O Emmanuel

o-antiphons
O-antifonane. Kjelde.

I perioden 17. – 23. desember finn vi i den liturgiske tradisjonen dei såkalla å-antifonane eller o-antifonane. Desse sentrerer rundt forskjellige bøner og tesktar, og eg vil desse dagane sitere desse bønene og tekstane. Eg har omsett bønene frå bokmål til nynorsk.’

Dagens bøn er O Emmanuel, og dagens tekst er Jes 8,9-10 og 9,2.6:

Bøn:

O Gud med oss, Immanuel!
Lovgjevar og konge, vi ventar deg med lengsle.
Du er vår von, du er vår frelse.
Atterløys oss, Herre, vår Gud.

Tekst:

Lat hærropet lyda, folkeslag, og bli slegne av skrekk!
Lytt, alle fjerne land!
Rust dykk til strid og bli slegne av skrekk,
rust til strid og bli slegne av skrekk!

Legg ein plan, han skal slå feil!
Sei eit ord, det skal ikkje slå til!
For Gud er med oss.

Det folket som går i mørkret,
ser eit stort lys.
Over dei som bur i dødsskuggens land,
strålar lyset fram.

For eit barn er oss fødd,
ein son er oss gjeven.
Herreveldet er lagt på hans skulder.
Han har fått namnet
Underfull rådgjevar, Veldig Gud,
Evig far, Fredsfyrste.

O Rex

o-antiphons
O-antifonane. Kjelde.

I perioden 17. – 23. desember finn vi i den liturgiske tradisjonen dei såkalla å-antifonane eller o-antifonane. Desse sentrerer rundt forskjellige bøner og tesktar, og eg vil desse dagane sitere desse bønene og tekstane. Eg har omsett bønene frå bokmål til nynorsk.

Dagens bøn er O Rex, og dagens tekst er Dan 7,13-14:

Bøn:

O, verdesns konge,
alle ætter venter deg med lengsle.
Du er den hjørnesteinen som samlar alle til eitt.
Atterløys det falne menneske som du har skapt av jord!

Tekst:

Eg såg i mine nattsyn, og sjå!
– med himmelskyene
kom det ein som var lik ein menneskeson.
Han gjekk bort mot den gamle av dagar
og vart ført fram for han.

Han fekk herskarmakt, ære og rike
så alle folk og nasjonar og tungemål skal tena han.
Hans herskarmakt er ei evig makt
som ikkje skal forgå.
Hans rike går aldri til grunne.

O Oriens

o-antiphons
O-antifonane. Kjelde.

I perioden 17. – 23. desember finn vi i den liturgiske tradisjonen dei såkalla å-antifonane eller o-antifonane. Desse sentrerer rundt forskjellige bøner og tesktar, og eg vil desse dagane sitere desse bønene og tekstane. Eg har omsett bønene frå bokmål til nynorsk.

Dagens bøn er O Oriens, og dagens tekst er Jes 42,6-7:

Bøn:

O, morgon kjær, evige ljos, all nådes sol.
Lys opp der synda sitt mørke ruger.
Skap nytt og heilagt liv!

Tekst:

Eg, Herren, har kalla deg i rettferd
og gripe handa di.
Eg har forma deg
og gjort deg til ei pakt for folket,
til eit lys for folkeslaga,
for å opna blinde auge
og føra fangar ut or fengselet,
dei som sit i mørkret,
ut frå fangehola.

O Clavis

o-antiphons
O-antifonane. Kjelde.

I perioden 17. – 23. desember finn vi i den liturgiske tradisjonen dei såkalla å-antifonane eller o-antifonane. Desse sentrerer rundt forskjellige bøner og tesktar, og eg vil desse dagane sitere desse bønene og tekstane. Eg har omsett bønene frå bokmål til nynorsk.

Dagens bøn er O Clavis, og dagens tekst er Jes 22,22 og 49,8-9:

Bøn:

O, Davids son, Herre over Israel!
Du er nykkelen til Guds rike.
Den dør du lukkar, kan ingen lukka til,
og ingen opne der du har lukka.
Løys fangane av synda sine lekkjer
og før dei ut or mørkret og av dødsskuggen.

Tekst:

Eg legg nøkkelen til Davids hus
på skuldra hans.
Når han opnar, skal ingen lukka,
og når han lukkar, skal ingen opna.

Så seier Herren:
I nådens tid svarar eg deg,
på dagen for frelsa hjelper eg deg.
Eg har forma deg
og gjort deg til ei pakt for folket
for å reisa landet opp att
og skifta ut eigedomar som ligg aude,
for å seia til fangar: «Gå ut!»
og til dei som er i mørkret: «Kom fram!»
Dei skal beita langs vegane
og finna beite på alle snaue høgder.