Biskopar og ‘normgjevingskompetanse’

Bishop's_mitre,_Bishopsgate,_London

Bispemitra, på ein bygning ved Wormwood Street og Bishopsgate i London. Kjelde.

I bispemøtets saksdokument om ny kyrkjeordning står det[1] at det “bør legges til grunn at Kirkemøtet etableres som Kirkens øverste organ, med normgivningskompetanse for all kirkelig virksomhet,” slik at bispeembetet “omgjøres med … gradvis fra et kongelig bispeembete til et synodalt bispeembete” som etter dette “ikke lenger [kan] fremstå som uavhengig og sidestilt Kirkemøtet, men må forstås som inkludert i og underlagt Kirkemøtet. Denne bevegelsen gir Bispemøtet en ny begrensning, samtidig som det gir Kirkemøtet en ny mulighet.”

Eg er skeptisk til ein slik ‘episkopal servilitet,’ og meiner bispeembetet bør stå sterkare enn dette kan sjå ut til.[2] Men kanskje kan dette lesast inn i saksdokumentet. Det står at kyrkjemøtet bør etablerast “med normgivningskompetanse for all kirkelig virksomhet.” Kva ligg i omgrepet ‘normgjevingskompetanse’? Er det berre snakk om kompetansen, men ikkje retten til å normere? Er dette noko alle i kyrkjemøtet skal ha, eller er det nok at einskilde har det? Viss det er nok at einskilde skal ha det, kven skal det så vere? ‘Tilfeldig valte’ folk i kyrkjemøtet eller kanskje biskopane sjølv?

Sett i ljos av eit klassisk høgkyrkjeleg-episkopalt syn på biskopen, eit syn eg meiner kjem til uttrykk i ordinasjonsliturgien i Dnk,[3] og som har endå meir gjeldande etter at Dnk signerte Porvoo-avtalen,[4] bør ein leggje til rette for at det nettopp er biskopane som har denne ‘normgjevingskompetansen,’ evt. saman teolog-konsulentar (teologar med relevant ekspertise). Denne ‘normgjevingskompetansen’ må sjølvsagt sjåast i samanheng med Dnk sitt vedkjenningsgrunnlag.

For, som eg spør oppfor, inneber ‘normgjevingskompetanse’ ein rett til å normere? I luthersk tradisjon er Skrifta norma normans (‘den normerande normen’), medan vedkjenningane er norma normata (‘dei normerte normene’). Sett i ljos av dette, som er det grunnlag biskopar og prestar vert forplikta på i ordinasjonen, meiner eg at ‘normgjevingskompetansen’ i stor grad bør vere forankra i eksegetisk, kyrkjehistorisk, systematisk-teologisk og liturgisk kompetanse (som er det viktigaste ein treng i tolkinga av Skrifta og vedkjenningane), og ikkje primært i kyrkjepolitikk. Altså at ein biskop ikkje har rett til å normere ut frå seg sjølv, men har kompetanse og autoritet til å tolke vedkjenningsgrunnlaget (saman med bispekollegiet som heilskap).

For at biskopane ikkje berre skal verte (evt. forbli) gallionsfigurar burde ein late dei få vere tonegjevande, førande, i dette, og ein burde også sett som eit krav at nye biskopar har tilstrekkeleg ‘normgjevingskompetanse’ (i dei nemnte fagområda). Det er på tide at vi ikkje berre let biskopane få den ‘makta’ dei skal ha, men at dei også har den kompetansen som trengst. Etter Lønning, Baasland og evt. Skjevesland , kor har vi Dnk sine versjonar av t.d. Joseph Ratzinger, N.T. Wright eller Rowan Williams?

Noter:

[1] Sitert på denne Verdidebatt-tråden.

[2] Matt 20:20-28; Rom 15:15-16; 1Kor 16:15-16; Fil 2:17; 1Tess 5:12-13; Hebr 13:7.17, jf. Reidar Hvalvik, “Tilsynsmenn i Det nye testamente og den tidlige kirke,” i: Hva med bispeembetet?, red. Brynjar Haraldsø & Boe Johannes Hermansen (Oslo: FBB, 1996), s.3-14 (spes. s.8-13);

Bernt T. Oftestad, “Bispeembetet i den evangelisk-lutherske historie – i et kontekstuelt perspektiv,” i: Hva med bispeembetet?, red. Brynjar Haraldsø & Boe Johannes Hermansen (Oslo: FBB, 1996), s.15-30; Stephanie Dietrich, “Biskoppelig tilsyn – tegn eller vilkår for kirkelig enhet?,” i: Prest og ledelse, red. Morten Huse (Oslo: Verbum 2000): 44-62; Tor Johan S. Grevbo, “Pastoralt lederskap – en teologisk og kirkelig nødvendighet: Noen pastoralteologiske perspektiver,” i: Prest og ledelse, red. Morten Huse (Oslo: Verbum 2000): 78-80 (63-80); Skjevesland, “Det pastorale lederskap,” i: Prest og ledelse, red. Morten Huse (Oslo: Verbum 2000): 205-219.

[3] Carissimi sitt dialogdokument med Stavanger biskop i 2010, “Sannhetens støtte og grunnvoll” (.doc-dokument), del 5.1-5.2, s.9-12.

[4] Sjå Dietrich, “Biskoppelig tilsyn – tegn eller vilkår for kirkelig enhet?,” op.cit., s.53-56, samt artiklane til Jan Schumacher (s.70-75), Heinrich Holze (s.98-113) og Ola Tjørhom (s.162-181) i Apostolicity and Unity: Essays on the Porvoo Common Statement, red. Ola Tjørhom (Grand Rapids, MI: Eerdmans 2002). Sjå også Carissimi, “Sannhetens støtte og grunnvoll,” del 5.1, s.9-10, samt n.19.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s