Nokre tankar om forslaget til ny vigselsliturgi

No har liturgien for såkalla samkjønna vigsel vore på høyring (sjå her og her),[*] og eg vil her berre kort kommentere eit par ting i den.

I dagens ordning byrjar vigselsritualet med inngang, inngangsord og (evt.) salme, før ein går til tekstlesingane. Slik skal det også vere i den nye liturgien. Men i innleiinga til tekstlesingane står det slik, i den gjeldande ordninga:

Gud har skapt oss til å leva i samfunn med han og med kvarandre. Han har ordna det såleis at mann og kvinne skal vera eitt, og han har stadfest denne sameininga med si velsigning. Ekteskapet er Guds gode gåve.

Å leva saman som mann og kvinne er å leva i tillit og kjærleik, dela gleder og sorger og trufast stå attmed kvarandre livet ut. Guds ord vitnar om ekteskapet at det er heilagt og ukrenkjande.

Her ser vi at velsigninga viser til noko som er skjedd i fortid. Når Gud «har stadfest denne sameininga med si velsigning» er det altså ei referanse til at Gud «har ordna det såleis at mann og kvinne skal vera eitt.» Det viser altså til skapingsordninga, og dette finn altså sin heimel i dei to tekstane som etter dagens ordning alltid skal vere med i ein vigsel, frå 1. Mosebok og Matteus 19:

Gud skapte mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei. Gud velsigna dei og sa til dei: «De skal veksa og aukast, fylla jorda og leggja henne under dykk!» (1Mos 1,27-28a)

Har de ikkje lese at Skaparen frå opphavet skapte dei til mann og kvinne og sa: «Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt.» Så er dei ikkje lenger to; dei er eitt. Og det som Gud har bunde saman, det skal ikkje menneske skilja. (Matt 19,4-6)

Som er rett i ei luthersk kyrkje viser ein altså i dagens ordning til det Gud har gjort, med heimel i Skrifta.

Men i den nye liturgien ser vi noko heilt anna. I innleiinga til tekstlesingane står det slik, i den evt. kommande ordninga:

Gud har skapt oss til å leva i samfunn med han og med kvarandre. Når to menneske vel å leva saman i ekteskap, stadfestar Gud denne sameininga med si velsigning. Ekteskapet er Guds gode gåve.

Å leva saman som ektemakar er å leva i tillit og kjærleik, dela gleder og sorger og trufast stå attmed kvarandre livet ut.

Det er heilt klare problem med denne innleiinga. Der dagens ordning skriv om det Gud har gjort, med heimel i Skrifta, står det i den evt. kommande ordninga at Gud velsignar paret sitt val om å leve i ekteskap. Kor finn vi mandatet eller heimelen til dette? På kva måte kan ein grunngje at Gud stadfestar dei vala vi gjer, «med si velsigning»? I dagens ordning er innleiinga grunngjeve med referanse til 1. Mosebok og Matteus 19, men i den nye liturgien manglar det noko slik grunngjeving. Og viss dette kan innførast utan grunngjeving, kva set då hinder for andre ting? Kan vi seie at Gud stadfester tjuveri, drukkenskap, baksnakking, osv. «med si velsigning»?

Eg vil også kort poengtere at det er veldig interessant (for ikkje å seie trist) at ein i den evt. kommande ordninga har fjerna den siste setninga i innleiinga til tekstlesingane: «Guds ord vitnar om ekteskapet at det er heilagt og ukrenkjande.» Men det er vel kanskje berre å forvente.

Den evt. kommande ordninga kjem altså med påstandar om Gud, om oss menneske og om ekteskapet som ikkje finn heimel verken i Skrift eller vedkjenning. Dette kan vi ikkje godta i ei lutherske kyrkje. Vårt kall som kyrkje er å fylgje Jesus, og han har openbert sin vilje til oss i Skrifta.

[*] Eg var litt oppteken og det gjekk dessverre for seint opp for meg at svarfristen var gått ut. Difor fekk eg ikkje sjølv sendt inn eit svar.

One comment on “Nokre tankar om forslaget til ny vigselsliturgi

  1. Heidi says:

    Det var virkelig pussig at de har kuttet ut den siste setningen i innledningen. Hmm.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s