Jo, Jesus hevda å vere Gud

Det vert ofte sagt at Jesus ikke sa at han var Gud, men problemet med dette er at det er særs misvisande. Eg hadde ein diskusjon ei tid tilbake der vedkommande hevda Jesus aldri hevda å vere Gud, men berre ‘Guds Son,’ og at dette ikkje nødvendigvis tydde at han var Gud, like lite som at Adam er Gud fordi han vert kalla «son til Gud» i Luk 3,38. Han meinte at Jesus hevda å vere Gud i Johannesevangeliet (sjølv om mange også vil hevde at Jesus ikkje kalla seg Gud der heller), men meinte at berre dei synoptiske evangelia var gode nok, og at vi berre kunne ta utgangspunkt i direkte utsegn frå Jesu munn, og ikkje kommentarar lagt til av evangelistane. Paulus var sett på som den store syndaren, som hadde forandra Jesus frå ein enkel og lettfatteleg profet til Gud og Herre.

Det er fleire problem med slike utsagn. For det fyrste ser vi at vedkommande skapar eit skilje, ikkje mellom Jesus og Paulus, men mellom evangelistane på den eine sida og Paulus på den andre. Men kvifor er desse (eller eventuelle utval mellom og i desse) meir truverdige vitne om Jesus lære enn Paulus? Kan ein produsere eit adekvat argument for denne påstanden? Breva til Paulus er ca. 10-20 år eldre enn evangelia. Og at Paulus ikkje traff Jesus, som nokre tek opp, er eigentleg ikkje så sentralt. Når møtte Markus Jesus? Når møtte Lukas Jesus? Og kvifor nytta Lukas og Matteus seg av stoff frå Markus, når vi ikkje veit om han nokon sinne møtte Jesus? Og kvifor er Lukas, som truleg aldri møtte Jesus (Luk 1,1-4) eit truverdig vitne, medan medarbeidaren hans Paulus ikkje var truverdig?

For det andre ignorerer dette all reglar for teksttolking. Eg skreiv ein tekst om teksttolking ei tid tilbake, og ut frå den teksten vil eg her spesielt halde fram det den tysk-amerikanske filosofen Nicholas Rescher kallar for ein ‘eksegetisk tolkingsmetode,’ i boka Philosophical reasoning: A study in the methodology of philosophizing (Oxford: Blackwell 2001): 57-76. Det fyrste prinsippet han held fram er kontekstuell koherens, at vi må gå bort frå ei «survey of possible interpretations» til ei vurdering av rimelege tolkingar slik at ein kan «endeavor to decide which (if any) among them is optimal» (s.71). Han held fram det viktige normativitetsprinsippet, at ei god tolking må visast å passa inn i tekstens (vidare) kontekst og at dette må gjerast så enkelt som mogeleg (s.69-72). Dette poenget er spesielt viktig i denne diskusjonen. Lat oss ta to døme, eit frå Markus og eit frå Johannes.

I prologen til Markusevangeliet (1,2-3) ser vi at Markus siterer profeten Jesaja: «Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette!» I Jesaja står det slik: «Ei røyst ropar: Rydd Herrens veg i ørkenen, jamn ut i øydemarka ein veg for vår Gud!» Jesaja-profetien seier altså at han som skal koma er Gud. Og ifylgje Markus er det døyparen Johannes som ropar ut dette, idet han forkynner at Jesus skal koma (1,4-8). Og ‘overskrifta’ på alt dette (1,1) er altså dette: «Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son.» Vi ser altså at Jesus Kristus, som er kalla Guds Son, vert identifisert som Gud i Jesaja-profetien.

I Johannes-prologen (1,1-18) les vi at i «opphavet var Ordet, Ordet var hos Gud, og Ordet var Gud.» (1,1) Vidare står det at «Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss» og at han er «full av nåde og sanning.» (1,14) Så, i neste vers (1,15) står det at døyparen Johannes seier at dette er den han har vitna om, og i 1,17 ser vi klart at han som kjem med «nåden og sanninga» er «Jesus Kristus.» Det er heilt klart ut frå denne teksten at Jesus er identifisert med Ordet, med Gud som vart menneske.

Og her kjem vi til det som er mitt hovudpoeng. Når Markus og Johannes identifiserer Jesus som Gud (Mark 1,1-3; Joh 1,1-18) kan ikkje vi påstå at Jesus ikkje identifiserte seg som Gud. Når vi les, i Markus-evangeliet at Jesus er ‘Guds Son,’ eller at at han kallar seg ‘Guds Son,’ kan vi kkje tolke dette vekk i frå den (utvida) konteksten det står i. Reglane for teksttolking seier at utsegn i ein tekst må tolkast i sin kontekst, også i lys av det som elles vert skrive i det verket utsegna står i. Det betyr at alt som vert sagt av Jesus i Markusevangeliet må forståast i lys av mellom anna det som står i prologen (1,1-3). Og at alt som vert sagt av Jesus i Johannesevangeliet må forståast i lys av mellom anna det som står i Johannes-prologen (1,1-18). Men også at alt som Jesus seier i Matteus og Lukas også må lesast i lys av konteksten i Markus, då begge desse nyttar seg av han i stor grad. (Eg vil hevde at Jesus vert identifisert som Gud også hjå dei, men eg tek ikkje opp fleire dømer her.)

Grunnen til dette er at vi har ikkje direkte, umediert, tilgang til Jesu ord. Vi kan altså ikkje ta det Jesus sa ut frå den konteksten vi har det frå, fordi det er i denne konteksten vi har fått det frå, gjennom evangelistane og dei andre breva i Bibelen. Å hevde at Jesus ikkje identifiserte seg som Gud, og ikkje hevda å vere Gud, fordi han ikkje sa det direkte (som også er ein diskutabel påstand) er å tru på er ein kontekstlaus ‘Jesus’ som har blitt konstruert ved å fjerne den historiske Jesus frå sin historiske og litterære kontekst.

Ein står sjølvsagt fritt til å hevde at Jesus ikkje er Gud, men ein kan ikkje hevde at dette er basert på ei koherent lesing av evangelia.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s