Happy New Year!

“Therefore, if any one is in Christ, he is a new creation;
the old has passed away, behold, the new has come.”

2. Cor. 15:17

Happy New Year!

Today is the day when one has traditionally celebrated the circumcision of Christ, on the 8th day. The 1st being the December 25, the 8th being the January 1. I therefore want to quote Luke 2:21:

And at the end of eight days, when he was circumcised, he was called Jesus, the name given by the angel before he was conceived in the womb.

In the Catholic Church on celebrates, according to the ‘new’ order, Mary, the Mother of God. I therefore want to quote Gal. 4:4-7:

But when the time had fully come, God sent forth his Son, born of woman, born under the law, to redeem those who were under the law, so that we might receive adoption as sons. And because you are sons, God has sent the Spirit of his Son into our hearts, crying, “Abba! Father!” So through God you are no longer a slave but a son, and if a son then an heir.

Glory be to the Father and to the Son and to the Holy Spirit. Amen!

And something I sent up myself some years back, though not as ‘spectacular’:

Tredve år, post nr. 1000, evolusjonsteori og kristentru

I dag fyller eg tredve år. Som ‘tradisjonen’ tilseier, må eg vel poste det eg ofte har posta på bursdagen min: ei ‘lettare’ utradisjonell og kreativ omsetjing av Ord 15:15. I Bibelselskapets omsetjing av 2011 står det: “For ein fattig er alle dagar vonde, den fornøgde gjer kvar dag til ein fest.” Men det er litt for tamt. Denne passar vel betre: “For den dølle er dagane kjipe, men den hippe drar stadig feite parteyys!”

Eg vil også gratulere min gode ven John Arne med dagen. Han er fødd i 1972, og er 10 år, 364 dagar, 22 timar og 17 minutt eldre enn meg. Og så må eg også gratulere Paul, som også fyller tredve i dag!

Og vi må også, ‘tradisjonen tru,’ sitere frå Skrifta, bok 30, kap. 30, v. 30. 30. bok etter protestantisk kanon er Amos, men den har ikkje 30 kapittel. I den katolske kanon er dette Jeremia. Der har vi meir enn 30 kapittel, men det er ikkje 30 vers i kap. 30. Eg vil difor telje frå vers 24 i Jer 30, opp til 30 vers, slik at vi då får Jer 31:6, som er eit fint vers å ta med seg:

Ja, det kjem ein dag
då vaktmenn skal ropa på Efraim-fjellet:
Kom, lat oss dra opp til Sion,
til Herren vår Gud!

Men vi kan ikkje kaste bort denne posten på berre slike ting. Dette er nemleg min post nr. 1000! Difor tenkte eg å ta opp eit spørsmål som eg har vore litt oppteken av, og som eg har diskutert, i det siste; forholdet mellom evolusjonsteori og kristentru. Eg skal ikkje skrive mykje her, men vil tilrå litt lesestoff. I forholdet til kristendommen er det tre stader der vi kan finne problem med evolusjonsteorien: (1) ei lesing av Skrifta, der det ser ut til at Gud skapte dyra kvar for seg (i forskjellige ‘slag’); (2) ei filosofisk forståing av verda der noko ikkje kan gje det som det ikkje har; og (3) ei lesing av Skrifta der alle menneske stammar frå eitt par (som har fått namnet Adam og Eva). Eg skal ikkje gå inn på desse spørsmåla sjølv, men vil tilrå å lese dei fylgjande artiklane og bloggpostane, i denne rekkefylgja:

  1. Jimmy Akin (bloggpost), Genesis One.
  2. Kenneth W. Kemp, “Science, Theology, and Monogenesis” (American Catholic Philosophical Quarterly 85:2, 2011), s.217-236. [Dette er ein vitskapleg artikkel i eit fagfellevurdert tidsskrift.]
  3. Edward Feser (bloggpost), ID theory, Aquinas, and the origin of life: A reply to Torley.
  4. Edward Feser (bloggpost), Modern biology and original sin, Part I.
  5. Edward Feser (bloggpost), Monkey in your soul?
  6. Edward Feser (bloggpost), Modern biology and original sin, Part II.

I tillegg til dette finst det gode bøker som tek opp desse spørsmåla. Les gjerne desse bøkene av Edward Feser, Philosophy of Mind (Revised ed. Oneworld 2007); Aquinas (Oneworld 2009); The Last Superstition (New ed. St. Augustines Press 2010); og Aristotle on Method and Metaphysics (Palgrave Macmillan 2013). Av desse eig eg berre, og har berre lest (eller held på å lese) Aquinas og The Last Superstition. Siste bok, Aristotle on Method and Metaphysics, er redigert av Feser, men er ikkje hans prosjekt åleine.

Les gjerne også Henry Koren, An Introduction to the Philosophy of Animate Nature (Ginn Press 1955); David Oderberg, Real Essentialism (Routledge 2008); Etienne Gilson, From Aristotle to Darwin & Back Again: A Journey in Final Causality, Species and Evolution (Ignatius Press 2009); og Conor Cunningham, Darwin’s Pious Idea: Why the Ultra-Darwinists and Creationists Both Get It Wrong (Wm. B. Eerdmans Publishing Company 2010). Sistnemnde fekk ein god melding av Knut Alfsvåg i Teologisk tidsskrift 1:2, 2012, s.211-213. Eg har ikkje desse bøkene sjølv.

Ja, ja, for å utnytte dagen maksimalt og vere ekstra egoistisk og sjå ekstra mykje på min eigen navle kan eg jo nemne at eg (1) eig verken Philosophy of Mind; Aristotle on Method and Metaphysics; An Introduction to the Philosophy of Animate Nature; Real Essentialism; From Aristotle to Darwin & Back Again; eller Darwin’s Pious Idea; og (2) har bursdag i dag. 😉

Skeptisk til rock?

Ifylgje dagens magasin i Dagens Næringsliv er eg visstnok skeptisk til rock.[1] Men eg har ingen problem med “Call of Duty.” 😉 Ein har blanda saman ein del. Det er ikkje slik at alle ‘unge norske kristenkonservative’ meiner at staten Israel er Guds folk eller meiner at dansing, popmusikk og alkohol per definisjon er synd. Men uansett spanande lesing. Det skal seiast at eg snart eg tredve år, medan nærast alle som er intervjua er mellom 20-23. Eg hamna likevel på framsida av avisa. 😉

Til slutt vil eg tru at nokre av dei som er intervjua her, spesielt dei som er knytt til bibelskulen på Fossnes, ville vore særs skeptiske til oss på St.ae. Sunniva Studenthjem i Bergen, vi som er så katolske, som krossar oss og som feirar messe to gonger i veka……

Note:

[1] Magasinet i Dagens Næringsliv, 11. mai 2013, s.16-23.

Den nye nynorskrettskrivingsnorma

Språkrådet har no komme med ei ny nynorskrettskrivingsnorm som trer i kraft frå i dag av. Ein kan lese litt ok dette i heftet Ny nynorskrettskriving frå 2012. Det er mykje rart i denne reforma. Men før eg går inn på dette vil eg kort vise til ein artikkel frå NRK Nyhende. Her les vi om norsklæraren Tore Vaag som kuttar ut nynorsken fordi den nye norma gjer nynorsk likare bokmål. Eg kjem nok ikkje til å gå så langt som han, men eg meiner han har eit godt poeng. Ord som ‘fjelli’ og ‘røysti’ er ein del av vår nynorske kultur og språkhistorie, og det er heilt feil at ein som norsklærar ikkje lenger skal kunna bruke dette. Spesielt sidan mykje av pensum i nynorsk (som bokmål) nettopp er poesi, der ein ofte kan møte på i-formar. Styreleiar Ottar Grepstad i Språkrådet slår likevel tilbake med eit useriøst innspel: “Eg skulle ynskje at heile målrørsla slutta breitt opp om dette, i staden for å rote seg inn i ein strid, som målrørsla har hatt altfor sterk tradisjon for i denne saka.” Ja, for alle veit jo at dersom ein ikkje er samd med Språkrådet, då er ein berre ein kranglefant. Ein annan person som også meiner det er for mykje ‘krangling’ er språkforskaren Torodd Kinn ved UiB. Ifylgje NRK mener han at “det viktigaste overlever i den nye nynorsken. Ein skal framleis skrive ”eg” og ”ikkje”, og ein kan velje mellom å skrive ”leve” eller ”leva”, ”fyrst” eller ”først” og ”anten” eller ”enten”.” Problemet med dette er at ordet ‘enten’ ikkje er nynorsk, det er bokmål. På protest oppmodar alle nynorskelevar til konsekvent å nekte å bruke slike ord, og konsekvent å bruke i-mål, for å skape litt blest. 😉

Problemet med denne reforma er at ein meiner å ha gjort endringar som skal gjere nynorsken ‘enklare’ og ‘strammare.’ Ein skal fjerne i-mål, men det virkar ikkje som språkrådet skjønar språk. I-mål er eit system, som a-mål. Det er ikkje ‘komplisert’ å bruke i-mål. Det er berre å skrive ‘soli’ istaden for ‘sola,’ eller ‘bygdi’ istaden for ‘bygda.’ Nynorsk vert ikkje enklare ved at ein gjer endringar (eller fjerner valfridomen) på systemnivå. Problemet er at det nye systemet verken er ‘enkelt’ eller ‘stramt.’ Kva får eigentleg språkrådet til å tru at det vert lettare å lære seg nynorsk når einskilde setningar no kan skrivast på seksten forskjellige måtar?

I heftet som er nemnt ovanfor har ein lista opp ord som no er lov å skrive, og ord som skal ut. Til dømes skal ein (framleis) kunna bruke desse bokmålsorda (ja, bokmålsorda): ‘skole,’ ‘komme,’ ‘dømme,’ ‘herredømme,’ ‘bønn,’ ‘lønn,’ etc. Det raraste ordet må vere ‘dokker,’ som no er vorte sidestilt med ‘de’ og ‘dykk.’ Eg har aldri i mine levedagar møtt ein person som ser på dette som eit nynorskord (eller eit bokmålsord, for den saks skuld). I heftet kjem dei med eit alternativ der denne formen vert brukt, fyrst med vanleg formulering, deretter med den nye: “Har de hugsa å ta med dykk sakene dykkar?” “Har dokker hugsa å ta med dokker sakene dokkar?”

Dette er ikkje nynorsk, det er eit dialektord på lik linje med ordet ‘deko.’ Sistenemnde er brukt i mine heimtrakter, og eg bruker det titt og ofte. Men det er ikkje eit skriftord og har ingenting å gjere i skriftspråket, med mindre ein skriv ein poetisk eller skjønlitterær tekst der ein bruker dialekt. Men vi ser også her eit anna problem. I eksempelsetninga ser vi nemleg at ‘de’ og ‘dykk’ har begge to vorte slukt av ‘dokker.’ Men ‘de’ er subjektsform og ‘dykk’ er objektsform. Ved å la eitt og same ordet verte bruk både som subjekts- og objektsform gjer ein språket fattigare og utydelegare.

Eg ville aldri spørre slik: “Likar dykk pizza?” Eller: “Kan eg sitja på med de?” Men no skal eg visstnok kunna skrive dette: “Likar dokker mat?” Eller: “Kan eg sitja på med dokker?” Dette fører til fordumming av språket, og gjer språket vanskelegare å forstå. Eg vonar at ein ikkje gjere same feilen på bokmål, og fjerner ‘ham.’

Nei, ein gjer ikkje nynorsk ‘enklare’ og ‘strammare’ ved å gjere valfridomen mindre på systemnivå (t.d. kva endingar ein skal bruke) og gje større valfridom på omgrepsnivå.