MÅ vi seie Javeh?

Med meir eller mindre jamne mellomrom kjem eg over påstanden at vi, som kristne, eigentleg bør bruke – dvs. skrive og seie – Guds namn i Det gamle testamente, YHWH, som truleg kan uttalast Javeh. Eg møtte denne påstanden seinast for nokre dagar sidan. Og då er sjølvsagt spørsmålet, bør eller må vi som kristne seie Javeh (eller eventuelt andre versjonar av dette)? Det korte svaret er nei. Det ‘lange’ svaret kjem her:

Jødane byrja tidleg å la vere å bruke Javeh, av respekt for Herren. Når dei kom over YHWH, sa dei konsekvent Adonai, ‘Herre.’ Nokre kristne, i hovudsak små sekter som er påverka av JV – som altså ikkje er ei kristen rørsle – hevder at vi MÅ bruke Javeh (eller helst Jehova). Grunnen til det er visstnok at det var dette namnet Gud har gjeve seg sjølv, og då vil han at vi skal bruke det. Visstnok. Men er denne påstanden rett? For det fyrste er det rett at Gud gav seg sjølv dette namnet, i 2Mos 3:14 (jf. v.11-15). Men etter kvart slutta ein å uttale dette, av respekt. Eller ‘overtru,’ som eit ‘vitne’ sa til meg for nokre år sidan.

Men går vi til den greske nytestamentlege grunnteksten så ser vi jo at ein har halde fram med den jødiske tradisjonen om å seie ‘Herre’ der den hebraiske teksten har YHWH. I Mark 12:29, t.d., ser vi at Jesus siterer Shema, den Israelske truvedkjenninga, (5Mos 6:4). I den greske teksten bruker ein medvite kyrios, ‘Herre,’ sjølv om den hebraisk teksten bruker YHWH, i tråd med jødisk-liturgiusk bruk. Dette vert skjult i Jehovas vitner-omsetjinga, som bruker ‘Jehova.’

Men dersom det var godt nok å seie ‘Herre’ (kyrios eller adonai) for Jesus, er det godt nok for meg.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s