Olsok

image
Heilag-Olavs død. Altartavle frå Trøndelag. Truleg måla i Trondheim i fyrste halvdel av 1300-talet. Sjå http://goo.gl/PUamm9.

I dag, 29. juli, er det Olsok – minnedag for Olav Haraldsson eller Heilag-Olav, Noregs skytshelgen og Rex Perpetuus Norvegiae, Noregs ævelege konge. Han er den som har fått ‘æra’ for at Noreg vart verkeleg kristna. Vi kan seie at han fullførte det verk som Olav Tryggvason byrja, då han gjekk i land på Moster i 995.

Olav er ein kontroversiell figur i Noregs historie, og i kyrkjehistoria. På den eine sida er han for mange vorte bilete på den valdelege misjonæren, som kristna Noreg med sverd. Og dette er tildels riktig. Men ein stor grunn til at folk gjekk over til kristendommen var jo også at åsatrua hadde mindre og mindre ‘makt.’ Ein kan jo også spørja seg: Dersom Noreg var så ‘heidensk’ og kristendommen var så ‘ukjent’; kvifor vart då Håkon I (kjent som Håkon den gode) sendt til England for å oppfostrast hjå kong Adelstein? (Han fekk jo også tilnamnet Adelsteinfostre.) På den tida, rundt år 928, var England eit kristent land, og det var jo ikkje akkurat hemmeleg. Men vi feirar uansett ikkje Olsok fordi Heilag-Olav var perfekt.

Dei som søkjer etter den perfekte Olav i den jordlege kongen vil leita forgjeves. Heilag-Olav er helgen, men det var ikkje fordi han var perfekt. Olav-øksa, som vi finn i Den norske kyrkja sitt våpenskjold, er ikkje det Olav brukte for å drepe motstandarane sine, før vart drepen i slaget på Stiklestad.

Som vi ser av (stort sett?) alle bileta som framstiller Heilag-Olavs død,[1] slik som biletet på venstre sida, var primærvåpenet hans eit sverd. Dette sverdet, som skal ha vore eit gamalt vikingsverd, kasta han frå seg på slagmarka, for å kutte alle band til heidendomen, og gje seg sjølv over til Gud, til Kristus. Han vart sjølv vert drepen av (mellom anna) ei øks. Det vi kan lære av dette, er at det ikkje er Heilag-Olav sitt aktive, jordlege kristningsverk som er viktig i hans helgenkult, men hans martyrium, hans død.

Olav vart mykje viktigare for Noreg, og for kristninga, i sin død enn i sitt liv. Han vart drepen, men i sin død vart han mykje sterkare, ikkje fordi han var ein Jedi-riddar ved namn Obi-Wan, men fordi det er sant det Paulus skriv i 2Kor 12:9-10:

Men Herren sa til meg: “Min nåde er nok for deg, for krafta blir fullenda i veikskap.” Difor vil eg helst vera stolt av veikskapen min, så Kristi kraft kan bu i meg. Og difor er eg, for Kristi skuld, glad når eg er veik, når eg blir mishandla, når eg er i naud, i forfølging og i angst. For når eg er veik, då er eg sterk.

La oss syngje Olavs-hymnen, ikkje, som presten Per Erik Karlsson Brodal seier, den ‘puritaniserte’ utåva i Norsk salmebok (2013, nr. 249), men den opphavlege (kopiert herifrå):

Olav konge vil vi ære,
Herrens vitne utan svik,
krossens merke vil han bere,
med ei von som aldri vik.
Til Guds heider får han vere
sjølv i døden sigerrik.

Livsens ljos til oss han leier,
pløyer djupt i hjartegrunn;
livsens sædekorn han spreier,
som ber frukt i Herrens stund.
Når den nye von seg breier,
tagnar kvar ein heidnings munn.

Mørker kverv i nye tider
bort frå landet vårt i nord;
harde hjarto vert omsider
mildna ved det sæle ord.
Folket mellom fjell og lier
lovar Herren, trifelt stor.

Døypte lyfter sine hender,
lovar Krist i dåpens bad;
trua som Guds Ande tenner,
bryt no fram på kvar ein stad.
For den trøyst som tyngsla vender,
takkar folket med sitt kvad.

Fast i vona du oss halde,
om ei stødig ånd vi bed,
som kan bere martyrkallet
med den tôl du kjennest ved,
for den gleda du oss alle
vil med dine englar gje.

Deg, Gud Fader, vere ære,
deg, Guds Son, som har oss løyst,
Heilagande, som vil vere
oss til helging og til trøyst!
For Guds vitne vil vi bere
fram vår takk med fagnadrøyst.
Amen.

Lat oss be.

Allmektige Gud, vi takkar for dine bod til vårt folk, dei som sådde ordet, reiste krossmerket og skipa kyrkja i fedrelandet vårt. Lat kyrkja di her hjå oss halda kallet levande, så vi med truskap og kraft forkynner evangeliet klårt og reint. Lær oss å byggja landet med lov, til di ære og til signing for folket. Ved Son din, Jesus Kristus, våre Herre, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud, frå æve og til æve. Amen.[2]

Heilag-Olav, be for oss!

Noter:

[1] Sjå her, her, og her.

[2] Kollektbøn for Olsok, Dnk.

Advertisements

«Han skal veksa, eg skal minka»

I dag feirar vi Jonsok eller St. Hans, som etter tradisjonen er minnedagen for Johannes døyparen sin fødsel. Den er lagt til 24. juni (sjølv om ein kanskje trur det er 23. juni, som er jonsoksaftan, kvelden før). Dette har også vore knytt til sommarsolkverv, som i år er 21. juni, og til vintersolkverv, eit halvt år seinare, i år den 22. desember. Dette har ein også, symbolsk sett, knytt til Kristi fødsel, og her trur eg det passar fint med nokre ord frå Johannes døyparen sjølv, det eg kallar hans program: «Han skal veksa, eg skal minka.» (Joh 3,30) Sola minkar nemleg eigentleg etter sommarsolkverv, og minkar fram mot vintersolkverv. Som ei sol set Johannes lys på Kristus for oss. Han vil ikkje at vi skal fokusere på han. Men kvifor gjer vi det, då?

Vel, ofte er det slik at dei som ikkje set seg sjølv høgast er dei vi burde sete høgast. Dei som ikkje hevdar seg sjølv, men audmjukt peiker på andre, og som peiker på Kristus. Dei er gode førebilete. Dei er ikkje idol, dei vil ikkje at dei skal ha hovudfokuset. Sjølv synst eg det er interessant at vi i det heile teke har (eller kanskje hadde) eit program som Idol. Ordet er eigentleg gresk, og vert i Det nye testamentet brukt om avgudar. Ein avgud treng ikkje vere Tor, Odin, Zevs eller Jupiter. Alt eller alle som ein set høgare enn Gud vert ein avgud, eit idol. Det vi må gjere er å ha døyparen Johannes som førebilete. Det betyr ikkje at vi skal fokusere på han, men det motsette, at vi må gjere som han. Vi må, som det står i Hebrearbrevet, ha «blikket fest på Jesus, trua sin opphavsmann og fullendar» (Hebr 12,2). Dette inneber fyrst og framst at vi innser at dette ikkje er noko vi skapar av eiga kraft. Jesus er både opphavsmann og fullendar. Det er han som er verksam. Han er som surdeigen, som skal få prege oss meir og meir. Han skal veksa, vi skal minka.

Vi må fokusere på Jesus i alt vi gjer. For når vi praktiserer eller gjer kristne aktivitetar, kva er det som gjer desse til kristne aktivitetar? Alle kan dele eit måltid saman, alle kan be ei bøn. Kva er det med ein praksis som gjer den kristen? Jo, det er Jesu nærver i praksisen, og i den praktiserande, og Heilagandens virke. Kristus virkar i oss, i og ved Den Heilage Ande.

Vi har mykje å lære av døyparen. Han var ein profet som peika på Jesus og som, lik sola, gradvis minka for å gje plass til Jesus. Lat oss be om at vi også gradvis kan få større og større fellesskap med Jesus, del i det store mysteriet at vi får lov til å ha fellesskap med Gud.

Lat oss be:[*]

Allmektige Gud, lat borna dine vandra på vegen som fører til frelse: Hjelp oss å ta imot det som forløparen, den sæle Johannes, forkynte, så vi kan nå fram til han som Johannes bana veg for, vår Herre Jesus Kristus, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

[*] Dels basert på kyrkjebøna på minnedagen for døyparen Johannes i den romersk-katolske messeliturgien.

Preike 5. søndag i påsketida 2015

Her er preika eg hadde i Veitastrond kapell, i går, 3. mai. Teksten her er nok ikkje heilt identisk med den eg framførde, men det er sjeldan slik. Fotnotane vart ikkje nemnt i preikesituasjonen, men er teke med her for at folk skal kunne sjekke referansane mine om dei ynskjer det.

Tekstar: Apg 2,42-47; Rom 12,1-3; og Luk 13,18-21.

______________________________

«Kva skal eg samanlikna Guds rike med?» spør Jesus, og så gjev han to liningar: «Det er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i hagen sin. Det voks og vart til eit tre, og fuglane under himmelen bygde reir i greinene på det.» Og vidare: «Det er likt ein surdeig som ei kvinne la inn i tre mål mjøl til alt var gjennomsyra.»

Fellesnemnaren i desse to likningane er at noko lite kan ha stor kraft, og kan styre utviklinga av noko større. Eg vil her ta utgangspunkt i det andre biletet: om surdeigen. Eg veit ikkje om de har bakt surdeig før. Eg har det ikkje, men eg har tilgang til internett, og har der funne ut at det er ytterst lite som skal til for at surdeigen, eller surdeigskulturen, gjennomsyrer brødet.[1] Den står faktisk for ca. 4-5 prosent av innhaldet, men den gjennomsyrer heile deigen.

Det er altså dette Jesus samanliknar Guds rike med. Men kva meiner han med det? Her trur eg vi må sjå på nytt på dei andre tekstane vi las, fyrst frå Apostelgjerningane, kap. 2. Her les vi om dei fyrste kristne, og det levesettet dei hadde. Det står:

42 Dei heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene. 43 Kvar og ein vart gripen av ærefrykt, og mange var dei under og teikn apostlane gjorde. 44 Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag. 45 Dei selde eigedomane sine og anna gods og delte ut til alle etter som kvar trong det. 46 Med eitt sinn samla dei seg kvar dag på tempelplassen, og i heimane braut dei brødet og åt i lag med ekte og inderleg glede. 47 Dei song og lova Gud og var godt lika av alt folket. Og kvar dag la Herren til nye som lét seg frelsa.

Her ser vi at Guds rike – Guds nærver i den kristne, med Jesus som Herre – fekk prega dei fyrste kristne på ein slik måte at dei levde eit radikalt liv. Ordet ‘radikal’ kan misforståast, og ofte trur folk at det betyr kaos. Men ordet ‘radikal’ kjem av det latinske ordet radix, som tyder ‘rot.’ Å vere ‘radikal’ betyr altså å gå til rota, å søkje sentrum. Ein radikal kristen blir då ein som søkjer Kristus, og let han prege livet sitt. Jesus skal gjennomsyre våre liv. Vi skal leve i lys av oppstoda, og la dette prege oss i liv, og i død. Og her kjem vi til den andre teksten, frå Romarbrevet: «Og innrett dykk ikkje etter denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan dømma om kva som er Guds vilje: det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne.»[2] Her ser vi at den kristne radikaliteten handlar om å vende om til Gud. Ein slik radikalitet kan få mange uttrykk, og det har ikkje noko direkte å gjere med politikk, hverken det liberale eller det konservative.

Men dette biletet er ikkje utelukkande positivt. I Bibelen har surdeigen to biletlege funksjonar; den er eit bilete på Guds nærver, Jesu nærver, i den kristne, men den kan også vere eit bilete på synda som ei gjennomsyrande kraft. Litt synd kan korrumpere ein person. Det vert som med korrupsjon. Sjølv om ein person berre tar litt pengar, og er litt korrupt, så kan dette over tid gjennomsyre personen. Difor treng vi å la Jesus gjennomsyre oss, og renske ut den vonde surdeigen, synda. Vi må søkje sentrum, søkje oss til rota, vende om til Gud.

Ein som for meg så og seie kroppsleggjorde denne form for radikalitet var den no avdøde katolske presten Arnfinn Haram. Han levde eit radikalt liv, i fattigdom, som munk. Han var også djupt konservativ, idet han heldt seg trufast til læra, til det kristne og kyrkjelege fellesskapet, med dei reglar og skikkar som gjeld der, til brødsbrytinga, nattverdfeiringa, og til bønene. Han var ikkje ute etter å vere nokon reformator. Han søkte rota, han søkte sentrum, han søkte opphavet, han søkte Kristus. Men dette var ikkje noko nytt eller spesielt. Dette er vi alle kalla til.

Vi må, som det står i Hebrearbrevet, ha «blikket fest på Jesus, trua sin opphavsmann og fullendar.» Dette inneber fyrst og framst at vi innser at dette ikkje er noko vi kan koke ihop av eiga kraft. Jesus er både opphavsmann og fullendar. Det er han som er verksam. Han er surdeigen som vi fekk i dåpen. Og gradvis skal denne surdeigen få prege oss meir og meir. Men akkurat som ein kan øydeleggje ein surdeig, eller ein surdeigskultur, så kan vi hindre at Jesus får prege livet vårt. Og dette er grunnen til at eg her vil slå eit slag for ein genuin kristen praksis, eit genuint åndeleg liv. Men då må vi jo spørje: Kva er det som gjer ein praksis spesifikt kristen? Alle kan dele eit måltid saman, alle kan be ei bøn. Kva er det med ein praksis som gjer den kristen? Jo, det er Jesu nærver i praksisen, og i den praktiserande, og Heilagandens virke. Kristus virkar i oss, i og ved Den Heilage Ande.[3]

Når alt kjem til alt handlar det om praktisk religionsutøving, om det gjensidig avhengige forholdet mellom lære og liv. Det handlar om at vi heile tida minner oss om den grunnleggjande sanninga i tilværet: At vi høyer Gud til, at han gir, og at vi tek imot.[4] Det kristne livet er fyrst og framst gitt oss som ei gåve. Som kristne er vi læresveinar, og ein læresvein er ein som fylgjer ein meister, som høyrer denne meisteren til, og som er i ein læreprosess, eller ein gjennomsyringsprosess. Men felles for alle læresveinar, uansett kva stadium ein er på i livet, er at ein må ha «blikket fest på Jesus.» Vi er ikkje utlærte, men vi vandrar saman med Jesus, saman med Gud. Dette handlar ikkje fyrst og framst om å ha så og så mykje kunnskap, men om å ha del i Guds liv, «del i guddomleg natur,» som apostelen Peter seier.[5] Vi har del i det Bibelen kallar for løyndomen eller mysteriet; vår relasjon til Gud. Det er noko vi ikkje heilt kan forklare, men som må erfarast. Vi kan ikkje be-gripa det fullt og heilt i dette livet, men vi kan gripa det, mellom anna i Bibelen, i det kristne og kyrkjelege fellesskapet, i nattverden, i bøna. Det sentrale er vår praksis, det livet vi lever som kristne.

Men det er igjen viktig å påpeike at dette ikkje handlar om vårt eige strev, men nettopp om det fellesskapet vi har til Gud, der han alltid er større. Når vi lovsyng, så er det fordi Gud fyrst har lagt lovsongen ned i oss.[6] Når vi samlar oss saman til gudsteneste, så er det fordi Gud i dåpen fyrst har kalla oss og samla oss saman som éi kyrkje.[7] Når vi gjer gode gjerningar, så er det fordi Gud på førehand «har lagt [dei] ferdige så vi skulle vandra i dei.»[8] Alt saman er forankra i Guds gåve, i Guds nåde. Gud gir, vi tek imot, og så får vi lov til å gi dette tilbake – i bøn, lovsong, misjon, kjærleiksgjerningar, osv. – ikkje av eiga kraft, men gjennom Gud, ut frå det han har gjeve oss.

Kjernen i dagens evangelium er dette: At noko som kan sjå lite ut, nemleg den spira til tru som vert gitt deg i dåpen, kan veksa å bli noko stort, dersom du lét det skje, dersom du heldt deg nær til Jesus, og lét han gjennomsyre deg, ditt liv, din praksis på ein slik måte at han er Herre. Då kan du, som Jesus seier, leve eit liv der du elskar Gud «av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit og av all di makt,» og der du elskar «nesten din,» medmenneska dine, «som deg sjølv.» For du leve i det, seier Jesus, er du «ikkje langt borte frå Guds rike.»[9]

Lat oss be:[10]

Herre Gud, himmelske Far, du har ved Son din, Jesus Kristus, oppretta ditt rike her på jord, blant oss og i oss. Vi bed deg: Vara oss i din kjærleik, så vi kan bera rik frukt, som greiner på det same vintreet, og leve til ære for deg, Far, for Son din, Jesus Kristus, vår Herre, og for Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Noter:

[1] Sjå Surdeig.no.

[2] Rom 12,2

[3] Sjå denne artikkelen av Bård Norheim, samt boka hans Practicing Baptism: Christian Practices and the Presence of Christ.

[4] Sjå Knut Alfsvåg sin artikkel «Luthersk spiritualitet: Om lære og liv i den éne, kristne kirke» (Dansk tidsskrift for teologi og kirke 40:1, 2013): 42-56.

[5] 2Pet 1,4

[6] Jf. Salme 40,4.

[7] Jf. Matt 16,13-20; Apg 9,31; Apg 20,28; 1Kor 1,2; Ef 1,15-23; Ef 5,23-32, etc.

[8] Jf. Ef 2,10.

[9] Mark 12,28-34.

[10] Denne bøna er dels basert på bøna for 5. søndag i påsketida i forslaga for dagens bøn i Den norske kyrkja sin liturgirevisjon.

Preike på Maria bodskapsdag

Denne preika heldt eg på sundag, 22. mars, men eg postar den her i kveld, då Maria bodskapsdag er 25. mars. (Litt bakgrunn: Det var fire dåp i gudstenesta.)

Tekstar (Dnk, andre tekstrekke): Jer 33,14-17; Ef 1,3-6; Luk 1,46-55 (Magnifikat).

______________________________

Det står skrive i evangeliet etter Lukas:

«Mi sjel høglovar Herren,
og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar.
For han har sett til si tenestekvinne i hennar fattigdom.
Og sjå, frå no av skal alle slekter prisa meg sæl,
for store ting har han gjort mot meg,
han, den mektige; heilagt er hans namn.
Frå slekt til slekt varer hans miskunn
over dei som ottast han.
Han gjorde storverk med sin sterke arm;
han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet.
Han støytte stormenn ned frå trona
og lyfte opp dei låge.
Han metta dei svoltne med gode gåver,
men sende dei rike tomhendte frå seg.
Han tok seg av Israel, sin tenar,
og kom i hug si miskunn
slik han lova våre fedrar,
Abraham og hans ætt, til evig tid.»

Slik lyder det heilage evangeliet.
Gud vere lova!

I dag feirar vi Maria bodskapsdag; at engelen Gabril kom til Maria for å kunngjera for henne at ho var utvalt av Gud for å bere fram frelsaren, Jesus.

Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hjå Gud.
Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,
og du skal gje han namnet Jesus.
Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.
Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.
Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,
og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.

Å vere gravid, og å få born, kan vere fantastisk. Som vi song: «Det skjer et under når barnet møter oss hud mot hud.»[1] Men det er ikkje alltid like fint. Maria hadde nok ikkje planlagt dette. Her var det ikkje snakk om å vente til nyåret for å få barnet på seinsommaren og sikra seg barnehageplass. Og heller var det ikkje planlagt på andre måtar. Ho var trulova med Josef, og det passa nok ikkje spesielt godt å få dette oppdraget. «Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?» Engelen svara:[2]

«Den heilage ande skal koma over deg,
og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.
Difor skal òg barnet som blir fødd,
vera heilagt og kallast Guds Son.

Men å skulla forklare dette for sin kommande ektemann, for familien, og kanskje spesielt for naboane, var nok ikkje enkelt. Kven ville tru ho? Eg er usikker på kva eg sjølv ville gjort i møte med ei liknande oppgåve. Ville eg sagt nei? Ville eg rømt? Her er Maria eit førebilete. Ho tok oppdraget. «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.»

Etter dette reiste ho for å vitja slektningen sin Elisabet, som då var seks månadar på veg med han som seinare vart kjent som døyparen Johannes, kanskje for å få støtte i ei vanskeleg tid. Og der, under besøket, braut Maria ut i lovsong – den lovsongen som i dag er evangelietekst.

Mi sjel høglovar Herren,
og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar.
For han har sett til si tenestekvinne i hennar fattigdom.
Og sjå, frå no av skal alle slekter prisa meg sæl,
for store ting har han gjort mot meg,
han, den mektige; heilagt er hans namn.

Maria forkynner, proklamerer, Guds stordom. Ho understrekar at Gud er stor og mektig. Gud er større enn alt. Vi kan ikkje måla han. Det mest korrekte er faktisk å seie at Gud berre er, at han er eksistensen sjølv, at han er den som heldt alt oppe. Vi kan ikkje forstå dette. Gud er eit mysterium. Eit mysterium kan vi ikkje fullt ut forstå. Det er noko vi må oppleve, noko vi må delta i, fyrst ved Guds kall, som blir fullenda i dåpen, som gjennom ordet, forkynninga, bøna, nattverden, lovsongen, gjerningane, osv. Og her ser vi kjernen i dagens evangelium: Gud gir, vi tek imot. Gud kallar, så gir han oss kraft til å svara han.

Gud, den mektige, kalla Maria – og ho høyrde etter. Å høyra er meir enn å berre lytta. Når far min sa «høyr no her,» så visste eg at det var eit kall til ikkje berre å lytta, men til å lyda. Slik er det også med Gud, og vi ser at det er nettopp det Maria gjer. Ho stiller seg til disposisjon. «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.»

Ho diskuterer og slåss ikkje med Gud, slik Jakob gjorde. Ho prøver ikkje å vri seg unna, slik Moses gjorde. Ho prøver ikkje å flykta, slik Jona gjorde. Ho var ikkje ulydig, slik Eva var, men stilte seg lydig til disposisjon. Og slik er ho eit førebilete for oss. Maria er så og seie den kristne prototypen.

For vi er også kalla til eit liv i teneste, takk og lovsong. Vi vart kalla til dette i dåpen. Eg vart sjølv døypt den 23. oktober 1983. Det er min kristne fødselsdag. Då tok Gud imot meg, og frelste meg frå synd og død. Då vart eg sameina med Jesus Kristus til eit nytt liv og innlema i den kristne kyrkja. Då vart eg merkt med det heilage krossmerket † til vitnemål om at eg skulle, og skal, høyra den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus til og tru på han. Vi må hugsa på dåpen vår. At Jesus kom til oss. At vi, gjennom Guds kjærleik, vart fødde på nytt til eit liv i tru og tillit.

Og poenget i dag er ikkje å fokusere på Maria, men han ho peiker på; Jesus Kristus. Han må vere i sentrum. Men det betyr ikkje at Maria er uviktig, eller at vi andre kristne er uviktige.

Jesus seier ein annan stad at han er vintreet, og at vi er greinene. Treet og røtene er sjølvsagt viktigare enn greinene, men det betyr ikkje at greinene er uviktige. Det er jo der frukta kjem. Når eple- eller vinbonden skal hausta frukta plukkar han jo ikkje direkte frå stammen.

Men det er viktig å hugse på rekkefylgja – Jesus fyrst, Gud fyrst, så oss. Dette er den ‘evangeliske rekkefylgja.’ Jesus kjem fyrst, så kan vi svare han i takk og kjærleik. «Mine kjære,» skriv apostelen Johannes, «har Gud elska oss så, då skyldar òg vi å elska kvarandre. … Vi elskar fordi han elska oss først.»[3]

Gud er større enn alt. Han er den som heldt alt oppe. Og i møte med det får vi lov til å ten Gud, og bryte ut i lovsong, ikkje av vår eiga kraft, men i kraft av den nåden Gud gav oss i dåpen. Og det skal vi no få gjere, då vi skal slå opp på nr. 125, for å syngja ein lovsong som er basert på Maria sin lovsong.[4] Men fyrst, ei kort bøn:

Heilage Gud, himmelske Far! Du ville at Son din skule bli sant menneske i Jomfru Maria sitt morsliv. Gjev oss å gjere som Maria; å stille oss til disposisjon for deg, slik at vi kan leve til ære for deg, Far, for Son din, Jesus Kristus, og for Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Noter:

[1] Norsk salmebok 2013, nr. 591: Det skjer et under i verden.

[2] Luk 1,34-35

[3] 1Joh 4,11.19

[4] Norsk salmebok 2013, nr. 125: Guds folk for sin konge skal kveda.