Forkynne som før?

I gårsdagens utgåve av Dagen (13.04.2016) er eg dels sitert: «Kjetil Kringlebotten, sokneprest i Kvinherad, spør seg hvor troverdig forkynnelsen blir når man ikke har en kirke som backer en opp. Og hva skal han egentlig undervise konfirmantene?» Måten sitatet er oppbygd på, for det til å høyre ut som at dette berre handlar om støtte. Det kan vere fordi Dagen, eller journalisten, nok har eit meir lågkyrkjeleg utgangspunkt. Poenget mitt er ikkje berre at kyrkja skal ‘backe meg opp,’ men at forkynninga mi må vere forankra i kyrkja. Bjørgvin biskop Halvor Nordhaug tek også opp dette, i eit innlegg i Bergens Tidende: «Kirkmøtet slår også fast at alle fortsatt skal kunne formidle sitt syn i undervisning og forkynnelse. Dette er egentlig en selvsagt ting, men flere konservative prester har vært opptatt av å få et forpliktende utsagn fra Kirkemøtet om akkurat dette.»

Men dette er litt misforstått. Poenget er ikkje at eg skal kunna forkynne klassisk kristendom. Sjølvsagt kan eg det. Poenget er at når kyrkja har ny lære kan eg ikkje forkynne det klassiske synet på ekteskapet som kyrkja si lære og som representant for kyrkja. Dette er altså eit kommunions- og lærespørsmål. Ein prest kan forkynne mykje, men han er ordinert for å forkynne kyrkja si lære som kyrkja sin representant. Så med ny lære vil det bli umogeleg å forkynne ut frå ordinasjonsløftet.

Det vi treng, og som er sagt heile tida, er alternativt tilsyn. For når liturgien er klar, så er skismaet eit faktum.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s