23. desember: O Emmanuel

o-antiphons

O-antifonane. Kjelde.

Om dei sju å-antifonane eller o-antifonane, sjå fyrste innlegg i denne serien.

Dagens bøn er O Emmanuel, og dagens tekst er Jes 8,9-10 og 9,2.6:

Bøn:

O Gud med oss, Immanuel!
Lovgjevar og konge, vi ventar deg med lengsle.
Du er vår von, du er vår frelse.
Atterløys oss, Herre, vår Gud.

Tekst:

Lat hærropet lyda, folkeslag, og bli slegne av skrekk!
Lytt, alle fjerne land!
Rust dykk til strid og bli slegne av skrekk,
rust til strid og bli slegne av skrekk!

Legg ein plan, han skal slå feil!
Sei eit ord, det skal ikkje slå til!
For Gud er med oss.

Det folket som går i mørkret,
ser eit stort lys.
Over dei som bur i dødsskuggens land,
strålar lyset fram.

For eit barn er oss fødd,
ein son er oss gjeven.
Herreveldet er lagt på hans skulder.
Han har fått namnet
Underfull rådgjevar, Veldig Gud,
Evig far, Fredsfyrste.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s