Kristi openberringsdag

Sidan det er i dag er det Kristi openberringsdsg postar eg andakten eg hadde på trykk i Sogn avis på laurdag.
Preiketekst: Luk 2,40-52

Kristi openberringsdag, Heilage tre kongars dag eller Epifania (6. januar, men feira på næraste sundagen), er ein av våre eldste kyrkjedagar. Vi feirar at Jesus har openberra for oss kven han er. Denne sundagen er det ikkje historia om dei tre vismennene som er evangelium. Denne sundagen les vi frå Lukas 2, om Jesus som tolvåring i templet.

Jesus kom bort frå foreldra sine medan dei var i Jerusalem, og dei leitte etter han i tre dagar, før dei fann han i templet. Der sat han saman med lærarane og diskuterte. Det står at dei som høyrde på «undra seg over kor klok han var og kor godt han svara.» Foreldra vart «slegne av undring,» og reagerte på dette: «Kvifor har du gjort dette mot oss, barnet mitt? Far din og eg har leita etter deg og vore så redde.» Men han svara: «Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg må vera i huset åt Far min?» Det sentrale her er at Jesus her openberrar sin visdom. Ja, han openberrar seg som Guds visdom eller Ordet (Joh 1,1-18). Han viser oss eit lite glimt av kven han er; Guds eigen Son, kom til jord for å gje oss liv, sæle og visdom. Så står det at han vart med heim att og «gjekk fram i alder og visdom og var til glede for Gud og menneske.»

Her ser vi den spenninga som ligg i Kristus: Han er Gud, men samstundes måtte han modnast som menneske. Og ved dette openberra han også vårt kall. Vi har eit kall til å halde oss nær til Guds Ord, Jesus, men også Guds skrivne ord i Bibelen. Paulus skriv: «Vi skal få håp gjennom det tolmod og den trøyst som skriftene gjev. Må Gud sjølv, som gjev tolmod og trøyst, gje dykk alle same sinn etter Kristi Jesu vilje.» (Rom 15,4-5) Vi skal også modnast, vi skal formast etter Kristi døme. Men dette gjer vi ikkje av eiga kraft. Dette skjer ved at Gud er verksam i oss, slik at vi lever etter Guds vilje (jf. Gal 5, Fil 2:12-13). Og kva er kjerna i vårt kall? Jo, det er fellesskapet i tilbedinga, slik Paulus seier: «Då kan de samstemde og med éin munn prisa Gud, vår Herre Jesu Kristi Far.» (Rom 15,6)

Amen.

«Takk, gode Gud, for alle ting…»

Dette er preika eg hadde i Hafslo kyrkje 28. september d.å. Dette var hausttakkefest med utdeling av bøker til 4- og 6-åringar og nattverd. Teksten her er nok ikkje heilt identisk med den eg framførde, men det er sjeldan slik. Fotnotane vart ikkje nemnt i preikesituasjonen, men er teke med her for at folk skal kunne sjekke referansane mine om dei ynskjer det.

Eg valte å bruke tekstane for hausttakkefest, 2. rekkje: Sal 65,10-14; Ef 5,15-20; Luk 17,11-19.

Eg hadde ei liknande preike veka før, i Solvorn kyrkje.

______________________________

Preike 28. august 2014
Hausttakkefest
Hafslo kyrkje

I dag er det ein del aktivitet her i kyrkja. Vi har nettopp delt ut bøker til 4- og 6-åringar, etter preika skal vi få lovsynge og be til Gud, og så skal vi få feire nattverd saman, der vi får del i Guds nåde.[1] Viss det er eitt ord som verkeleg understreker kva dette handlar om, så er det takksemd. Takksemd for borna som i dag har fått bøker. Takksemd for konfirmantane våre som har valt å byrja ei trusreise saman. Takksemd for det Gud gjev oss i ordet og på altaret.

Eg veit ikkje korleis det er med deg, men eg tenker at takksemd er eit teikn på at det finst nokon å takka. Og dagens bodskap til oss i dag er dette: «Takk, gode Gud, for alle ting.» Dette er også tittelen på ein spennande og kanskje litt ukjent salme, skriven av Frans av Assisi i 1224 eller 1225, medan han låg sjuk og blind.[2] Sjølv om han var blind, såg Frans klarare enn nokon gong at vi er del av Guds skaparverk, at vi må takke Gud for alt det skapte, og at sjølv om vi har eit ansvar i skaparverket og på mange måtar er heva over andre delar av det, så er vi også ein del av det. I lovsong kan vi takke Gud for det han har skapt, for sola, månen, stjernene, lyset, fuglane, jorda, blomane, og alle menneske. Men vi skal også takke og prise Gud saman med alt det skapte, i takksemd for alt det han har gjort for oss.[3] Bodskapen til Frans var enkelt og greit det same som bodskapen til Paulus: «Takk alltid vår Gud og Far for alle ting i namnet åt vår Herre Jesus Kristus.»[4] Og det skal vi også få gjere etter preika og etter at vi har vedkjent vår heilage tru. Då skal vi nemleg få syngje denne salmen.

Bodskapen i dag er at Gud kallar oss. Han kallar oss til ikkje fyrst tenke på oss sjølve, men hugsa på Gud, hugsa på den tilbedinga og den takken han har krav på.

Men dette er ikkje alltid enkelt. Vi har alle ein tendens til å gløyme at Gud er den som har gjeve oss alt. Vi kan gjerne rope til Gud om hjelp, men når den kjem har vi ofte ein tendens til å tenke at dette var noko vi klarte sjølv. Ta dagens evangelium.[5] Der møter vi ti spedalske menn. Viss du var spedalsk på Jesu tid, hadde du ein så alvorleg sjukdom at du ikkje kunne leve saman med andre, også på grunn av redsel i folket. Du stod utanfor samfunnet. Når så Jesus kom, ropte desse i desparasjon: «Jesus, meister, miskunna deg over oss!» Jesus svara og sa at dei skulle vise seg for prestane. Grunnen til dette var at prestane hadde eit ansvar som vi i dag gjev doktorar og helseabeidarar. Då desse spedalske menna gjekk til prestane vart dei friske, lækja av Jesus. Men då dei oppdaga dette, når dei vart friske for sjukdomen, når dei fekk betre helse og ein ny sosial posisjon, var det berre éin som hugsa på at det var Jesus som hadde gjort han frisk. Og han gjorde som han burde: «Han lova Gud med høg røyst, kasta seg ned for Jesu føter med andletet mot jorda og takka han.»

Jesus spurte om ikkje nokon av dei andre også skulle komme tilbake for å «gje Gud æra,» for å takke og tilbe Gud. Bodskapen i denne historia er enkel: Vi skal takka Gud for det han har gjort for oss.

Denne historia er ei viktig påminning til oss her i dag om at alt det vi eig har vi berre på lån. At vi er her fordi Gud har kalla oss, frelst oss og reist oss opp. Han sendte Jesus til jord, og Jesus bar seg sjølv fram som eit offer, slik at vi kan prisa Gud gjennom Jesus, alltid takka han i vår Herre Jesu Kristi namn.[6]

Gud kallar oss altså til å alltid ofra han takk. Han kallar oss til å prisa han for den han er, og takka han for det han har gjort. Vi er skapte for å æra Gud gjennom vår gudsteneste – både her og i alt vi gjer i kvardagen. Heile livet skal vere eit takkoffer, eit lovprisingsoffer. Men det er viktig å understreke at det kristne livet i kvardagen, har sitt utgangspunkt i mellom anna nattverdfeiringa. I kristenlivet har vi ein rekke kjernepraksisar, og det er spesielt ordet, dåpen, nattverden og bøna som står i sentrum.[7] Men kjernepraksisane hjelper oss til å leve livet som kristen elles også. Gudstenesta på søndag skal hjelpe oss å vere kristne mandag til laurdag også.[8] Heile livet vårt skal vere eit takkoffer. Paulus seier det slik: «Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.»[9]

Menneskets viktigaste oppgåve er å ofre, å ofre takkoffer til Gud.[10] Heile livet vårt skal altså vere eit takkoffer, og dette kan vi uttrykke gjennom lovsong. Men takkofferet har ikkje sitt opphav i oss sjølve. Nei, det er eit svar på Guds handling. Gud handlar, og vi svarar. Når vi tilber Gud, så er det ikkje fordi Gud ‘manglar’ noko som vi har. Tvert imot er det slik at alt har sitt opphav i Gud, i Faderen, Sonen og Den Heilage Ande. Når vi lovsyng, så er det fordi Gud fyrst har lagt lovsongen ned i oss. Når vi gjer gode gjerningar, så er det fordi Gud på førehand «har lagt [dei] ferdige så vi skulle vandra i dei.» Alt saman er forankra i Guds gåve, i Guds nåde.[11] Gud gjev, vi tek imot, og så får vi lov til å gje dette tilbake – i bøn, lovsong, gode gjerningar, osv. – ikkje av eiga kraft, men gjennom Gud, ut frå det han har gjeve oss.[12] Det vi ofrar til Gud er dei gåvene han har gjeve oss, gjennom det han har skapt, og dei evnene og dei nådegåvene, han har gjeve oss. I kyrkja sine kjernepraksisar, slik som nattverden, er det eigentleg Gud, i Den Heilage Ande, som er subjektet. Vi er aktive, men det Den Heilage Ande som er subjektet bak vår aktive deltaking.[13]

Her vil eg sjå spesielt på nattverden. Den er på mange måtar eit einaste stort takkoffer. De som har vore på gudsteneste i England eller USA har kanskje høyrt ordet Eucharist. Det er det engelske ordet for ‘nattverd.’ Men der ‘nattverd’ tyder måltid eller kveldsmåltid, kjem Eucharist frå eit gresk ord som tyder takkseiing eller takkoffer. Når vi feirar nattverden så takkar vi Gud.

Vi ber ikkje berre fram drueklasar og kveitekorn. Nei, vi ber fram brød og vin, gåver som har vorte foredla både gjennom naturlege prosessar og gjennom den menneskelege arbeidsprosessen. Brødet og vinen er «frukter av jorda og vintreet, og av menneskehenders arbeid.»[14] På denne måten «blir alt menneskeleg arbeid, alt foredlande arbeid, velsigna og ofra.»[15] Nattverden er kyrkja sin kontinuerlege hausttakkefest. Vi ber fram brød og vin, ja, vi ber fram oss sjølve, våre liv, ‘livets sønderbrutte deler,’ som vi syng i ein av salmane vi skal synge under nattverden,[16] og vi gjev alt dette til Gud.

Dei som fylgde med under inngangsprosesjonen såg kanskje at eg bar inn vinkanna og brødboksen, saman med borna som bar inn frukt og grønt. Dette understreker sterkare at nattverden er ein hausttakkefest der vi ber fram oss sjølve, i gåvene – ved Jesus, med Jesus og i Jesus. Og der, på altaret, vert dei velsigna og kjem tilbake til oss som «brødet til liv og begeret til frelse.»

Desse gåvene vert framborne i takk og lovprising, ikkje fordi vi må prestere eller gjere oss fortent til nåden, men fordi vi er kalla til å leve i nåden, i Kristus, i takksemd for alt det Gud har gjort for oss. Når vi ber desse gåvene fram i takksemd, i bøn, vert dei velsigna, helga.[17] Dei vert berarar av Kristus. Vi får ikkje berre ein overflod av naturleg mat, mat som mettar for dagen, men vi får del i åndeleg føde, Jesu lekam og blod, til frelse og til fred. Det er altså ikkje noko vi gjer av eiga kraft, men ei deltaking i Jesus, og i hans offer.[18] Det har sin bakgrunn i at Gud har kalla oss, frelst oss og reist oss opp. Han sendte Jesus til jord, og Jesus bar seg sjølv fram som eit offer, slik at vi kan prisa Gud gjennom Jesus. «Takk alltid vår Gud og Far for alle ting i namnet åt vår Herre Jesus Kristus.»[19]

*

Vårt kall er altså å gjere våre liv til ein lovsong til Gud, å leva våre liv til Gud ære.[20] Utan Gud er vi ingenting, og alt det vi gjer, det gjer vi fordi Gud fyrst har kalla oss, frelst oss og reist oss opp. I møte med denne nåden, denne miskunna, må vi gjere det same som den éine mannen som kom tilbake då Jesus lækja han.[21] Vi må lova Gud med høg røyst og takke Jesus.

Men kva når eg ikkje klarar å leve opp til Guds bod, når eg gjer det eg ikkje bør, når eg syndar, når eg fyrst og framst tenker på meg sjølv? Kva når eg lyg? Kva når eg heller vil kjøpe eit nytt xbox-spel enn å gje pengar til ein tiggar eller støtte ei god sak? Jo, då er Jesus der og tilbyr meg frelse og tilgjeving, samstundes som han utfordrar til fornying. Eg lever i trua og vona på at Jesus alltid går i forbøn for meg, alltid står klar for å ta imot meg, og at eg alltid ved han kan gå fram for Gud, i takk, i tilbeding, i lovprising.

Mi von er at hausttakkefesten får minna oss om at Gud er den som eig alt, og at det vi eig ikkje vert eit hinder, at det ikkje gjer oss blinde for Gud. At Gud får vere fyrsteprioritet, han som eig alt, han som har gjeve oss den fridomen vi har, han som har rett på takk, pris, og tilbeding.

Viss det er ein setning du bør hugse, og praktisera, etter denne gudstenesta, så er det denne, frå Frans av Assisi: «Takk, gode Gud, for alle ting.»

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Noter:

[1] Her har eg delvis lånt nokre poeng frå Martin Enstad.

[2] «Takk, gode Gud, for alle ting.» Norsk salmebok, nr. 281 (Oslo: Verbum 1984). Sjå også Wikipedia.

[3] Jf. Salme 98; Jes 55,12; Daniel 3:24-90 (etter Septuaginta-utgåva). Sjå også William T. Cavanaugh, Nattverdens økonomi (Oslo: Luther 2013): 52-53.65-76; Arnfinn Haram, «Sursum Corda – Lyft dykkar hjarto: Om musikkens liturgiske karakter» og «Naturen som sakrament – Element til ein økologisk teologi,» begge i Tre florentinarar: Essay og artiklar om religion, kultur og samfunn 2003-2009 (Bergen: Efrem 2009): 100-105 (89-112) og 120-122 (113-122); Kallistos Ware, The Orthodox Way (Revised edition. SVS Press 1995): 49-55.

[4] Ef 5,20.

[5] Luk 17,11-19.

[6] Jf. Ef 5,20.

[7] Jf. Bård Norheim sine tankar om (mellom anna) kristent ungdomsarbeid. Sjå boka Kan tru praktiserast? Teologi for kristent ungdomsarbeid (Trondheim: Tapir Akademisk 2008), samt dokorgraden Practicing Baptism: Christian Practices and the Presence of Christ (Pickwick Publications 2014). Ein av Norheim sine artiklar om dette finst på nettsidene Ungdomsarbeid.no, og mine eigne refleksjonar omkring kristent ungdomsarbeid finst på bloggen.

[8] Sjå «Disiplar i folkekyrkja,» Bjørgvin biskop Halvor Norhaug sitt foredrag til prestane i bispedøme på Stiftsmøtet i Ulvik, 2.-4. september 2014.

[9] Rom 12,1.

[10] Haram, «Sursum Corda,» op.cit., s.99-106.

[11] Jf. Salme 40:4; Ef 2:8-10.

[12] Jf. Fil 2:12-13. Sjå også Confessio Augustana V.

[13] Jf. Bård Norheims referanse til den tyske katolske teologen Reinhard Hütter, i artikkelen på nettsidene Ungdomsarbeid.no.

[14] Frå offertoriebøna eg bad etter ofringa.

[15] Haram, «Sursum Corda,» op.cit., s.100, jf. Kallistos Ware, op.cit,, s.53-55.

[16] Svein Ellingsen, «Jesus, livets sol og glede.» Norsk salmebok, nr. 650 (Oslo: Verbum 1984).

[17] Jf. 1Tim 4,4-5.

[18] Jf. Joseph Ratzinger, The Feast Of Faith: Approaches to a Theology of the Liturgy (San Francisco, CA: Ignatius Press 1986): 50-60; Ratzinger, The Spirit of the Liturgy (San Francisco, CA: Ignatius Press 2000): 37-50.53-61; Ratzinger, God Is Near Us: The Eucharist, the Heart of Life (San Francisco, CA: Ignatius Press 2003): 29-30. Her kan eg også vise til masteroppgåva mi.

[19] Ef 5,20.

[20] Jf. lovsongen «Jeg vil gi deg, o Herre, min lovsang,» her sunge av Ungfila, på Spotify eller Wimp. For tekst og akkordar, sjå her.

[21] Luk 17,15-16.

Fellesskap med Kristus

Denne posten er ikkje sjølve preika eg hadde på sundag, men nokre refleksjonar eg gjorde meg i går kveld, same dag som eg heldt preika. Preiketeksten var Matt 20:1-16, om arbeidarane i vingarden. I preika fokuserte eg på at historia handlar om at vi alle treng nåde og miskunn, og at dei arbeidarane som reagerte negativt uttrykte noko som er veldig vanleg. Vinbonden spør: «Gjer det deg vondt å sjå at eg er god?» Og dette spørsmålet går heilt inn i sjela vår. For ja, det kan ofte gjere vondt å sjå at ein person er god mot ein annan, viss ikkje eg også får det same. Rettferda er lett å skjøna. Ho er enkel. Viss vi er rettferdige, og berre rettferdige, treng vi ikkje nåde, då treng vi ikkje miskunn. Når andre møter miskunn er det ofte lett å kalle på rettferda. «Det er ikkje rettferdig at han får dette.» «Kvifor fekk han meir enn meg?»

Det er lett å skjøna kvifor dei fyrste arbeidarane vart irriterte. Men denne historia viser oss at det er lett å miste miskunn av syne når den ikkje er retta mot oss. Men hjå Gud er det annleis, og det ser vi i dagens evangelium. Det er ei historie som fortel oss noko grunnlegjande: At når det gjeld det evige livet bryr ikkje Gud seg om du har jobba heile livet eller om berre så vidt har fått byrja. Guds nåde overgår all forstand.

Dette utfordrar oss. For hadde det ikkje vore betre om vi berre fekk rettferd i staden? Vel, hadde det, det? Her trur eg vi kan lære mykje av Jens Bjørneboe, frå diktet Mea Maxima Culpa (som er latin, og tyder ‘mi største skuld’). Her er eit utdrag:

Jeg vet ikke hvor jeg har hørt det sist:
«Hvem er et menneske og ikke skyldbevisst?»
Hvem er et menneske, som ikke vet
At han bør frykte all rettferdighet?
Det er min sum av alt hva jeg har sett:
Jeg håper Gud lar nåde gå for rett!
Jeg håper Gud i himmelen vil si:
Rettferdigheten, barn, den glemmer vi.

Akk, vi må bøye oss i skam og si:
Rettferdigheten, Gud, den frykter vi!
Hvem er et menneske som ikke vet:
Vi trenger nåde og barmhjertighet!

Jeg vet ikke hvor jeg har hørt det sist:
Hvem er et menneske og ikke skyldbevisst?

Bjørneboe sitt poeng er at om alt vi hadde var rettferd, så ville ingen av oss klara oss. Vi er heilt, heilt avhengige av den nåden Gud kjem med. Fordi vi har, som Bjørneboe påpeiker, alle synda. Anten i gjerning eller ved å la vere å handla. Bjørneboe fordømmer ikkje, men han seier at vi må vise ansvar og solidaritet, samstundes som vi må lita på Guds nåde og miskunn, sidan vi ikkje klarar å leve opp til den kjærleiken vi skuldar Gud og våre medmenneske.

Dette var eit viktig aspekt ved sundagens evangelium. Vi treng alle like mykje nåde, og at vi alle får det vi treng i Jesus. Vi får alle samfunn med Jesus.

Men, og her kjem vi til eit viktig spørsmål: Er det eigentleg dette som er sjølve saka i denne likninga?

Ein av grunnane til at eg byrja å reflektere over dette var at eg tok turen til Bergen for å vere her nokre dagar (fram til i morgon), og vi tilfeldigvis kom inn på filmen The Dark Knight Rises frå 2012. Dette fekk meg så til å reflektere litt over The Dark Knight frå 2008, og regissøren Christopher Nolan. Bear with me. I’m going somewhere with this.

Dette fekk meg til å tenke på ei bok eg lurer på å bruke i ungdomsarbeidet, Manus for livet. Sjå her for ei melding av boka. Den boka handlar om bruken av filmmediet i trusopplæring, og der tok ein utgangspunkt i ei scene frå nettopp The Dark Knight. Eg hugsa ikkje kva scene det var, eller kva spørsmål ein skulle stille, men poenget var at ein skulle spele av eit tidsavgrensa klipp for så å snakke om etiske og livsynsmessige spørsmål i klippet. Dette er i og for seg bra, men dette kan ein ikkje gjere isolert frå filmen som heilskap. Dei einskilde scenene i ein film høyrer heime i eit større narrativ, og ein må tolke dei einskilde scenene i lys av dette narrativet. Å berre ta ei scene for seg er ikkje nødvendigvis galt, men ein kan tolke feil.

Og det fører oss tilbake til dagens evangelium. I preika fokuserte på det at vi alle treng nåde, og at vi alle får Jesus. Men så byrja eg å tenke at dette ikkje er alt. Det var ikkje uriktig av meg å fokusere på dette, og spesielt ikkje med tanke på at dette var ein gudsteneste med to dåp, utdeling av biblar til ti-åringar og presentasjon av konfirmantar. Slike dagar bør vi kanskje fokusere på ‘det grunnleggjande.’ Men det gjekk opp for meg at denne likninga ikkje nødvendigvis berre handlar om nåde, miskunn og tilgjeving av syndene, slik ein ofte tenker, men om heilaggjeringa. Liksom med The Dark Knight må vi lese denne likninga i sin kontekst.

Denne likninga kjem som eit svar til den samtalen som kom i kjølevatnet av Kristi møte med den rike unge mannen (Matt 19:16-30). Denne mannen vert ofte framstilt som ‘skurken,’ men dette var jo ein mann som i stor grad hadde gjort alt han skulle. Han hadde vore lydig mot foreldra sine, han hadde vore trufast ektemann, han hadde ikkje vore ein voldsmann, han hadde ikkje stelt eller vitna falskt. Dette var, på alle måtar, ein respektabel mann. Ein mann som ein sikkert ikkje hadde nølt med å stola på. Men han ville altså ikkje selja alt han eigde, sjølv om Jesus bad om det. Og difor er han skurken, ikkje sant? Vel, er han det? Eg trur heller han er deg og meg. Han er oss alle. Vi, som bur i eit av verdas rikaste land. Kva er evangeliet for den rike mannen? Kva er evangeliet til oss i dag? Jo, det er denne enkle setninga: «Det som er umogleg for menneske, er mogleg for Gud.»

Men i møte med dette spør Peter: «Kva med oss? Vi har gått ifrå alt og følgt deg. Kva skal vi få?» Og Jesus svarar:

Sanneleg, eg seier dykk: Når alt skal fødast på nytt og Menneskesonen sit på kongsstolen sin i herlegdom, då skal de òg, som har følgt meg, sitja på tolv troner og dømma dei tolv Israel-stammane. Og alle som har forlate hus eller brør eller systrer eller far eller mor eller born eller åkrar for mitt namn skuld, skal få det att hundre gonger og arva evig liv. Men mange som er dei første, skal bli dei siste, og dei siste skal bli dei første.

Dei som faktisk har gått ifrå alt og følgt Jesus skal få si løn. Ein skal ikkje tapa på å ofre alt for Jesus. For å aktualisere kan vi t.d. ta for oss dei kristne i Irak og Syria. Dei lir verkeleg for Kristus. Dei vert forfølgde. Dei vert jaga på flukt og drepne. Men dei held ut. Kva med dei? Kva skal dei få?

Jesus svar, at dei «skal få det att hundre gonger og arva evig liv,» samt likninga om arbeidarane i vingarden, trur eg handlar meir om heilaggjeringa enn om tilgjevinga av syndene. Jesus påpeiker at løna ikkje kjem ved at vi slår oss sjølv fram og hevdar oss. Vi må ‘gløyma oss sjølve.’ Vi er født på ny til liv i Kristus, og dette livet handlar om å verte meir og meir lik han, og mindre og mindre sjølvoppteken. «Han skal veksa, eg skal minka,» som døyparen Johannes sa det (Joh 3:30). Det Jesus seier er at vi ikkje må hevde oss sjølve, men at vi må arbeida like fullt. Vi må setje fokus på Jesus, og skjøna at alt er nåde. Og at dei siste – dei som ikkje hevdar seg sjølv, dei som ofrar seg for andre, dei som syner kjærleik – skal verta dei fyrste. Alle i likninga jobba, men dei fyrste vart irriterte når dei fekk like mykje (eller lite) som dei som akkurat hadde byrja. Og her trur eg feilen deira låg: Dei gløymde verdien av det arbeidet dei hadde gjort.

Viss dette faktisk handla om eit lønnsoppgjer etter ein dags arbeid så hadde arbeidarane vore i sin fulle rett til å klaga. Men om vi overfører dette på heilaggjeringa og det kristne livet så ser vi noko anna. Dei som hadde jobba i tolv timar – lat oss sjå dette som eit bilete på ‘heile livet’ – hadde jo fått arbeiddt med heilaggjeringa si over lang tid, og dei hadde (potensiale sett) vorte meir mottagelege for den løna dei fekk. Den denaren dei fekk trur eg er eit bilete på Jesus sjølv. Om vi, i Guds kraft, arbeider på vår frelse (Fil 2:12-13) har vi potensiale til å verte ‘større’ – ikkje ved å hevde oss sjølv, men ved å gløyme oss sjølve og la Kristus vinna skapnad i oss (Gal 4:19). Vi kan kanskje samanlikne det med to drikkeglas. Det eine er to desiliter, det andre fire. Begge er fylt opp til bremmen og kan ikkje halda meir (av Jesus), men det eine er større. Begge får det same – drikka, eller Jesus – men den eine er meir mottagelege for den ‘løna,’ akkurat det felleskapet han fekk med Jesus.

Vi må ikkje hevde oss sjølve. Vi må arbeidde trutt for løna ligg i sjølve arbeidet, idet at Kristus vinn skapnad i oss.

Neste gong eg preiker over denne teksten kan det vere eg også preiker over nåden, miskunna og tilgjevinga av syndene, om situasjonen tilseier det. Og isolert sett handlar kanskje denne likninga om nettopp dette. Men sett i sin samanheng handlar den endå meir om heilaggjeringa og livet i Kristus, der «han skal veksa, vi skal minka,» der det ikkje lenger er vi som lever sjølv, men Kristus som lever i oss (Gal 2:19-20).

Heilag, heilag, heilag

Dette er preika eg hadde i Veitastrond kapell i går, 24. august d.å. Dette var ein gudsteneste med dåp og nattverd. Teksten her er nok ikkje heilt identisk med den eg framførde, men det er sjeldan slik. Fotnotane vart ikkje nemnt i preikesituasjonen, men er teke med her for at folk skal kunne sjekke referansane mine om dei ynskjer det.

Tekstar: Eg brukte berre forteljingsteksten, Jes 6:1-8.

______________________________

Preike 24. august 2014
11. sundag i treeiningstida
Veitastrond kapell (del av Hafslo sokn)

I

I denne preika vil eg sjå på tre ting: At vårt primærkall er å tilbe Gud, lovprise Gud, at dette har sitt utgangspunkt i at Gud har tilgjeve oss og reist oss opp, og at Gud deretter kallar oss til å dele dette med andre.

II

Det fyrste poenget eg vil ta opp er vårt kall til å tilbe Gud, lovprise Gud. Då må vi fyrst spørja: Kva betyr det å tilbe eller lovprisa? Ordet ‘lovprise’ betyr eigentleg å vise ære, og setje ord på den herlegdomen og prakta til den vi lovpriser.[1] Det er altså ei stadfesting av kven han er. Då må vi spørje vidare: Kvifor skal vi gjere dette overfor Gud?

Svaret på dette ligg i teksten vi nettopp las. «[Eg såg] Herren sitja på ei høg og opphøgd trone, og kanten på kappa hans fylte tempelet.» For å forstå kva dette tyder likar eg å samanlikne templet med Nidarosdomen, viss den var eit par gongar større og den einaste kyrkja i Noreg. Vi ser altså her at Gud viste sin stordom, idet han fylte heile templet. Møtt med eit slikt syn må vi bøya oss og tilbe. Gud er alltid større.

Kyrkja har alltid sett på denne teksten som ein mal for vår tilbeding. I teksten møter vi nokre serafar. Ein seraf er ein type engel, og desse englane ser her ut til å vere ein type slottsgardistar. Deira primæroppgåve er å lovprisa Gud:

Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot.
All jorda er full av hans herlegdom.

Dette kjenner vi igjen frå nattverdsliturgien, der vi nettopp syng heilag, heilag, heillag er Herren Sebaot. Kyrkja har alltid tenkt at vi, i vår lovprising av Gud, står saman med englane, at vi på mystisk vis vert teke opp i himmelen. Dette ser vi i det at templet «vart fylt av røyk.» Templet har alltid vore sett som eit bilete på himmelen og jorda.[2] Difor ser vi at mange kristne kyrkjer bruker røykjelse, som er eit bilete på bønene som stig opp til Gud. Eg er ein av dei som skulle ynskt vi kunne brukt det i Den norske kyrkja også.

Men kva er eigentleg grunnen til at vi skal tilbe? Ein ortodoks teolog har sagt at vi menneske, som er skapte i Guds bilete, ikkje berre er homo sapiens, ‘det tenkande mennesket,’[3] men endå meir homo adorans, ‘det tilbedande mennesket,’[4] eller homo liturgicus, ‘det liturgiske mennesket,’ for å vise til ein annan teolog.[5] Vi er skapte for å æra Gud gjennom vår gudsteneste – både her og i alt vi gjer i kvardagen. Vårt liv skal vere eit lovprisingsoffer.

Dagens tekst og kyrkja sin tradisjon minnar oss om at vi kristne ikkje er ein gjeng lausrivne individ. Dette fellesskapet har sitt ankerpunkt i Kristus, og det får sitt framste utrykk i den himmelske tilbedinga av Gud, slik vi uttrykker det i nattverdsliturgien. Vi høyrer saman, og vi er kalla til å prisa Guds namn med samrøysta lovsong, saman med englane og alle dei heilage, saman med Guds kyrkje i himmelen og på jorda.[6] Som vi syng i ein av salmane i salmeboka, tredje verset:[7]

Englers hær i høye himmel,
lovsyng ham, vår Gud og Far,
sol og måne, stjerners vrimmel,
alt som er og blir og var!
Halleluja, halleluja –
toner alle helgners svar.

Dette er vårt primære kall. Men korleis kan vi klare det, vi som ofte ikkje viser oss på vårt beste? No som vi har sett på Guds stordom, og den tilbedinga som naturleg oppstår i møte med dette, vil eg ta opp det andre poenget; at vår tilbeding av Gud har sitt utgangspunkt i at han har tilgjeve oss og reist oss opp.

III

Når Jesaja møter englesongen og Guds stordom vert han heilt ifrå seg.

Ve meg! Det er ute med meg.
For eg er ein mann med ureine lepper,
og eg bur i eit folk med ureine lepper,
og auga mine har sett kongen,
Herren over hærskarane.

Jesaja skjønte, nærast intuitivt, at han ikkje var verdig til å stå i Guds nærver. Han var ein syndig mann, «ein mann med ureine lepper.» Og han hadde rett. Vi er ikkje verdige, i oss sjølve, til å stå i Gud nærver. Men det finst ei løysing. I teksten les vi at ein av serafane flaug bort til Jesaja. I handa hadde han ei glo som han hadde teke med ei tong frå altaret. Med den rørte han ved munnen [til Jesaja] og sa:

Sjå, denne har rørt ved leppene dine.
Di skuld er borte, og di synd er sona.

Vårt primærkall er som sagt å tene Gud med takk og lovsong, men vi kan ikkje gjere dette av vår eige kraft. Vi kan ikkje lovprisa Gud utan at han sjølv kallar oss, at han sjølv tek initiativet. Dette gjer han fyrst og framst i dåpen, slik eg sa det under dåpshandlinga: «Etter sitt ord og sin lovnad tek Gud imot oss i dåpen og frelser oss frå synd og død. Vi blir sameina med Jesus Kristus til eit nytt liv, og vi blir innlema i den kristne kyrkja.»

I dåpen vert vi altså frelst «frå synd og død.» Synda, eller arvesynda som vi ofte kallar ho, er ikkje ein eigenskap ved oss som vert teke bort. Nei, det er at vi får tilbake den fellesskapen som gjekk tapt då Adam synda. Vi vert igjen teke inn i Guds familie. Vi vert fødd på nytt. Men akkurat som vår jordlege fødsel berre er starten på livet, så er også dåpen berre inngangen i Guds rike. Vi vert ikkje berre fødde på nytt for å overleve, men for å leve.

Vi må heile tida hugsa på dåpen vår. Vi må ‘praktisere dåpen,’[8]dvs. stole på Jesus, og la han få lov til å virke i oss, slik at vi kan leve ut det livet som Gud kalla oss i dåpen.

Men dette er altså ikkje noko vi gjer av eige kraft. Gud har kalla oss, tilgjeve oss og reist oss opp. Han eig alt det vi gjev han. Vi tilber ikkje Gud fordi han treng noko vi har, men fordi det så og seie er vår natur å tilbe han, ein natur han sjølv har skapt, og fordi han har redda oss ut av synda, ut av opprøret mot hans eigen vilje.

No som vi har sett på det at Gud har tilgjeve oss, reist oss opp, og dermed gjeve oss høve til å tilbe han, vil eg ta opp det tredje poenget; at Gud ynskjer at vi skal dele dette, dele evangeliet og vår erfaring med andre.

IV

Som sagt skjønte Jesaja, nærast intuitivt, at han ikkje var verdig til å stå i Guds nærver. Han var ein syndig mann, «ein mann med ureine lepper.» Men leppene vart reinsa ved at ei glo, frå altaret, rørte ved munnen hans. Rett etter Jesaja har fått syndene sine sona, reinsa, spør Herren: «Kven skal eg senda, og kven vil gå for oss?» Jesaja svarar: «Eg! Send meg!»

Vi ser noko liknande då Peter fyrst møtte Jesus, i det femte kapitlet i Lukas-evangeliet.[9] Han skjøna at Jesus var noko utanom det vanlege, og han skjøna, nærast intuitivt, at han ikkje var verdig til å stå i Jesu nærver. «Gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann.» Men Jesus reiser han opp, og kallar han til å vitnemål. «Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske.» Han fekk lov til å vitna om Jesus. Han vart ein apostel, som er gresk og tyder utsending.

Eg trur nøkkelen her ligg i reinsinga av synda, i tilgjevinga. Jesus seier seinare i det same kapitlet, etter å ha kalla Levi (eller Matteus),[10] at «[det] er ikkje dei friske som treng lege, men dei som har det vondt. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar til omvending.» Heile det kapitlet i Lukas-evangeliet handlar, på forskjellig vis, om at Jesus har makt til å tilgje syndene våre og reisa oss opp. Men det handlar også om at idet ein har vorte reist opp, så kallar Jesus oss til å gå ut og dele dette med andre.

Vi har vorte teke imot av Gud i dåpen. Der har han frelst oss frå synd og død, sameina oss med Jesus Kristus til eit nytt liv, og innlema oss i den kristne kyrkja. Dette kan vi ikkje halde for oss sjølve. Dette må vi dele med andre. Vi er alle, på sette og vis, misjonærar. Misjon er viktig. Men misjon er ikkje noko som berre skjer ein plass der ute i verda. Misjon er å dele evangeliet, dele trua, også med dei borna vi ber fram til dåp.

De har nett bore Ida fram. Og der har de fått del i eit heilagt ansvar. Det skal fyrst og framst «visa omsorg for henne.» De bør verna henne. Gje ho mat og drikke, ly for vær og vind, osv. Men treng også åndeleg føde, og åndeleg oppseding. De bør også «be for henne, læra henne sjølv å be og hjelpa henne å bruka Guds ord og delta i den heilage nattverden, så ho kan leva og veksa i den kristne trua.»

Då de sjølve vart borne fram til dåpen fekk de del i den tilgjevinga som er i Jesus Kristus. Og ut frå dette spør Gud: «Kven skal eg senda til Ida, og kven vil gå for oss?» Og då kan de svara: «Oss! Send oss!» Og grunnen til at de er sendte for å dele dette er ikkje at de er perfekte, men at de også har vorte kalla inn av Gud.

Men hugs at misjon ikkje berre handlar om å proppe folk full av kunnskap. I dåps- og misjonsbodet seier Jesus at vi skal læra dei vi møter «å halda alt det som eg har bode dykk.» Altså skal vi ikkje berre lære dei det han har sagt, men lære dei å halda det. Vi skal forma læresveinar. Men det kan vi berre gjere om vi prøver sjølv å leve som læresveinar. Det handlar ikkje om å vere perfekt, om å leve etter eit sett med reglar, men om å heile tida ‘praktisere dåpen,’ dvs. stole på Jesus, og la han få lov til å virke i oss, slik at vi kan leve ut det livet som Gud kalla oss i dåpen.

Reint praktisk kan dette gjerast på mange måtar, men éin ting trur eg kanskje er viktigast, og det er å «be for barnet» og «læra ho sjølv å be.» Kveldsbøna, om den er aldri så enkel, er med å forma oss.[11] Den set oss i kontakt med Gud, med han som er livsens kjelde.

V

Kjerna i dagens tekst har vore tredelt: Vi har eitt primærkall, og det er å prise Gud for den han er, og takke han for det han har gjort, t.d. i gudstenesta, i kveldsbøna, osv. Men dette er ikkje noko vi gjer av oss sjølve. Det er gjeve oss av Gud, som gåve, og fordi han har kalla oss ut frå synda si makt og reist oss opp. Og sist, men ikkje minst, har vi, på grunn av at vi har fått del i denne tilgjevinga, fått i oppdrag av Gud å spreie dette evangeliet – dei gode nyhendene – vidare til andre vi møter, inkludert dei borna vi ber fram i dåpen. Vi må halda ryktet om Gud levande.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Noter:

[1] Sjå ordboka, ‘lov’ og ‘pris.’

[2] Jf. Brant Pitre, «Jesus, the New Temple, and the New Priesthood» (Letter & Spirit 4, 2008): 48-63 (47-83).

[3] Før kritikken kjem vil eg berre seie at eg veit vi er homo sapiens sapiens.

[4] Alexander Schmemann, For the Life of the World: Sacraments and Orthodoxy (2nd Expanded edition. Crestwood, NY: SVS Press 1997): 118.

[5] Scott Hahn, «Worship in the Word: Toward a Liturgical Hermeneutic» (Letter & Spirit 1, 2005): 106 (101-136).

[6] Jf. prefasjonen i nattverdsliturgien: «I sanning verdig og rett er det…»

[7] Nos (1984), nr. 274: Himlens konge vil vi prise, av H.F. Lyte i 1834 (etter Sal 103). Omsett av Karl Marthinussen, 1939/Per Lønning, 1973. Melodi av John Goss, 1869.

[8] Her vil eg tilrå å lese Bård Norheims doktorgrad Practicing Baptism: Christian Practices and the Presence of Christ (Pickwick Publications 2014), eller lese det han skriv om dåpen i boka Kan tru praktiserast? Teologi for kristent ungdomsarbeid (Trondheim: Tapir Akademisk Forlag 2008).

[9] Luk 5:1-11.

[10] Luk 5,27-32, jf. Matt 9:9-13.

[11] Jf. Geir Otto Holmås, «Bønn og disippelskap i Lukas-Acta: Til belysning av bønnens betydning for kristen formatio» (Halvårsskrift for Praktisk Teologi 26:1, 2009): 35-44.