (dvs. at trusopplæringa skal ha den faktiske tilbedinga av Gud som utgangspunkt).[11] Difor vil eg vere meir handlings- og aktivitetsretta, med fokus på den klassisk lutherske liturgisk-rituelle forankringa. Dette kan vere ein misjonal ressurs, spesielt overfor ungdom, noko som også vart påpeikt av Byberg.[12]

Eg meiner CA legg opp til ein meir ‘høgkyrkjeleg’ embetsteologi. Det heiter, om kyrkjeordninga,[13] at “i kyrkja bør ingen læra offentleg eller forvalta sakramenta utan at han er retteleg kalla.” Dette er ein kontroversiell artikkel med ein uheldig brukshistorie som nærast har gjort den ubrukbar,[14] men den er framleis del av Dnk sitt vedkjenningsgrunnlag. Spørsmålet er kva som er meint med ‘retteleg kalla’ (lat. rite vocatus; ty. ordentlichen Beruf). Den amerikanske lutherske teologen Arthur Carl Piepkorn poengterer at rite var eit kyrkjerettsleg omgrep, og at det “implies in the normal terminology of the 16th century a formal ordination as something over and above a mere calling.” Termane ‘kall’ og ‘ordinasjon’ vart brukt dels overlappande, og “are extensively used in this period to describe the whole process of election and ordination.”[15] I tenkinga rundt kall og embete var hovudfokuset hjå dei tidlege lutheranarane på nnhaldet, men ein konkretiserte dette i personar.[16]

Eg meiner CA kan lesast ut frå ein episkopal ordinasjonsforståing, og spesielt i Dnk, som har de facto har ei slik ordning, endå meir etter at vi skreiv under Porovoo-avtalen.[17] Eg vil forsvara dette ut frå eit heilskapleg embetssyn, med omsyn til dei lutherske vedkjenningstekstane, til kyrkjehistoria og til den bibelske tolkingshistoria som heilskap. Dag Øivind Østereng seier i eit foredrag[18] at han personleg meiner bispeembetet “hører med til kirkens esse” (dvs. hennar eksistens, hennar vesen), og at CA VII (om kyrkja) ikkje må ikkje må lesast reduksjonistisk: “Der sakramentene blir forvaltet rett må det jo være i troskap mot en helhetlig ekklesiologi og kirkelig orden.” For han er det også viktig at “[et] funksjonalistisk embetssyn og en kongregasjonalistisk kirkeforstaelse [ikke finner] noe direkte støtte i CA VII, og blir derfor et misbruk av denne artikkelen når den trekkes i den retningen, slik det ofte gjøres.” Eit høgkyrkjeleg-episkopalt syn kan kanskje ikkje forsvarast reint kontekstuelt-historisk, ut frå CA åleine, men vedkjenninga vart ikkje skriven i eit vakuum. Den var meint økumenisk, som ein del av den ålmenne kyrkja, Ecclesia Catholica,[19] og må difor lesast i lys av vedkjenningstradisjonen som heilskap, slik Østereng påpeiker: “[Vi] bærer med [oss] en evangelisk-luthersk arv, men [vi] vet at Kirken verken er luthersk eller norsk, men at Jesu Kristi kirke i bunnen er apostolisk og katolsk.”[20]

Eg trur eit høgkyrkjeleg synspunkt (med vekt på teneste, ikkje ‘styring’) kan forsvarast kyrkjehistorisk og bibelsk,[21] og eg trur ikkje det, verken liturgisk eller embetsteologisk, vil vere ‘anti-misjonalt.’ Heller tvert imot. Dette kjem dels fram i forkynninga, men like mykje ved prestens utrustings- og vegleiingsfunksjon. Tor Johan S. Grevbo poengterer at presten eller pastoren er ein ‘tolkande vegleiar,’ og at han har kyrkjelyden som sitt hovudområde, medan lekfolket sitt primærkall er ute i verda, på skular, arbeidsplassar, i media, etc.[22] Dette perspektivet vil eg fokusere på, men eg trur ikkje dette nødvendigvis medfører ein ny ‘klerikalisme.’ Dette kan faktisk setje hinder for klerikalisme, då presten alltid er under tilsyn.[23]

Kjelder:

Alfsvåg, Knut (2013). «Luthersk spiritualitet: Om lære og liv i den éne, kristne kirke.» Dansk Tidsskrift for Teologi og Kirke 40:1, s.42-56

Askeland, Harald, et.al. (red.) (2003). Ledelse i kirken(Oslo: Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon)

Dietrich, Stephanie (2000). «Biskoppelig tilsyn – tegn eller vilkår for kirkelig enhet?,» i: Prest og ledelse, red. Morten Huse (Oslo: Verbum): 44-62

Eide, Øyvind M. (2002). Skatten og leirkaret: Sjelesørgeriske perspektiver pa erfaringer i en misjonærs liv (Stavanger: Misjonshøgskolens forlag)

FCC: From Conflict to Communion: Lutheran-Catholic Common Commemoration of the Reformation in 2017 (Report of the Lutheran-Roman Catholic Commission on Unity. Leipzig: Evangelische Verlagsanstalt; Paderborn: Bonifatius 2013)

Grevbo, Tor Johan S. (2000). «Pastoralt lederskap – en teologisk og kirkelig nødvendighet: Noen pastoralteologiske perspektiver,» i: Prest og ledelse, red. Morten Huse (Oslo: Verbum): 63-80

Hegstad, Harald (2003). «Hva er menighetsutvikling, og hvorfor behøves det?» (Halvårsskrift for praktisk teologi 20): 4-9

Jørgensen, Knud (2004). «Trenger kirken omvendelse? På vei mot en misjonal ekklesiologi,» i: Hva vil det si a være kirke? Kirkens vesen og oppdrag, red. K.O. Sannes & T. Engelsviken (Trondheim: Det teologiske menighetsfakultet)

Kvarme, Ole Chr. M. (2004). «Ordinert til ledelse? Ordinasjonsliturgien som ledelsesdokument» (Halvårsskrift for praktisk teologi 21): 3-14

Nordhaug, Halvor (2003). «Menighetens prest – bidrag til pastoralteologi for menighetsbygging» (Halvårsskrift for praktisk teologi 20): 10-21

Nordhaug, Halvor (2008). «Kan presten erstattes? Noen embetsteologiske og praktiske refleksjoner i trange tider» (Halvårsskrift for praktisk teologi 25): 3-14

Norheim, Bård Eirik Hallesby (2008). Kan tru praktiserast? Teologi for kristent ungdomsarbeid (Trondheim: Tapir Akademisk)

Oftestad, Bernt T. (1996). «Bispeembetet i den evangelisk-lutherske historie – i et kontekstuelt perspektiv,» i: Hva med bispeembetet?, red. Brynjar Haraldsø & Boe Johannes Hermansen (Oslo: FBB), s.15-30

Pritchard, John (2007). The Life and Work of a Priest (London: SPCK)

Rasmussen, Rune (2004). Misjonerende menighet: Lokal menighetsutvikling i en global kirke (Oslo: Verbum)

Skjevesland, Olav (1999). Invitasjon til praktisk teologi: En faginnføring (Oslo: Luther)

Noter:

[1] Sjå Rasmussen 2004:75-77; Eide 2002:22-40; Pritchard 2007:101-110; Grevbo 2000, Kvarme 2004; Askeland 2003:8-42.77-92 (spes. s.10-14.15-16.21-22.81-85.91); Ove Conrad Hanssen, “«Mission-shaped» pastoralteologi?” (Halvårsskrift for praktisk teologi 25, 2008): 49-61.

[2] Rasmussen 2004:102-107; Hegstad 2003 (spes. s.5-6.8-9); Pritchard 2007:67-75.84-90.101-138. Sjå også k-vekst.no. Alle nettlenker er henta 17.01.2014.

[3] Bogafjell, t.d., har samarbeid med m.a. Bymenigheten i Sandnes, Ålgård menighet, Stavanger International Church og Frøyland og Orstad kyrkjelyd.

[4] Denne teksten er dels basert på eit refleksjonsnotat eg skreiv etter eg hadde misjonspraksis i Bogafjell menighet i Sandnes, som ein del av praktikum (den praktisk-teologiske delen av presteutdanninga). Sjå også Facebook-sida til kyrkjelyden.

[5] Alfsvåg 2013:53, jf. CA XXI. For teksten til CA, sjå Arve Brunvoll, Vedkjenningsskriftene åt Den norske kyrkja (Ny omsetjing med innleiingar og notar. Oslo: Lunde 1979): 32-98. Dei latinske og tyske versjonane kan finnast i Die Bekenntnisschriften der evangelisch-lutherischen Kirche (Herausgegeben im Gedenkjahr der Augsburgischen Konfession 1930. 5., durchgesehene Auflage. Göttingen: Vandenhoeck & Ruprecht 1963).

[6] T.d. Leif Grane, Confessio Augustana (Oversættelse med noter. Indførelse i den utherske reformations hovedtanker. København: Gyldendal 1976).

[7] T.d. Leiv Aalen (luthersk-konfesjonelt) eller Peder Nørgaard-Højen og Knut Alfsvåg (økumenisk). Sjå Alfsvåg 2013, samt artiklane til Harald Hegstad og Nørgaard-Højen i Kirkens bekjennelse i historisk og aktuelt perspektiv: Festskrift til Kjell Olav Sannes, red. Torleiv Austad, Tormod Engelsviken & Lars Østnor (Trondheim: Tapir Akademisk Forlag): 187-197.199-209.

[8] Ef 4:12 (mi omsetjing), jf. v.11. Sjå Nordhaug 2003, spes. s.10-11.13-16; Pritchard 2007:32-48.101-128; Rasmussen 2004:13-16. Kvarme 2004. Eg har skrive om Hebrearbrevsteksten i ei semesteroppgåve i nytestamentleg fordjupningsstudium. Der viser eg, ut frå den greske teksten, kvifor eg meiner hyrdingane og lærarane viser til dei same personane.

[9] Jf. James F. Engels skala, etter boka What’s Gone Wrong With the Harvest? A Communication Strategy for the Church and World Evangelism (Grand Rapids, MI: Zondervan 1975).

[10] Pritchard 2007:32-48.111-119; Rasmussen 2004:13-19.31-39.44-51. I forkynninga tilrår Byberg å bruke Andy Stanley & Lane Jones, Communicating for a Change: Seven Keys to Irresistible Communication (Sisters, OR: Multnomah Books 2006).

[11] Jf. Alfsvåg 2013:49-53.

[12] Jf. Rasmussen 2004:11-12.16; Pritchard 2007:11-21; Norheim 2008 (spes. s.23-28.73-94.150-163.206-247); Alfsvåg 2013.

[13] CA Lat. de ordine ecclesiastico; ty. vom Kirchenregiment.

[14] Jf. historikken rundt konventikkelplakaten. Sjå Bernt T. Oftestad, Den norske statsreligionen: Fra øvrighetskirke til demokratisk statskirke (Kristiansand: Høyskoleforlaget 1998): 70-74.107-115.

[15] Arthur Carl Piepkorn, “The Sacred Ministry and Holy Ordination in the Symbolical Books of the Lutheran Church,” i: The Church: Selected Writings of Arthur Carl Piepkorn, red., Michael P. Plekon & William S. Wiecher (Delhi, NY: American Lutheran Publicity Bureau Books, 1993): 62,63. Sjå også Nordhaug 2008.

[16] For nokre perspektiv, sjå Eide 2002:32-40 (spes. s.38-40); Nordhaug 2003:18-20; Jørgensen 2004 (spes. s.64-67).

[17] Sjå Dietrich 2000:53-56, samt artiklane til Jan Schumacher (s.70-75), Heinrich Holze (s.98-113) og Ola Tjørhom (s.162-181) i Apostolicity and Unity: Essays on the Porvoo Common Statement, red. Ola Tjørhom (Grand Rapids, MI: Eerdmans 2002). Sjå også Carissimi sitt dialogdokument med Stavanger biskop i 2010, “Sannhetens støtte og grunnvoll” (.doc-dokument), del 5.1, s.9-10, samt n.19.

[18] Dag Øivind Østereng, «Kirkelig fellesskap – med hvem – om hva?» Foredrag til innledning ved seminar på Fjellhaug skoler 14. februar 2007.

[19] CA XXI (samt fortalen), jf. FCC §69-73 (s.33-34); Oftestad 1996:24-28.

[20] Østereng, op.cit., 2007. For sentrale forskjellar på luthersk og katolsk hald, sjå FCC §176-194, spes. 187-194 (s.65-71). Eg har skrive om dette før, i ei semesteroppgåve i kyrkjehistorisk epokestudium. Ei litt revidert utgåve av denne finst også i Lære og liv (38:2, 2011): 8-16.

[21] Matt 20:20-28; Rom 15:15-16; 1Kor 16:15-16; Fil 2:17; 1Tess 5:12-13; Hebr 13:7.17, jf. Reidar Hvalvik, “Tilsynsmenn i Det nye testamente og den tidlige kirke,” i: Hva med bispeembetet?, red. Brynjar Haraldsø & Boe Johannes Hermansen (Oslo: FBB, 1996), s.3-14 (spes. s.8-13).

[22] Grevbo 2000:78-80

[23] Alfsvåg 2013:49-53; Rasmussen 2004:11-16.55-63; Nordhaug 2008; Norheim 2008 (spes. kap. 6); Skjevesland 1999:41-59 (spes. s.43-47); Dietrich 2000:59-62; Oftestad 1996 (spes s.30); Skjevesland, “Det pastorale lederskap,” i: Prest og ledelse, red. Morten Huse (Oslo: Verbum 2000): 205-219; Carissimi, “Sannhetens støtte og grunnvoll,” del 5.1-5.2, s.9-12.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s