‘Religion’ vs. ‘relasjon’

Blant vår tids kristne, og kanskje spesielt protestantar av ein meir evangelikal legning er det vanleg å hevde at kristendommen ikkje er ein religion. Dette kan vi mellom anna sjå i denne YouTube-videoen, som snart er sett 30 millionar gonger:

Problemet med dette er at ein ikkje skjønar kva ‘religion’ tyder, og ein uttalar seg på måtar som ‘vanlege folk’ ikkje forstår. For det er ingen i det tidlegare kristne Europas Corpus Christianum som ville hevde noko slikt. Kanskje er dette eit ‘symptom’ på at vi ikkje lenger lever i eit kristent samfunn slik, t.d., Luther gjorde. Vi lever i eit seinmoderne (evt. ‘postmoderne’) samfunn, der pluraliteten ‘styrer.’ For nokre refleksjonar omkring dette, les Bård Norheims bok Practicing Baptism: Christian Practices and the Presence of Christ (Eugene, OR: Pickwick Publications 2014). Denne er basert på doktorgraden hans.

Men kva tyder eigentleg ‘religion’? Går vi til ordboka, ser vi at ‘religion’ tyder “tru på at det finst andre eksistensformer eller høgare makter enn dei ein kjenner frå den sanselege verda, meir eller mindre blanda med kultus og etikk.” Vil dei som hevdar at kristendommen ikkje er religion hevde at dei ikkje trur at det “finst andre eksistensformer eller høgare makter enn dei ein kjenner frå den sanselege verda,” at trua ikkje har ein viss kultus (lovsong, bøn, etc.), og at trua ikkje har noko å gjere med det å leve eit etisk liv?

Nei, det trur eg ikkje, og faktum er jo at det ofte er desse som er flinkast til å påpeike at vi treng å leve eit kristent liv, eit liv i ‘disippelgjering,’ der vi vert gjort til læresveinar som ikkje berre trur alt Jesus seier, men heldt [dvs. handlar på] alt det han har bode oss, i hans kraft (jf. Matt 28:18-20). Dette er ein av dei tinga som eg meiner er best med denne type kristendom. Eit godt døme på dette finn vi i det nyoppstarta nettverket Influx. Slike ting er bra. Men dette er religion. For religion er relasjon. Religion kjem av det latinske religare, ‘å binda fast,’ i tydinga det bandet – eller relasjonen – religionen gjev oss med Gud.

Men det mest interessante meiner eg er å faktisk sjå kva Bibelen, og kanskje spesielt Det nye testamentet, seier om saka. Det greske ordet for religion er θρησκεία (thræskeía). Det tyder religion is sin praktiske gestalt. Vi finn dette ordet tre (fire gonger) i Det nye testamentet. Den mest interessante er Jakob 1,26-27. Der finn vi ordet to gonger, i tillegg til adjektivet θρησκὸς (thræskòs, ‘religiøs’):

26 Om nokon hevdar han er religiøs [θρησκὸς], men ikkje tøymar tunga, narrar han seg sjølv, og religionen [θρησκεία] hans er utan verdi. 27 Ein rein og feilfri religion [θρησκεία] for Gud, vår Far er dette: å sjå til enkjer og foreldrelause born i deira naud, og ikkje la seg flekka til av verda.

Religion er altså det praktiske kristenlivet – med vekt på det etiske og kultiske. Med vekt på teneste og tilbeding. Og dette er jo også det ein har fokusert meir og meir på i dei siste tiåra, gjennom ‘the Christian practices paradigm,’ spesielt i boka av Norheim som eg viser til oppfor. Les gjerne også andre ting av Norheim, slik som denne artikkelen og denne boka. Les gjerne denne boka også.

Poenget mitt er dette: Når vi hevdar at kristendommen ikkje er ein religion, så snakkar vi usant, samstundes som vi også fjernar oss meir enn vi strengt tatt treng frå folk som har andre religionar. Og dét er vel ikkje akkurat eit misjonalt sjakktrekk.

 

3 comments on “‘Religion’ vs. ‘relasjon’

  1. Ordet “rellion” har fått en ny betydning hos evangeliske kristne. En negativ betydning. Religion har blitt noe upersonlig son prestene syssler med. Religiøse show. Evangelisk kristendom er personlig liv med Gud, min egen tro, lesning av skriften, bønn og lovprisning.

    Det er veldig bra at kristne fjerner seg fra andre religioner. Men hva var det Paven gjorde på sitt besøk i Tyrkia nylig? “en gest for å uttrykke en felles tilbedelse av Gud” ble det sagt på NRK nyheter.

    Jeg har det fra NRK nyheter 29.11.2014:
    (Angående pavens besøk i den blå moskee i Istanbul)

    http://tv.nrk.no/serie/dagsrevyen/NNFA02112914/29-11-2014#t=9m27s
    +

  2. For å bruke en god, gammel kristen klisje: “Religion er menneskets forsøk på å nå opp til Gud, mens Jesus er Guds forsøk på å nå ned til mennesket.” Derfor synes jeg det er tragisk at Jesu revolusjonære budskap hele tiden degraderes til nok en menneskelagd religion. For jeg tror faktisk han var Guds Sønn – noe helt annerledes enn alt det andre.

    http://ord8liv.wordpress.com/2014/11/21/eksperimentet/

    Jesus kom ikke for å fornye jødedommen. Jeg tror heller ikke Han kom for å tilføre den romerske/greske mytologien nye dimensjoner. Nei, jeg tror Jesus kom med noe radikalt nytt. Noe som var helt uhørt. Noe som innebar en total omvendelse fra tidligere måter å tenke på.

  3. Eg trur du skal slite for å finne den definisjonen på religion i ei einaste lære- eller ordbok. Religion betyr IKKJE menneskets forsøk på å nå opp til Gud.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s