Snart inn i ny jobb

I dag, søndag 10. august, er siste søndag i årets sommarferie, og det markerer eg mellom anna ved å gå til gudsteneste i Urnes stavkyrkje (og kanskje på aftensong med nattverd seinare i kveld). I neste veke byrjar eg i ny jobb, eitt års vikariat som sokneprest i Luster, i Sogn prosti, med ansvar for tre sokn; Hafslo, Solvorn, og Fet og Joranger.

Eg vonar dette året får verte eit nådens år.

Hafslo

Hafslo kyrkje. Biletet er henta frå nettsidene til Luster kyrkjelege fellesråd.

Herre Gud, himmelske Far! Eg bed deg at du i din nåde må hjelpe meg å utføre tenesta mi til det beste for deg, for dine born, og for menneska rundt meg. Eg bed deg at du kjem med din nåde og let meg få leve eit liv som er verdig det kall eg har fått. Det bed eg deg ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg lever og råder, i eining med Den Heilage Ande, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s