‘Dei norske kyrkjene…?’

Lars Laird Iversen, som er religionssosiolog ved Det teologiske Menighetsfakultet (MF), skriv i innlegget «De norske kirker,» i Vårt Land 25. april d.å., at Den norske kyrkja vil tene på å splitte seg opp. «Hvis målet er å få flest mulig folk på kirkebenkene,» står det i ingressen, «burde Den norske kirke splittes.»

Iversen baserer seg på ein amerikansk teoriretning innanfor religionssosiologien, som seier at religiøs aktivitet i stor grad er prega av tilbud og etterspurnad. Difor, hevdar dei, vil eit større mangfald av forskjellige kyrkjesanfunn føre til at fleire får det dei ynskjer.

Med dels bakgrunn i lingvisten George Lakoff si analyse av forskjellige retningar innan amerikansk politikk hevdar Iversen at det «er (minst) to forskjellige måter å forstå religiøsitet, bibelsyn, etikk og samfunnsengasjement» i Den norske kyrkja (Dnk). «Det er ikke bare forskjellige vurderinger som kan vippe hit eller dit,» skriv Iversen vidare, «det er forskjellige logikker i møte med religiøs autoritet og hellige tekster,» samt at det i dei to (mest tydelege) sidene i kyrkjemøtet sin samlivsdebatt finst «forskjellige sett av grunnmetaforer.»

‘Løysinga’ på dette, hevdar Iversen, er å splitte kyrkja, og la dei forskjellige sidene «spisse sine tilbud og aktiviteter.» Dette, påpeiker Iversen, representerer ein religiøse marknadstenking som europetiske religionssosiologar hevdar ikkje høyrer heime i Europa. Her, hevdar dei, tenker ein (religionssosiologisk) om religiøse institusjonar som ‘velferdstilbod’ som ein bruker når ein ‘treng’ det – til, og det er mine ord, dei forskjellige ritene, til (familie-)tradisjonane, i møte med kriser av forskjellig art, etc.

Iversen meiner dette er ein feilaktig tenkemåte, og hevdar at dersom vi splitter opp kyrkja, og skaper ‘Dei norske kyrkjene,’ så vil ein også møte fleire av dei ‘sporadisk aktive’ medlemmane (på begge sider av striden).

Som underskrivar av Carissimi-dokumenta, og postulant (og etter kvart novise) i Johanneskretsen,[1] er eg samd med Iversen. Eg deler nok ikkje alle hans tankar, og meiner dei teologiske forskjellane er det sentrale, men han har spesielt rett i at Dnk er splitta frå eit religionssosiologisk synspunkt. Religionssosiologisk vart Den norske kyrkja splitta for lenge sidan. Dette ser vi kanskje tydlegast i byar og litt større tettstader, men også i bygdene. I byane har mange lokale kyrkjelydar ‘reindyrka’ sin teologiske profil, og det er ofte heilt opent om dei er ‘liberale’ eller ‘konservative.’[2] I bygdene ser vi nokre plassar at mange av dei ‘liberale’ går i kyrkja, medan mange av dei ‘konservative’ går på bedehuset. Og mange plassar har folk gått over i frikyrkjer fordi dei meiner Dnk tek feil.

Kyrkjesplitten er der, sjølv om kyrkjerådet har vedteke at samlivsetikken ikkje er kyrkjesplittande. Men dette er ikkje berre eit teoretisk spørsmål. Eg meiner at grunnkleggjande ulike syn på samlivsetikken er prinsipielt kyrkjesplittande, men skal ikkje gå inn på den argumentasjonen her. Men om det ikkje er prinsipielt kyrkjesplittande, så er det det i praksis. Det ser vi over heile landet, frå by til bygd. Aktive kyrkjegjengarar går der dei er samd med forkynninga og læra – om det er i kyrkja, på bedehuset, eller kor det måtte vere.

Frå eit religionssosiologisk synpunkt har Iversen heilt rett. Vi må bryte opp. Vi er allereie splitta opp. No er det på tide å skape alternative tilsynsstrukturar.

Noter:

[1] Sjå her, her og her.

[2] Eg likar eigentleg ikkje desse termane. Dette er politiske termar, og ved å bruke ordet ‘konservativ’ om meg sjølv, eller ‘liberal’ om andre, vil eg skape eit vrangbilete av meg sjølv. Per Kristian Foss er ‘liberal kristen,’ men ‘konservativ politikar,’ t.d. Eg er oppteken av miljøsaka, noko som (dessverre) ikkje er like sjølvsagt for ‘konservative kristne.’

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s