Preike frå innsetjingsgudstenesta mi

I går, 17. august, vart eg sett inn som sokneprest i Hafslo, Fet og Joranger, og Solvorn sokn, i Luster kommune. Her ligg preika som eg heldt der. Teksten her er nok ikkje heilt identisk med den eg framførde, men det er sjeldan slik. Fotnotane vart ikkje nemnt i preikesituasjonen, men er teke med her for at folk skal kunne sjekke referansane mine om dei ynskjer det.

Tekstar: Salme 32:1-11; 1Pet 3:8-13; og Luk 5:27-32.

______________________________

Preike ved innsetjingsgudsteneste, 17. august 2014
10. sundag i treeiningstida
Haflso kyrkje

I

I dagens evangelietekst ser vi klårt den spenninga som ligg i det kristne livet, mellom det å fylgje Jesus, og det å anerkjenne at dette ikkje handlar om vårt eige strev, men om at vi som syndarar kan og må stole på Guds nåde i Jesus Kristus.

II

Det fyrste eg vil ta fram frå dagens tekst er reaksjonen frå farisearane, ei av dei leiande jødiske gruppene i Israel på Jesu tid. Når dei såg at Jesus åt saman med tollarar og syndarar, spurde dei: «Kvifor et og drikk de saman med tollarar og syndarar?» Dei såg nemleg på desse gruppene som ureine, eller som ‘pakk,’ for å bruke eit passande norsk ord. Farisearane delte folk opp i to grupper, syndarane på den eine sida og Guds folk på den andre.

Levi, som kanskje er meir kjend som Matteus, var ein tollar.[1] Tollarane jobba for den romerske okkupasjonsmakta og vart difor sett på som svikarar. Dei hadde også rykte på seg for å pressa til seg meir enn dei hadde krav på. På grunn av dette vart dei, saman med prostituerte, kriminelle og andre grupper, sett på sett på som krondøme på syndarar. Uttrykket ‘tollarar og syndarar’ var ikkje eit heidersomgrep.

Men Jesus valte likevel å ete saman med dei. Han braut eit stort sosialt og religiøst tabu. Vi veit alle kor stort det er å dele måltid saman med nokon, men på Jesu tid var dette heilt avgjerande. Bordfellesskap var forpliktande. Viss du åt saman med nokon, så aksepterte du dei, både sosialt og religiøst. Jesus tok dette på alvor, og opna opp fellesskapen. Slik sett var Jesus radikal.

Men merk at Jesus ikkje gjer dette på bakgrunn av ein moderne tanke om at alt er bra, at alt er relativt. Når Jesus får høyre klagen frå farisearane, så svara han ikkje med å nekte for at dei han et saman med var syndarar. Han godtok det, men snudde det på hovudet. «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei som har det vondt. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar til omvending.» Som Messias, som den frelsar jødane hadde lengta etter, hadde Jesus som oppdrag å hente alle fortapte tilbake til Faderen.

Eg trur vi i våre dagar, i vår kritikk av farisearane, har lett for å hamne i den andre grøfta. I eit foredrag var det ein amerikansk filosof som sa at der sjølvhjelpsguruen seier «I’m OK, you’re OK,» seier farisearen «I’m OK, you’re not.» Felles er at dei ser på seg sjølv om OK. Men det er nettopp dette som er problematisk. Vi er ikkje OK, verken tollarane, farisearane, fotballspelarane, sjukepleiarane, drosjesjoførane, prestane, osv. Vi treng frelse, og det får vi ikkje nokon annan plass enn hjå Gud, i Jesus Kristus.

Jesus nektar ikkje for at vi er syndarar, men han opnar opp fellesskapet og seier at «her er det plass for alle,» om vi vil vende om til han. Han peiker fram både til det himmelske festmåltidet, og til nattverden – der vi får tilgjeving for syndene og ein smakebit av det himmelske måltidet. Men det betyr at vi også må anerkjenne at vi treng hjelp, at vi ikkje er OK. I Salme 32, som vi las tidlegare i gudstenesta, les vi at David tyngest av syndeskuld. Men dette slutta då han erkjente dette:

Då sanna eg mi synd for deg,
og mi skuld dekte eg ikkje over.
Eg sa: «Eg vil sanna
mine brot for Herren.»
Og du tok bort mi syndeskuld.

Som det står i fyrste verset i salmen: «Sæl er den som får sine brot tilgjevne og sine synder tildekte!» Eg trur ikkje at tildekte synder betyr at ein ‘pynter på fasaden,’ at ein lever som om ein ikkje har synda. Nei, eg trur heller det er snakk om at dei vert tildekte for å lækjast. «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei som har det vondt. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar til omvending.»

Men det også er viktig å understreke at det ikkje stoggar der. Evangelieteksten byrjar med kallet frå Jesus: «Følg meg!» Og på det kallet gjorde Levi eller Matteus eit radikalt brot med sitt liv som tollar for å fylgje Jesus. Tilgjeving handlar ikkje om at synd er greit, men om å få nytt liv, eit liv der vi er kalla til å vere heilage, slik vi las frå den andre leseteksten:[2]

For Herrens auge følgjer dei rettferdige,
og hans øyre høyrer deira bøn.
Men Herrens andlet er vendt mot dei som gjer det vonde.

Men dette handlar ikkje om vårt eige strev. Kjernen i dagens evangelietekst er at vi må fylgje Jesus, men at vi samstundes må anerkjenne at dette ikkje handlar om vårt eige strev, men om at vi som syndarar kan og må stole på Guds nåde i Jesus Kristus.

Men kva konsekvensar har dette for våre kristne liv, våre åndelege liv, vår spiritualitet?

III

Spiritualitet handlar om praktisk religionsutøving, om det gjensidig avhengige forholdet mellom lære og liv. Ein genuin luthersk spiritualitet må vere forankra i vår relasjon til Gud, der Gud gjev, og vi tek imot.[3] Det kristne livet er fyrst og framst gjeve oss som ei gåve. Som kristne er vi læresveinar, og ein læresvein er ein som fylgjer ein meister, som høyrer denne meisteren til, og som er i ein læreprosess.[4] Felles for læresveinane er at uansett kva stadium ein er på i livet, så må vi ha «blikket fest på Jesus, trua sin opphavsmann og fullendar.»[5] Vi er ikkje utlærte, men vi vandrar saman med Jesus, saman med Gud. Denne vandringa handlar ikkje hovudsakleg om eit kunnskapssystem, men om å ha del i Guds liv. Vi har del i det Bibelen kallar for løyndomen eller mysteriet.[6] Det er noko vi ikkje heilt kan forklare, men som må erfarast.

I eit ‘min tro’-intervju i Vårt Land sa psykiateren Einar Johnsen at det nettopp er mysteriet han tenker på i møte med ordet ‘tru.’[7] «Man når ikke inn til det med argumenter og analyser og tankens hjelp,» seier han. «Et mysterium som man må bestemme seg for å delta i eller ikke. Troens mysterium.» De kjenner kanskje igjen dette uttrykket, «troens mysterium» eller «mysteriet i trua,» frå nattverdsliturgien. Nattverden gjev oss fellesskap med Jesus. Der får vi heilt konkret lov til å gå fram og ta imot, men vi kan også der få tene Gud – ved å takka han for det han har gjort og prisa han for den han er. Men dette kan ikkje spekulerast fram. Det må erfarast. «Jeg vet egentlig ikke hvordan man definerer mysterium,» seier Einar Johnsen vidare, «men man kan vel bare komme inn i det ved å delta.»

Eg trur dette er veldig sant. Kristendommen har mange dogmer og læresetningar, mykje teori, men dette er ikkje teori for teoriens eigen skuld, men ein hjelp som byggjer opp under mysteriet, om det praktiske møtet med Gud. Vi kan kanskje samanlikne det med teorien før ein får ta sertifikat. Teorien er der retta inn mot det å køyre bil, moped, motorsykkel, osv. Den byggjer opp under praksisen.

Møtet med Gud handlar då ikkje fyrst og framst om kva ein meiner og kva ein lærer, men om korleis ein lever, i relasjon til Gud og til nesten. Mysteriet handlar ikkje om spekulasjon, men om praksis, om liv. Vi må som kyrkje kanskje fokusere mindre på oppramsing av lære, og meir på det å leve eit genuint kristent liv.[8] Vi må fokusere på å søkje nærare Jesus, lese i Bibelen, gå til nattverd, leve i bøn, leve i fellesskap med andre kristne, osv. Her vil eg oppmoda folk til å ikkje vere søndagsktistne, men kvardagskristne. Jesus må få lov til å prege heile livet, og ikkje berre vere ein magisk person vi vender oss til på søndagar, heilagdagar og når vi har det vondt og vanskeleg. Vi må dagleg søkje Gud i bøn, og vi bør ikkje berre gjere dette åleine. Vi treng andre kristne, vi treng kyrkja. Når Gud frelser oss, så er det for at vi skal leve i felleskap.

Denne fellesskapsdimensjonen er ekstra tydleg når ein er på leir, og denne veka har eg vore på borneleir for litt eldre born frå 11-13, der også ein del ungdommar har vore med som leiarar. Vi har fått lov til å ære Gud saman, til å takka han for det han har gjort, og prisa han for den han er. På leiren er det kanskje spesielt takken som har vore sentral. Fokuset har vore på skapinga og på kor stort skaparverket er – sola, plenetane, stjernene, dyra, oss menneske, osv. I møte med dette ser vi Guds stordom. Men det er ikkje alltid vi klarar å setje ord på dette. I ein av lovsongane vi sang på leiren, står det:[9]

Jeg vil bare være nær deg, Gud,
kjenne at jeg lever i din nåde hver en dag,
til ditt behag!

Mitt hjerte fylles opp av gode ord,
det er helt umulig å beskrive hvem du er
med bare ord.

Her er vi tilbake til mysteriet, til det vi ikkje heilt kan forklare med ord, men som vi må erfare. Det er t.d. ikkje nok å snakke om nattverden og skjøna kva den betyr. Vi må også ta imot og ete. C.S. Lewis skal ha sagt at det heiter «ta og et,» ikkje «ta og forstå.» Men sjølv om vi ikkje forstår dette fullt ut, så har vi likevel eit kall til å handle. Men korleis kan vi gjere dette konkret? Her i Bjørgvin bispedøme har vi fylgjande visjon: Saman vil vi ære Den treeinige Gud – ved å forkynne Kristus, byggje kyrkjelydar og fremje rettferd. Hovudfokuset er mot Gud, der prest og kyrkjelyd står saman i takk og tilbeding. Men gjennom dette vert vi kalla til fyrst å forkynne Kristus, peike på han. Dette er ei oppgåve for alle kristne, men eg som prest har fått ei særleg oppgåve om å peike på Jesus.[10] Men eg står ikkje åleine. Som kyrkjelyd er det faktisk de som har hovudoppdraget om å vitne om Kristus ute i verda, i kvardagen.[11] De må vere med å byggje kyrkjelyden gjennom alt det arbeidet de gjer, og de må vere med å fremje rettferd i verda. Eg skal ikkje her diktere kva det skal bety, men éin ting kan vere viktig, og det er å spørje: Kva ville Jesus gjort? Dette er ikkje ein klisjé, det er eit heilt sentralt spørsmål. Vi er kristne, vi representerer Kristus.

Men det er igjen viktig å påpeike at dette ikkje handlar om vårt eige strev, men nettopp om det fellesskapet vi har til Gud, der han alltid er større. Når vi lovsyng, så er det fordi Gud fyrst har lagt lovsongen ned i oss.[12] Når vi samlar oss saman til gudsteneste, så er det fordi Gud i dåpen fyrst har kalla oss og samla oss saman som éi kyrkje.[13] Når vi gjer gode gjerningar, så er det fordi Gud på førehand «har lagt [dei] ferdige så vi skulle vandra i dei.»[14] Alt saman er forankra i Guds gåve, i Guds nåde.[15] Gud gjev, vi tek imot, og så får vi lov til å gje dette tilbake – i bøn, lovsong, misjon, kjærleiksgjerningar, osv. – ikkje av eiga kraft, men gjennom Gud, ut frå det han har gjeve oss.[16]

IV

Kjerna i dagens tekst er at Jesus kallar oss alle inn i sitt fellesskap, uansett kven vi er. Jesus-fellesskapet er opent for alle, fordi Guds nåde er grenselaus. Ikkje berre skapte Gud alt og alle, han vil også at alle skal få del i den himmelske bordfellesskapen, i einskapen.[17] Dette ser vi når Jesus et saman med tollarar og syndarar, og når han kallar ein tollar til ikkje berre å tru på han, men til å dele evangeliet vidare.

Når vi som kyrkje fokuserer på å forme læresveinar – personar som lever ut det kristne livet – må vi hugse på at blikket fyrst og framst må vere på den relasjonen vi har til Gud, at han har frelst oss og tilgjeve oss syndene, og at han gjev oss høve til å leve det nye livet. Det handlar ikkje primært om kunnskap, men om kjennskap. Det er viktigare å kjenna Gud enn å forstå han, og det er viktigare å leve det kristne livet enn å spekulere om det.

Etter å ha vore på leir denne veka er eg endå meir overtydd om at vi må fokusere på det eine nødvendige, å halde oss nær til Jesus.[18] Vi må tre fram for Gud i bøn og lovsong, for det er det vakraste som finst. Som Matias Orheim sa det: «Det venaste syn som eg får sjå, er unge på kne for Gud.»[19]

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

______________________________

Noter:

[1] I parallellteksten i Matteusevangeliet (9:9-13) vert Levi identifisert som Matteus (v.9). Sjå Hans Kvalbein, Fortolkning til Matteusevangeliet, bind I (Oslo: Luther 1998): 236-237. Eg har i stor grad nytta meg av denne Matteuskommentaren (s.236-240) til dagens tekst, sjølv om preiketeksten er frå Lukas.

[2] 1Pet 3:12 (jf. v.8-13).

[3] I det fylgjande er eg i stor grad påverka av Knut Alfsvåg sin artikkel «Luthersk spiritualitet: Om lære og liv i den éne, kristne kirke» (Dansk tidsskrift for teologi og kirke 40:1, 2013): 42-56.

[4] Jf. James F. Engels skala, etter boka What’s Gone Wrong With the Harvest? A Communication Strategy for the Church and World Evangelism (Grand Rapids, MI: Zondervan 1975).

[5] Hebr 12:2.

[6] Jf. Rom 16:25-27; 1Kor 2:1-16; 1Kor 4:1; Ef 1:9; Ef 3:3-13; Ef 5:25-33; Ef 6:10-20; Kol 1:24-29; Kol 2:2-5; Kol 4:3; 1Tim 3:9; 1Tim 3:16.

[7] Vårt Land, 3. mai 2014.

[8] I oldkyrkja kalla ein dette for mystagogikk, innføring i mysteriet.

[9] David Andrè Østby, «Nær Deg Gud.» Her er ei lenke til songen på Spotify, og her finn de tekst og akkordar.

[10] Confessio Augustana XIV, jf. 1Pet 3:15b; Bård Eirik Hallesby Norheim, Kan tru praktiserast? Teologi for kristent ungdomsarbeid (Trondheim: Tapir Akademisk 2008): 117-125.

[11] Norheim, Kan tru praktiserast?, s.97-100; Stephen Cottrell, «Letting Your Actions Do the Talking: Mission and the Catholic Tradition,» i: Ancient Faith, Future Mission: Fresh Expressions in the Sacramental Tradition, red. Steven Croft, et.al. (New York, NY: Seabury Books 2010): 50-64.

[12] Jf. Salme 40:4 (v. 3 i engelske utgåver).

[13] Matt 16:13-20; Apg 9:31; Apg 20:28; 1Kor 1:2; Ef 1:15-23; Ef 5:23-32, etc.

[14] Ef 2:10.

[15] Jf. Ef 2:8-9.

[16] Jf. Fil 2:12-13. Sjå også Confessio Augustana V.

[17] Jf. Kvalbein, Fortolkning til Matteusevangeliet, bind I, s.240. Sjå også Ef 4:1-6.

[18] Jf. Luk 10:38-42.

[19] Frå salmen «Kor mykje stort,» som Mathias Orheim gav ut i si fyrste diktsamling Heimlokk i 1903. Den er å finne i Sangboken (Oslo: Lunde 1984), nr.203. Sjå meir her.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s