Ave crux, spes unica

Langfredag

I dag er det langfredag, og det er ikkje dagen for altfor mykje preik. Dette er ein dag der vi heller bør reflektere over det Kristus gjorde for oss; at han gav seg sjølv for oss, gjekk i døden for oss, ofra seg sjølv for oss.

Tittelen på denne posten, ave crux, spes unica, er eit latinsk uttrykk, og tyder ‘ver helsa du kross, vår einaste von.’ Vår von ligg nettopp i krossen, i offeret til vår Herre Jesus Kristus.

Bruk tida i dag til å meditere litt over kva Jesus gjorde for deg. Gå til gudsteneste. Takk Gud og mediter over dette salmeverset:

Sæle kross, me no vår Frelsar / hyller i din høge stamn; / dine bjelkar óg me helsar, / båten som ber Jesu namn. / Blod av Lammet hev du drukke, / det er hav og himmelhamn.

Sjå opp på krossen for der ser vi verkeleg korleis Gud er. Der hang Gud — slått, piska, håna, audmjuka — utan å slå tilbake. Sjå opp mot krossen — ja, sjå opp mot disk og nattverdskalk — og du vil sjå di frelse. Lat oss be:

Allmektige, evige Gud, du har nyskapt oss ved Kristi sæle død og oppstode. Vara oss i di miskunns verk, så vi får del i dette mysteriet og lever i stadig kjærleik til deg. Ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.[*]

[*] Basert på sluttbøna for langfredag i Den katolske kyrkja.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s