18. desember: O Adonai

o-antiphons

O-antifonane. Kjelde.

Om dei sju å-antifonane eller o-antifonane, sjå fyrste innlegg i denne serien.

Dagens bøn er O Adonai, og dagens tekst er 5Mos 30,8-11.14a:

Bøn:

O Adonai, sterke Gud.
Du førde Israel bort frå Egyptens treldom.
Du tala til Moses frå flammene åt tornebuska
og gav han lova på Sinai fjell.
Strekk ut din sterke arm!
Frels oss synda sitt åk.

Tekst:

Då skal du venda om og lyda Herrens røyst og halda alle boda hans som eg gjev deg i dag. Gjennom alt du gjer, skal Herren din Gud gje deg rikeleg av alt det som godt er, gjennom frukta av ditt morsliv og frukta av din buskap og frukta av ditt åkerland. For Herren vil atter gleda seg over deg til beste for deg, slik som han gledde seg over fedrane dine, så sant du lyder Herren din Gud og held boda og forskriftene hans som er skrivne i denne lovboka, og så sant du vender om til Herren din Gud av heile ditt hjarte og heile din hug. Desse boda som eg gjev deg i dag, er verken uforståelege eller langt borte. Nei, ordet er deg heilt nær.

Ha ei god adventstid vidare!

[*] Denne er omsett av underteikna, frå bokmål, då dei deuterokanoniske bøkene ikkje er omsett til nynorsk enno.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s