I truvedkjenninga vedkjenner vi at vi trur på «ei heilag, allmenn kyrkje» og «eit samfunn av dei heilage.» Det interessante med uttrykket «eit samfunn av dei heilage» er at den latinske originalen, communio sanctorum, kan vere både hannkjønn, slik at det betyr eit eit samfunn av dei som er heilage, dvs. dei som Gud gjorde heilage i dåpen då han tok dei til seg som sine born, og inkjekjønn, slik at det betyr eit samfunn som samlar seg omkring det heilage, dvs. ordet, dåpen, nattverden, bøna, etc. Men desse to står ikkje i motsetnad til kvarandre. Kyrkja er dei heilage som samlar seg omkring det heilage. Å vere kristen handlar ikkje berre om å vere døypt, det handlar også om å leve i dåpens nåde, og om å møte Gud i det konkrete, og framst av alt dei stadene der han sjølv har gjeve oss.
One thought on “Communio sanctorum”