Å sjå Guds nærver i menneska

No som vi nærmar oss allehelgensdag eller helgemessedag, vil eg berre ta fram to sitat som passar bra til det, og som får fram det store i mennesket – det som er til det gode, men som også kan bli til noko vondt om vi forvrenger det. Det vi treng er altså å leve i nåden, og bli forma av den, i Gud. Vi må rett og slett bli helgnar.

Då let eg ordet over til Arnfinn Haram of C.S. Lewis.

Arnfinn Haram:[1]

Når såg du sist på eit menneske og tenkte: Her ser eg eit bilete av Gud? Vi lever i ei tid der vårt bilete av mennesket er svært fordunkla – av ideologisert utviklingslære, av materialistiske filosofiar, av sekulariserte psykodisiplinar og av vår eiga egoisme, ikkje minst. Vi vassar i medmenneske som vi anten reduserer til nyttige reidskapar for vår eiga lukke eller overser, foraktar eller hatar fordi dei har gjort noko kritikkverdig eller rett og slett er usympatiske og uinteressante. Som kristne skulle vi istaden sjå på vårt menneskelege samfunn som ein ikonostas; ein biletvegg der noko av den guddomelege røyndomen strålar mot oss. Bak det minste menneske står den Allmektige som verje, som skapar, som opphavsmann. Kvart menneske er hans augnestein, kvar levande sjel var verdt hans blod. Og nettopp når vi ser mennesket på sitt mest fornedra og forkrøpla, nettopp då treng vi eit syn som ser den guddomelege signaturen. Eit slikt syn, eit slikt blikk på mennesket fører oss nærare mennesket – og nærare Gud. “Eg møter Gud når eg er på fjelltur,” seier mange. Eg spør: Kva med ein bytur…?

Lewis:[2]

People often think of Christian morality as a kind of bargain in which God says, ‘If you keep a lot of rules I’ll reward you, and if you don’t I’ll do the other thing.’ I do not think that is the best way of looking at it. I would much rather say that every time you make a choice you are turning the central part of you, the part of you that chooses, into something a little different from what it was before. And taking your life as a whole, with all your innumerable choices, all your life long you are slowly turning this central thing either into a heavenly creature or into a hellish creature: either into a creature that is in harmony with God, and with other creatures, and with itself, or else into one that is in a state of war and hatred with God, and with its fellow-creatures, and with itself. To be the one kind of creature is heaven: that is, it is joy and peace and knowledge and power. To be the other means madness, horror, idiocy, rage, impotence, and eternal loneliness. Each of us at each moment is progressing to the one state or the other.

Kjelder:

[1] Arnfinn Haram, “Å leve i medvit om Guds nærver,” i Arken-hefte, nr. 1 (ny serie) (Classica Forlag 1993): 4.

[2] C.S. Lewis, Mere Christianity (London: HarperCollins 2001): 92.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s