Nokre smått reviderte tankar omkring konfirmasjonen

Eg blogga litt om dette i forfjor også, og denne posten er ein ny versjon av den med litt nytt, basert på nokre diskusjonar på Facebook.

Sidan 1920(!) har konfirmasjonen i Den norske kyrkja primært vore ei velsignings- og forbønshandling, og ikkje primært ein teologi- og bibelkunnskapspresentasjon. Nokre eg har snakka med synst dette verkar rart. Men når eg har snakka med utanlandske vener, spesielt frå England eller USA, vert ein ofte overraska over at vi i Noreg i det heile (spesielt blant folk) ser på konfirmasjonen som ein slangs kristen Bar/Bat Mitzwa. For kva er eigentleg ein konfirmasjon? På nettsidene til Den norske kyrkja står det at konfirmasjonen er «en forbønnshandling,» at «alle konfirmantene kneler ved alterringen» i konfirmasjonsgudstenesta, og at «[p]resten eller konfirmantlæreren din ber for deg.» Dette er det nok ikkje alle som har fått med seg, og eg har fått spørsmål om kvifor ein ikkje lenger må stå å demonstrere bibelkunnskap og vedkjenning. Vel, det siste er ikkje heilt korrekt. Vedkjenninga og forsakinga er ein del av konfirmasjonsgudstenesta, for alle i kyrkjelyden, inkluderte konfirmantane. Vi kunne gjerne gjort meir ut av det, slik ein gjer det i Church of England, der konfirmatoren (biskopen) innleier ved å seie «Brothers and sisters, I ask you to profess together with these candidates the faith of the Church,» før han spør tre spørsmål: «Do you believe and trust in God the Father? … Do you believe and trust in his Son Jesus Christ? … Do you believe and trust in the Holy Spirit?,» der alle, etter kvart spørsmål, svarer ved å seie fram aktuelle trusartikkelen i den apostoliske truvedkjenninga. Sjå Common Worship: Christian Initiation (London: Church House, 2006), s.115.

Men sjølve konfirmasjonshandlinga er ikkje lenger ein presentasjon av teologi- og bibelkunnskap. Men det har det som sagt ikkje formelt vore sidan 1920! Då vart konfirmasjonen definert som ei velsignings- og forbønshandling, innleia av ei vedkjennigshandling. Men interessant nok er det jo dette som er den klassiske definisjonen av konfirmasjon, slik det vert praktisert i, t.d. Den romersk-katolske kyrkje og i Church of England.

I sistnemnde går konfirmanten fram til biskopen, og biskopen seier: «(name), God has called you by name and made you his own,» før han legg hendene på hovudet til konfirmanten, og seier: «Confirm, O Lord, your servant with your Holy Spirit.» Dette er faktisk den klassiske definisjonen av konfirmasjonshandlinga. Gud konfirmerer, stadfester, konfirmanten i den kristne trua. Sjå Common Worship: Christian Initiation (London: Church House, 2006), s.118.

Mange har lært at konfirmasjon tyder stadfesting eller bekrefting, og det er heilt korrekt, men mi erfaring er at mange, kanskje på grunn av samanblandinga av overhøyring og konfirmasjon, har blitt fortald at det er konfirmanten som stadfester at han vil halda fram i den trua som vart gjeve han i dåpen. Eg tenkte også sjølv slik då eg var konfirmant og fleire år etterpå. Men etter å ha lest bønene som vi faktisk ber i Den norske kyrkja, og bønene vi ser i den anglikanske konfirmasjonshandlinga, så er det vorte klart at det er Gud som stadfester konfirmanten i dåpsløftene. Det er Gud som styrker konfirmanten; det er Gud som gjev uttrykk for at løftene står ved lag. Det betyr sjølvsagt ikkje at vi ikkje skal handle på desse løftene, eller at ein ikkje også stadfester trua, t.d. gjennom lesing av credo, men det understrekar at Gud er den som primært stadfester/konfirmerer. Det er altså meir korrekt, slik eg ser det, å seie at ‘eg vart konfirmert då og då’ enn ‘eg konfirmerte meg då og då.’ Akkurat som at det heiter at eg vart døypt, ikkje at eg døypte meg.

Den norske kyrkja har altså gått tilbake til det klassiske utgangspunktet, der konfirmasjonshandlinga er ei forbønshandling der Gud konfirmerer konfirmanten, dvs. at Gud stadfester konfirmanten i dåpsløftene, og utustar han. Dette blir heilt konkret sagt i Dnk sitt informasjonsskriv om konfirmasjonen: «I Den norske kyrkja er konfirmasjonen ei forbønshandling. Ordet konfirmere tyder å stadfeste eller styrke. Det er ikkje ein føresetnad for konfirmasjonen at konfirmanten skal stadfeste noko, det er Gud som stadfester lovnadene sine slik dei vert gitt i dåpen.»

Overfor konfirmantane er eg tydleg på at konfirmasjonsdagen ikkje er eit kunnskapsframvisingsshow. I konfirmasjonen blir vi stadfeste i dåpen av Gud – slik kyrkja alltid har lært og slik Dnk lærer (i alle fall i fylgje informasjonsmaterialet). Eg trur det er viktig å understreke dette økumeniske perspektivet – spesielt sidan vi faktisk er i kommunion med Church of England. I Porvoo-kommunionen vert det understrekt at alle medlemskyrkjene anerkjenner sine konfirmasjonar: «A person who is confirmed in any of the Porvoo churches, whether by a bishop or by a priest, is considered to be confirmed in all other Porvoo churches.» Det må nødvendigvis bety at ein har grunnleggjande same lære om konfirmasjonen i desse kyrkjene. Vi skil jo også heilt medvite i Dnk mellom konfirmasjonstida og konfirmasjonen.

Sjølv tenker eg at konfirmasjonen er ei stadfesting av dåpen der Anden blir gitt på ein spesiell måte til den som blir konfirmert. Dette er også den tradisjonelle tenkinga økumenisk sett, også i Church of England. Så vidt eg veit knyt Church of England dette til Apg 8,14-17. Der les vi om dei kristne i Samaria som hadde komme til tru. Dei vart alle døypte, men apostlane Peter og Johannes reiste dit etter dette og «bad for dei truande, at dei måtte få Den heilage ande» (v.15). For, «Anden var endå ikkje komen over nokon av dei; dei var berre døypte til Herren Jesu namn. No la dei hendene på dei, og dei fekk Den heilage ande» (v.16-17). Det er ikkje noko indikasjon i teksten at dei hadde fått noko inadekvat dåp, men at (denne spesielle) sendinga av Anden er noko heilt eige. Sjølv meiner eg vi burde tenkt sakramentalt om dette. Det krev sjølvsagt ei retenking omkring sakramenta der ein ikkje tenker at eit sakrament berre handler om synd og tilgjeving. Om retenking rundt sakramentsomgrepet vil eg tilrå å lese Wolfhart Pannenberg, Systematic Theology, vol. 3, s.336-369 (kap. 13,III, §3, «The Ambivalence of the Word “Sacrament” and the Special Case of Marriage»). Pannenberg skriv der også litt om konfirmasjonen.

Frå luthersk hald kan vi knytte dette til Luthers tenking rundt det å ‘praktisere dåpen.’ Les gjerne Bård Norheim sine tankar om dette. Han har ein relativ enkel artikkel om dette. Men elles vil eg tilrå å lese boka basert på doktorgraden hans; Practicing Baptism. Vi kan også seie at skriftemålet i praksis er å ‘praktisere dåpen,’ og eg vil påstå at Confessio Augustana held fram skriftemålet som eit sakrament.

Etter å ha skrive om kyrkja (i CA VII-VIII) får vi presentasjonen av sakramenta. Fyrst dåpen (CA IX), deretter nattverden (CA X) og så skriftemålet og atterløysinga, samt frukta som skal komme av dette (CA XI-XII). Fyrst deretter, i CA XIII, kjem artikkelen om bruken av sakramenta. Difor meiner eg at skriftemålet tydleg vert presentert som eit sakrament i vedkjenninga. Men det vert knytt til dåpen (CA XII) og kan, som sagt, kallast å praktisere dåpen (eller å gå tilbake til den tilgjevinga som ligg der). På same måte meiner eg at vi kan tenke om konfirmasjonen. Der stadfester Gud «lovnadene sine slik dei vert gitt i dåpen,» for å sitere Dnk sitt informasjonsbladet om konfirmasjonen. Dermed blir det sakramentalt på same måte som skriftemålet blir det. På same måte som vi i skriftemålet går tilbake til den tilgjevinga som ligg i dåpen så går ein i konfirmasjonen tilbake til Andens gåve i dåpen, jf. orda vi seier etter at vi har døypt nokon: «Den allmektige Gud har no gjeve deg sin heilage Ande, gjort deg til sitt barn og teke deg inn i sin truande kyrkjelyd. Gud styrkje deg [tenk latin firmare] med sin nåde til det evige livet. Fred vere med deg.»

Eg har teke tak i dette, og i kvar bøn eg ber når eg konfirmerer konfirmantane ‘mine,’ seier eg: «… styrk han/henne ved din Heilage Ande…,» då confirmare kjem frå firmare, som betyr å ‘styrke.’ Eg vurderer å gå over til «konfirmér han/henne med Din Heilage Ande,» men då må eg i så fall snakke litt om det i gudstenesta. Dette må vi understreke igjen og igjen. Dette handlar ikkje om vårt strev, men om at Gud stadfester at dåpsløftene står ved lag.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s