22. desember: O Rex

o-antiphons

O-antifonane. Kjelde.

Om dei sju å-antifonane eller o-antifonane, sjå fyrste innlegg i denne serien.

Dagens bøn er O Rex, og dagens tekst er Dan 7,13-14:

Bøn:

O, verdsens konge,
alle ætter venter deg med lengsle.
Du er den hjørnesteinen som samlar alle til eitt.
Atterløys det falne menneske som du har skapt av jord!

Tekst:

Eg såg i mine nattsyn, og sjå!
– med himmelskyene
kom det ein som var lik ein menneskeson.
Han gjekk bort mot den gamle av dagar
og vart ført fram for han.

Han fekk herskarmakt, ære og rike
så alle folk og nasjonar og tungemål skal tena han.
Hans herskarmakt er ei evig makt
som ikkje skal forgå.
Hans rike går aldri til grunne.

Ha ei god adventstid vidare!

21. desember: O Oriens

o-antiphons

O-antifonane. Kjelde.

Om dei sju å-antifonane eller o-antifonane, sjå fyrste innlegg i denne serien.

Dagens bøn er O Oriens, og dagens tekst er Jes 42,6-7:

Bøn:

O, morgon kjær, evige ljos, all nådes sol.
Lys opp der synda sitt mørke ruger.
Skap nytt og heilagt liv!

Tekst:

Eg, Herren, har kalla deg i rettferd
og gripe handa di.
Eg har forma deg
og gjort deg til ei pakt for folket,
til eit lys for folkeslaga,
for å opna blinde auge
og føra fangar ut or fengselet,
dei som sit i mørkret,
ut frå fangehola.

Ha ei god adventstid vidare!

20. desember: O Clavis

o-antiphons

O-antifonane. Kjelde.

Om dei sju å-antifonane eller o-antifonane, sjå fyrste innlegg i denne serien.

Dagens bøn er O Clavis, og dagens tekst er Jes 22,22 og 49,8-9:

Bøn:

O, Davids son, Herre over Israel!
Du er nykkelen til Guds rike.
Den dør du lukkar, kan ingen lukka til,
og ingen opne der du har lukka.
Løys fangane av synda sine lekkjer
og før dei ut or mørkret og av dødsskuggen.

Tekst:

Eg legg nøkkelen til Davids hus
på skuldra hans.
Når han opnar, skal ingen lukka,
og når han lukkar, skal ingen opna.

Så seier Herren:
I nådens tid svarar eg deg,
på dagen for frelsa hjelper eg deg.
Eg har forma deg
og gjort deg til ei pakt for folket
for å reisa landet opp att
og skifta ut eigedomar som ligg aude,
for å seia til fangar: «Gå ut!»
og til dei som er i mørkret: «Kom fram!»
Dei skal beita langs vegane
og finna beite på alle snaue høgder.

Ha ei god adventstid vidare!

19. desember: O Radix

o-antiphons

O-antifonane. Kjelde.

Om dei sju å-antifonane eller o-antifonane, sjå fyrste innlegg i denne serien.

Dagens bøn er O Radix, og dagens tekst er Jes 11,10a.12:

Bøn:

O, friske skot på Jesse tørre rot.
Underfulle teikn for alle folkeslag.
Sjølv kongar tiar når du talar,
og alle ætter bøyer kne.

Tekst:

Den dagen skal Isais rotskot
stå som eit banner for folka.
Han skal lyfta eit banner for folka,
samla dei fordrivne av Israel
og føra saman dei spreidde av Juda
frå verdsens fire hjørne.

Ha ei god adventstid vidare!