Preike på Maria bodskapsdag

Denne preika heldt eg på sundag, 22. mars, men eg postar den her i kveld, då Maria bodskapsdag er 25. mars. (Litt bakgrunn: Det var fire dåp i gudstenesta.)

Tekstar (Dnk, andre tekstrekke): Jer 33,14-17; Ef 1,3-6; Luk 1,46-55 (Magnifikat).

______________________________

Det står skrive i evangeliet etter Lukas:

«Mi sjel høglovar Herren,
og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar.
For han har sett til si tenestekvinne i hennar fattigdom.
Og sjå, frå no av skal alle slekter prisa meg sæl,
for store ting har han gjort mot meg,
han, den mektige; heilagt er hans namn.
Frå slekt til slekt varer hans miskunn
over dei som ottast han.
Han gjorde storverk med sin sterke arm;
han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet.
Han støytte stormenn ned frå trona
og lyfte opp dei låge.
Han metta dei svoltne med gode gåver,
men sende dei rike tomhendte frå seg.
Han tok seg av Israel, sin tenar,
og kom i hug si miskunn
slik han lova våre fedrar,
Abraham og hans ætt, til evig tid.»

Slik lyder det heilage evangeliet.
Gud vere lova!

I dag feirar vi Maria bodskapsdag; at engelen Gabril kom til Maria for å kunngjera for henne at ho var utvalt av Gud for å bere fram frelsaren, Jesus.

Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hjå Gud.
Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,
og du skal gje han namnet Jesus.
Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.
Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.
Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,
og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.

Å vere gravid, og å få born, kan vere fantastisk. Som vi song: «Det skjer et under når barnet møter oss hud mot hud.»[1] Men det er ikkje alltid like fint. Maria hadde nok ikkje planlagt dette. Her var det ikkje snakk om å vente til nyåret for å få barnet på seinsommaren og sikra seg barnehageplass. Og heller var det ikkje planlagt på andre måtar. Ho var trulova med Josef, og det passa nok ikkje spesielt godt å få dette oppdraget. «Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?» Engelen svara:[2]

«Den heilage ande skal koma over deg,
og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.
Difor skal òg barnet som blir fødd,
vera heilagt og kallast Guds Son.

Men å skulla forklare dette for sin kommande ektemann, for familien, og kanskje spesielt for naboane, var nok ikkje enkelt. Kven ville tru ho? Eg er usikker på kva eg sjølv ville gjort i møte med ei liknande oppgåve. Ville eg sagt nei? Ville eg rømt? Her er Maria eit førebilete. Ho tok oppdraget. «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.»

Etter dette reiste ho for å vitja slektningen sin Elisabet, som då var seks månadar på veg med han som seinare vart kjent som døyparen Johannes, kanskje for å få støtte i ei vanskeleg tid. Og der, under besøket, braut Maria ut i lovsong – den lovsongen som i dag er evangelietekst.

Mi sjel høglovar Herren,
og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar.
For han har sett til si tenestekvinne i hennar fattigdom.
Og sjå, frå no av skal alle slekter prisa meg sæl,
for store ting har han gjort mot meg,
han, den mektige; heilagt er hans namn.

Maria forkynner, proklamerer, Guds stordom. Ho understrekar at Gud er stor og mektig. Gud er større enn alt. Vi kan ikkje måla han. Det mest korrekte er faktisk å seie at Gud berre er, at han er eksistensen sjølv, at han er den som heldt alt oppe. Vi kan ikkje forstå dette. Gud er eit mysterium. Eit mysterium kan vi ikkje fullt ut forstå. Det er noko vi må oppleve, noko vi må delta i, fyrst ved Guds kall, som blir fullenda i dåpen, som gjennom ordet, forkynninga, bøna, nattverden, lovsongen, gjerningane, osv. Og her ser vi kjernen i dagens evangelium: Gud gir, vi tek imot. Gud kallar, så gir han oss kraft til å svara han.

Gud, den mektige, kalla Maria – og ho høyrde etter. Å høyra er meir enn å berre lytta. Når far min sa «høyr no her,» så visste eg at det var eit kall til ikkje berre å lytta, men til å lyda. Slik er det også med Gud, og vi ser at det er nettopp det Maria gjer. Ho stiller seg til disposisjon. «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.»

Ho diskuterer og slåss ikkje med Gud, slik Jakob gjorde. Ho prøver ikkje å vri seg unna, slik Moses gjorde. Ho prøver ikkje å flykta, slik Jona gjorde. Ho var ikkje ulydig, slik Eva var, men stilte seg lydig til disposisjon. Og slik er ho eit førebilete for oss. Maria er så og seie den kristne prototypen.

For vi er også kalla til eit liv i teneste, takk og lovsong. Vi vart kalla til dette i dåpen. Eg vart sjølv døypt den 23. oktober 1983. Det er min kristne fødselsdag. Då tok Gud imot meg, og frelste meg frå synd og død. Då vart eg sameina med Jesus Kristus til eit nytt liv og innlema i den kristne kyrkja. Då vart eg merkt med det heilage krossmerket † til vitnemål om at eg skulle, og skal, høyra den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus til og tru på han. Vi må hugsa på dåpen vår. At Jesus kom til oss. At vi, gjennom Guds kjærleik, vart fødde på nytt til eit liv i tru og tillit.

Og poenget i dag er ikkje å fokusere på Maria, men han ho peiker på; Jesus Kristus. Han må vere i sentrum. Men det betyr ikkje at Maria er uviktig, eller at vi andre kristne er uviktige.

Jesus seier ein annan stad at han er vintreet, og at vi er greinene. Treet og røtene er sjølvsagt viktigare enn greinene, men det betyr ikkje at greinene er uviktige. Det er jo der frukta kjem. Når eple- eller vinbonden skal hausta frukta plukkar han jo ikkje direkte frå stammen.

Men det er viktig å hugse på rekkefylgja – Jesus fyrst, Gud fyrst, så oss. Dette er den ‘evangeliske rekkefylgja.’ Jesus kjem fyrst, så kan vi svare han i takk og kjærleik. «Mine kjære,» skriv apostelen Johannes, «har Gud elska oss så, då skyldar òg vi å elska kvarandre. … Vi elskar fordi han elska oss først.»[3]

Gud er større enn alt. Han er den som heldt alt oppe. Og i møte med det får vi lov til å ten Gud, og bryte ut i lovsong, ikkje av vår eiga kraft, men i kraft av den nåden Gud gav oss i dåpen. Og det skal vi no få gjere, då vi skal slå opp på nr. 125, for å syngja ein lovsong som er basert på Maria sin lovsong.[4] Men fyrst, ei kort bøn:

Heilage Gud, himmelske Far! Du ville at Son din skule bli sant menneske i Jomfru Maria sitt morsliv. Gjev oss å gjere som Maria; å stille oss til disposisjon for deg, slik at vi kan leve til ære for deg, Far, for Son din, Jesus Kristus, og for Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Noter:

[1] Norsk salmebok 2013, nr. 591: Det skjer et under i verden.

[2] Luk 1,34-35

[3] 1Joh 4,11.19

[4] Norsk salmebok 2013, nr. 125: Guds folk for sin konge skal kveda.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s