Nokre tankar omkring konfirmasjonen

Sidan 1920(!) har konfirmasjonen i Den norske kyrkja primært vore ei velsignings- og forbønshandling, og ikkje primært ei vedkjenningshandling og ein teologi- og bibelkunnskapspresentasjon. Nokre eg har snakka med synst dette verkar rart. Men når eg har snakka med utanlandske vener, spesielt frå England eller USA, vert ein ofte overraska over at vi i Noreg i det heile (spesielt blant folk) ser på konfirmasjonen som ein slangs kristen Bar/Bat Mitzwa. For kva er eigentleg ein konfirmasjon? På nettsidene til Den norske kyrkja står det at konfirmasjonen er «en forbønnshandling,» at «alle konfirmantene kneler ved alterringen» i konfirmasjonsgudstenesta, og at «[p]resten eller konfirmantlæreren din ber for deg.» Dette er det nok ikkje alle som har fått med seg, og eg har fått spørsmål om kvifor ein ikkje lenger må stå å demonstrere bibelkunnskap og vedkjenning. Vel, det siste er ikkje heilt korrekt. Vedkjenninga og forsakinga er ein del av konfirmasjonsgudstenesta, for alle i kyrkjelyden, men det er korrekt at sjølve konfirmasjonshandlinga ikkje lenger er ei vedkjennigshandling og ein presentasjon av teologi- og bibelkunnskap. Men det har det som sagt ikkje formelt vore sidan 1920! Då vart konfirmasjonen definert som ei velsignings- og forbønshandling. Men interessant nok er det jo dette som er den klassiske definisjonen av konfirmasjon, slik det vert praktisert i, t.d. Den romersk-katolske kyrkje og i Church of England.

I sistnemnde går konfirmanten fram til biskopen, og biskopen seier: «(name), God has called you by name and made you his own,» før han legg hendene på hovudet til konfirmanten, og seier: «Confirm, O Lord, your servant with your Holy Spirit.» Dette er faktisk den klassiske definisjonen av konfirmasjonshandlinga. Gud konfirmerer, stadfester, konfirmanten i den kristne trua.

Mange har lært at konfirmasjon tyder stadfesting eller bekrefting, og det er heilt korrekt, men mi erfaring er at mange har blitt fortald at det er konfirmanten som stadfester at han vil halda fram i den trua som vart gjeve han i dåpen. Eg har sjølv tenkt dette. Men etter å ha lest bønene som vi faktisk ber i Den norske kyrkja, og bønene vi ser i den anglikanske konfirmasjonshandlinga, så er det vorte klart at det er Gud som stadfester konfirmanten i dåpsløftene. Det er Gud som styrker konfirmanten; det er Gud som gjev uttrykk for at løftene står ved lag. Det betyr sjølvsagt ikkje at vi ikkje skal handle på desse løftene, eller at ein ikkje også stadfester trua, t.d. gjennom lesing av credo, men det understrekar at Gud er den som primært stadfester/konfirmerer. Det er altså meir korrekt, slik eg ser det, å seie at ‘eg vart konfirmert då og då’ enn ‘eg konfirmerte meg då og då.’ Akkurat som at det heiter at eg vart døypt, ikkje at eg døypte meg.

Den norske kyrkja har altså gått tilbake til det klassiske utgangspunktet, der konfirmasjonshandlinga er ei forbønshandling der Gud konfirmerer konfirmanten, dvs. at Gud stadfester konfirmanten i dåpsløftene, og utustar han. Eg har teke tak i dette, og i kvar bøn eg ber når eg konfirmerer konfirmantane ‘mine,’ seier eg: «… styrk han/henne ved din Heilage Ande…,» då confirmare kjem frå firmare, som betyr å ‘styrke.’ Dette må vi understreke igjen og igjen. Dette handlar ikkje om vårt strev, men om at Gud stadfester at dåpsløftene står ved lag.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s