Kyrkja er kyrkje

I ein kommentar om folkekyrkja og dei lokale aktivitetane som skjer der skriv Åsta Årøen at ho synst det er dumt at fokuset er på «høymesser og seremonier.» Ho påpeiker at det ikkje berre er dei gudstenestelege handlingane[1] som trekker folk til kyrkja:

I løpet av 2013 gjennomførte vi i vår menighet, sammen med alle de andre menighetene i Bergen kirkelig Fellesråd en besøksmåling. 21.400 personer var innom dørene i løpet av uken målingen ble foretatt, 17.744 deltok på andre aktiviteter enn gudstjeneste. Kirkeaktiviteter er altså både småbarnstreff, barneklubber, ungdomsgrupper, kor, vegetarmiddag, små samtalegrupper, eldre treff, aktiviteter for flerkulturelle, gudstjenester, kulturarrangement, rett og slett mye forskjellig for både barn og unge, voksne og eldre. Alle våre aktiviteter blir planlagt ved hjelp av teamarbeid mellom stab, MR, frivillige lag og dedikerte ildsjeler. Noe gjør vi i samarbeid med offentlige aktører. …

Er en liten samtalegruppe mindre verdt enn det å delta på en gudstjeneste? Det er faktisk mange andre ting enn dåp og monologer fra prekestolen som er interessant. Historisk sett har begrepet kirke sitt utspring i private hjem, som etter hvert har utviklet seg til fellesskap knyttet til tro. Det er mange steder en lang vei fra dette til dagens seremonier og høymesser.

Eg skal ikkje her bruke tid på hennar historiske påstandar om liturgi og utviklinga frå det ‘primitive’ til ‘dagens seremonier og høymesser.’ Det kan de lesa andre stader.[2] Men eg trur det er viktig å understreke problemet her. Årøen seier at gudstenestane er ‘verdifulle møtesteder,’ men at vi ikkje må setje så stort fokus på dei. Her vitnar ho om ein manglande forståing av kyrkja sin eigenart, og eigenarten ved religion.

For det er nettopp ‘messene og seremoniane’ som er konstituerande for kyrkja som kyrkje. Gudstenesta – med fokus på ordet og sakramenta – er det heilt sentrale i det kristne livet, og ikkje berre “verdifulle møtesteder.” I Confessio Augustana, art. VII står det at det er “éi heilag kyrkje,” og at kyrkja er “forsamlinga av dei heilage, der evangeliet vert lært reint og sakramenta forvalta rett.” Utan ‘messene og seremoniane’ – utan forkynninga av ordet (om det skjer dialogisk eller monologisk) og forvaltinga av sakramenta – har vi inga kyrkje etter luthersk tenking.

Kyrkja er ikkje ein ‘fritidsklubb,’ og vi vil råtne på rot om vi trur vi er det. Vi vil uansett aldri klare å konkurrere med andre, som ‘fritidstilbod.’ Og gjer vi det, så mister vi perspektivet på kva vi er som kyrkje.

Som eg ofte seier må vi fokusere meir, ikkje mindre på kyrkja sine kjernepraksisar.[3] Det er Jesus og nådemidla, ikkje middag og babysang, som er sentrum i kyrkja sitt liv.

Noter

[1] Alle seremoniar i Den norske kyrkja er definert som gudstenester, jf. dei allmenne føresegnene i gudsteneste- vigsels- og gravferdsbøkene.

[2] Eg tilrår å lese Fr. Timothy Finigans essay «Sacred and Great. Traditional Liturgy in a Modern Parish,» som er tilgjengeleg på nett, i pdf-format.

[3] Jf. Bård Norheim sine tankar om (mellom anna) kristent ungdomsarbeid i boka Kan tru praktiserast? Teologi for kristent ungdomsarbeid (Trondheim: Tapir Akademisk 2008), i dokorgraden Practicing Baptism: Christian Practices and the Presence of Christ (Pickwick Publications 2014), og i ein av artiklane på nettsidene Ungdomsarbeid.no. Mine eigne refleksjonar omkring kristent ungdomsarbeid finst her på bloggen. Sjå også «Disiplar i folkekyrkja,» Bjørgvin biskop Halvor Norhaug sitt foredrag til prestane i bispedøme på Stiftsmøtet i Ulvik, 2.-4. september 2014.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s