Homofilisaka, kyrkjemøtet og tilsyn

No har altså kyrkjemøtet, KM, (ikkje) bestemt seg for kva som skal vere ekteskapssynet i Den norske kyrkja. (Sjå dekking i Vårt Land) I KM sak 14/14 Ekteskapsforståelsen i et evangelisk-luthersk perspektiv, hadde dei altså fire forslag: Det fyrste gjekk inn på å innføre vigselsliturgi for samkjønna par, dei to andre var to versjonar av velsigning for borgarleg inngåtte ekteskap, og det fjerde var å halde fast på det vi har.

Alle fire forslag vart nedstemt, noko som betyr at ein i praksis førebels held fast på det vi har, samstundes som ein utviser ein spesiell form for feigskap. Ved å ikkje endre noko – ved å stemme ned alle forslag på bordet, inkludert det å halde på den forståinga vi har no – så har ein berre flytta problemstillinga eitt år fram, til neste kyrkjemøte. Det er ikkje slik ein imøtegår ei utfordring. Ein tek utfordringa, og svarar på ho. Ein bør ikkje berre utsetje og utsetje i det uendelege.

Spørsmålet er no: Kva skal ein gjere praktisk? Kva gjer ein neste år, eller eventuelt eit anna år der ein tek opp denne saka? Vårt Land melder at ei gruppe på “mer enn 25 kirkemøtemedlemmer” (kva no det skal bety) oppfordrar biskopane til “å ta grep for å finne løsninger som muliggjør praktisering av to (homofili-)syn i kirken.” Eg veit ikkje om desse er ‘konservative,’ ‘liberale’ eller ‘midt imellom,’ men eg er heilt samd i ordlyden her.

Eg er samd med at ein må spegla forskjellige syn i praksis. Men då er det viktig å påpeike at syn her ikkje kan bety ‘personleg meining.’ Det er ganske uinteressant kva ein prest eller biskop har av personlege meiningar. Dei er uansett ikkje der for å fremje sine personlege meiningar (jf. ordinasjonsløftet). Men dersom vi med ‘syn’ meiner kyrkjerettsleg legitim lærestandpunkt, så er det ikkje nok å innføre ny liturgi for å uttrykke to ulike syn i praksis. Å berre innføre ny liturgi vil bety at ein uttrykker det eine synet – det nye.

Eg er meir og meir overtydd om at den einaste måten dette kan gjerast på, som både respekterer begge syn (dvs. kyrkjerettsleg legitime lærestandpunkt) og som set hinder for splitting, er å innføre alternative tilsynsstrukturar, slik Carissimi har etterlyst sidan 2007, med utropet “For enhetens skyld” og basisdokumentet “Carissimi” (som begge vart offentleggjort 19. september 2007, nesten to månadar før kyrkjemøtet i 2007). Dersom ein skal kunna spegle begge syn innanfor Den norske kyrkja må dette gjennomførast på alle plan – ikkje berre liturgisk, men også i tilsynsordninga, slik ein gjorde i Church of England på 90-talet med såkalla ‘flying bishops.’ Dei har klart seg greit med det.

Kort om kristent ungdomsarbeid

I dag har vi hatt om ungdomsteologi og forkynning for ungdom på praktikum. Der snakka vi om forskjellige ting, og ein ting har hengt litt igjen for meg, nemleg kor viktig det er å ikkje berre undervise, men å vise. Som kristne, og kanskje endå meir som prestar, er vi kalla til å leve det kristne livet, og vere førebilete. Her vil eg halde fram Bård Norheim si bok Kan tru praktiserast? Norheim, som har skrive ein doktorgrad om emnet (de finn eit samandrag her), poengterer at ungdomsarbeidet (og eg vil hevde kristent arbeid generelt) må sentrere rundt såkalla ‘kjernepraksisar,’ som kan ‘avhjelpast’ gjennom andre, mindre essensielle, praksisar (som ikkje må ta deira plass). Dette heng (mellom anna) saman med to sentrale innsiktar: at vi ikkje lenger lever i ein ‘kristen kultur,’ og at vi som menneske er essensielt kroppslege og handlingsretta. Difor må vi gå inn i dette, gå ‘back to basics,’ og eg vil som prest prøve å vere meir handlings- og aktivitetsretta, med fokus på den klassisk lutherske liturgisk-rituelle forankringa. Dette kan vere ein misjonal ressurs, spesielt overfor ungdom.

Vi snakka i dag også om dagens ungdom, og var innom boka Making Sense of Generation Y av Sara Savage m.fl. Denne maler eit litt depressivt bilete av ungdom som overflatiske, men eg trur ikkje den treff 100%, noko den anglo-katolske presten Fr Philip North poengterer i si dels positive melding av boka. Han seier at eit av problema ligg i metodikken, idet ein skjer alle unge i ‘generasjon Y’ (unge frå 15-25) under same kam (dette var skrive i September 2006). Det ein heller må gjere, seier han, er å skape relasjon til den enkelte, og ikkje handsame dei som om dei var ein monoman storleik. Disippelgjering handlar om å relasjonsbygging, det handlar om å leve som kristen og vere eit førebilete, og det handlar om å utfordre og å utruste. Eg let Fr. North få siste ordet:

The whole language of ‘Generation’ makes this age group sound like some sort of breed apart whom we observe from a distance as we might tigers in the zoo. Jesus used questions to form relationships not with generations but with individuals. When we try and talk to a ‘generation’ we get nowhere. When we deal with individuals to form trusting relationships, then we can engage. That’s where we can enter into conversations about what happiness might really mean, and that’s where we can capture the imagination of young minds with the Gospel. Sociology is interesting, but it is no substitute for relationship.

Nokre korte kommentarar til reservasjonsdebatten

Carlo_Crivelli_007
Thomas Aquinas (som skreiv mykje om samvitet). Av Carlo Crivelli. Kjelde: Wikimedia Commons.

Etter å ha lest ein del innlegg i reservasjonsdebatten vil eg hevde at argumenta mot reservasjon i stor grad kan kokast ned til dette: “Lækjarane bør ikkje kunna reservere seg mot lovleg praksis.” Men det interessante her er at kirurgar kan reservere seg mot å utføre sjølve inngrepet, og sjukepleiarar kan reservere seg mot å ta del i det. Spørsmålet då, ver dette: Kva er grunnen til at ingen kirurg kan tvingast til å utføre, og ingen sjukepleiar kan tvingast til å ta del i, abortinngrepet?

Dersom ein kirurg eller ein sjukepleiar kan reservere seg mot abort, fordi det er belastande, burde også ein fastlege kunne gjere det same. For kvifor er det belastande? Kan det vere fordi nokre kirurgar ikkje likar nakne kvinnekroppar? Ikkje toler blod? Ikkje tør å ta i ein skalpell? Synst operasjonar er ‘ekle’? Eller er det kanskje fordi nokre ikkje har samvit til å ta del i inngrepet, og at det difor er opent for reservasjon? Det heile kokar ned til eit samvitsspørsmål. Kvifor har kirurgen og sjukepleiaren samvitsrett i dette spørsmålet når fastlegen ikkje har det?

Fastlegen er juridisk like delaktig i inngrepet som kirurgen og sjukepleiaren. Fastlegen som viser til abort kan ikkje berre ‘vaske hendene sine’ og hevde å ikkje vere ein del av prosessen.

Litt meir om alternativt tilsyn

Investiturewoodcut
Utsnitt av Philip Van Ness Myers (d. 1937). Mellomalderkonge som gjev ein biskop sine embetssymbol. Les om investiturstrida her.

Det fylgjande innlegget er basert på dette innlegget som eg posta som eit svar til dette innlegget på Verdidebatt. Eg tenkte at eg også kunne leggje det ut her, dels fordi det ser ut til å drukne i mengda av useriøse innlegg (som dessverre har vorte ei trend på Verdidebatt).

Ingvild Bjørnøy Lalim, som er teologistudent ved Det teologiske menighetsfakultet (MF), har, på vegne av seg sjølv og ei rekkje andre MF-studentar, lagt ut ein artikkel der dei seier ifrå om at dei vil ha høve til å velsigne og vigsle homofile par som prestar i Den norske kyrkja. Eg er for tida prestestudent ved Misjonshøgskulen (praktikum der, men har master får NLA i Bergen), og skal snart ut i teneste som prest. Eg er djupt usamd med det dei underskrivande MF-studentane skriv. Men ein premiss deler eg fullt og heilt. Dei skriv: “Kirkemøtets medlemmer må ta innover seg at når man har to syn må dette speiles i kirkens praksis.”

Eit sentralt poeng her er at det er uinteressant kva personlege syn eller meiningar den einskilde prest eller biskop har. Det eg legg i omgrepet ‘ulike syn’ er altså ikkje at det finst ulike meiningar, men det at to ulike syn no er offisielle i Den norske kyrkja – i lære (etter Lærenemnda si utsegn i 2006) og i ordningar (etter sak 7 på kyrkjemøtet i 2007). Det er berre eit tidsspørsmål før dette også vert nedfelt i liturgien, slik dei nemnte MF-studentane ynskjer.

Men det eg finn interessant her, er dei logiske konsekvensane av den premissen MF-studentane hevdar; at når vi har to syn (dvs. to offisielle og kyrkjerettsleg legitime syn), så må dette speglast i kyrkja sin praksis. Men for å ta dette til sin konsekvens er det ikkje nok berre å innføre ny liturgi. Det vil ikkje endra på problemet. Forskjellen kan ikkje berre speglast i liturgien, den må også speglast skikkeleg i ordningane. For at denne premissen skal takast på alvor må ein også innføre parallelle tilsynsstrukturar. Og det er akkurat dette Carissimi har ettersøkt sidan 2007, i hovudsak med utropet “For enhetens skyld” og basisdokumentet “Carissimi” (som begge vart offentleggjort 19. september 2007, nesten to månadar før kyrkjemøtet).

Ja, vi må spegle at det er to syn i praksis, men det må også speglast i tilsynsordninga.