Evangeliet er Guds ord til oss

Denne er også posta på Verdidebatt, og er ein litt utvida versjon av ein kommentar eg skreiv der.

I diskusjonane omkring om innføring av ny liturgi for vigsel av samkjønna er kyrkjesplittande, vert det ofte vist til Confessio Augustana (CA), art. VII. Der står det, etter den latinske teksten, at kyrkja er «forsamlinga av dei heilage der evangeliet vert lært rett og sakramenta forvalta rett» og at det «til sann einskap i kyrkja» er «nok å vere samd om evangelielæra og om sakramentsforvaltinga.» Då Confessio Augustana vart lagt fram for den tysk-romerske keisar Karl V, på riksdagen i Augsburg i 1530, vart den lagt fram i to utgåver, ein latinsk og ein tysk.[1] Den latinske teksten vert ofte rekna for å vere den ‘offisielle’ versjonen, men det er ikkje noko direkte indikasjon på dette. Begge versjonane vart lagt fram samtundes, og begge er autoritative.

Vel, vi ser noko viktig i CA VII. For i diskusjonane om innføring av ny liturgi for vigsel av samkjønna er kyrkjesplittande eller ikkje, vert det hevda at dette ikkje strir med evangeliet. Harald Hegstad, som sjølv er motstandar av innføring av ny liturgi for vigsel av samkjønna, hevder dette. Han skriv, i eit innlegg på Verdidebatt, at «man kan være uenig om mye og likevel bevare enheten, bare det ikke rokker ved den felles forståelse av evangeliet,» og at «[så] lenge uenigheten kan rommes innenfor et fellesskap som er forpliktet på det samme evangelium, er det også mulig å høre til i den samme kirke.» Vel, det er eit par problem her. Vi har ikkje ‘ei felles forståing av evangeliet.’ Eg har ikkje den same forståinga av evangeliet som, t.d., Sturla Stålsett. Og det vil eg vise er ved å ta opp det vi ser i den tyske utgåva av CA.

I CA VII ser vi at den tyske teksten på mange måtar ekspliserer den latinske. Der den latinske teksten seier at kyrkja er «forsamlinga av dei heilage der evangeliet vert lært rett og sakramenta forvalta rett,» legg den tyske teksten til at sakramenta vert forvalta rett «ifylgje evangeliet» [laut des Evangelii]. Og vidare, der den latinske teksten seier at det «til sann einskap i kyrkja» er «nok å vere samd om evangelielæra og om sakramentsforvaltinga,» legg den tyske teksten til at sakramentsforvaltinga her skal skje «ifylgje det guddomlege ordet» [dem göttlichen Wort gemäss].

Vi ser altså ikkje noko reduksjonistisk evangeliekonsepsjon i CA, der fokuset er på rettferdiggjeringa eller eit slags indre kerygma der det etiske, eller kristenlivet, ert halde utanfor. Vi ser at evangeliet vert identifisert med ‘det guddomlege ordet,’ og eg tenker at dette i hovudsak er Skrifta; Det gamle og Det nye testamentet.[2] Evangeliet er altså Guds ord, Kristi ord, med Kristus som kjerna (jf. CA I-III).[3] Her ser vi ikkje noko kunstig skilje mellom rettferdiggjeringa og det nye livet, noko som for Luther var å rekne nærast som ein form for nestorianisme.[4] Vi finn heller ikkje noko grunnlag til å hevde at vi, på den eine sida, kan hevde at evangeliet er ‘det guddomlege ordet’ og at vi, på den andre sida, kan hevde at noko som er framsett som Guds vilje i nettopp ‘det guddomlege ordet’ kan forkastast utan at evangelieforståinga endrar seg, og utan at den kyrkjelege einskapen vert truga eller broten.

Søndag som var (24. januar) feira vi såmannssundagen i Den norske kyrkja, og då las vi frå Paulus 2. brev til Timoteus. Vi må ta til oss det han sa der, at «dei heilage skriftene» kan «gje deg visdom til frelse ved trua på Kristus Jesus,» og at kvar bok i Skrifta, i Bibelen, «er innanda av Gud og til nytte i opplæring, formaning, rettleiing og oppseding i rettferd, så det mennesket som høyrer Gud til, kan bli fullt utrusta til all god gjerning.» Dette er evangeliet.

Noter:

[1] For ei tekstkritisk utgåve av desse, sjå Die Bekenntnisschriften der evangelisch-lutherischen Kirche (Göttingen: Vandenhoeck & Ruprecht 1930, 11. utg., 1992).

[2] For Luthers syn på Skrifta, sjå Knut Alfsvåg, «På Luthers vis: Om den sakssvarende bibellesnings forutsetninger og implikasjoner» (Theofilos Supplement 7:1, 2015): 33-44.

[3] For dette, sjå Alfsvåg, «Luthersk spiritualitet: Om lære og liv i den éne, kristne kirke» (Dansk Tidsskrift for Teologi og Kirke 40:1, 2013): 42-56.

[4] For dette sjå Alfsvåg, «Theosis og eucharisti: Om tonatur-kristologien som fundament for menneskesyn og sakramentforståelse» (Foredrag ved NKK/FBBs dialogmøte Bergen 1. november 2014), spes. s.6.

Advertisements

Hallaråker: A New Hope

Det siste døgeret har det storma ein del rundt Karl Johan Hallaråker, tidlegare generalsekretær i Indremisjonsforbundet (ImF), etter at han rosa bispemøtet for kloke råd i ein vanskeleg situasjon. (For nokre av svara, sjå her og her.) Utgangspunktet er bispemøtet sine råd i høve innføring av vigselsliturgi for samkjønna par. Eg skal ikkje her verken forsvare eller kritisere Hallaråker, det klarar han sjølv (han deltek i kommentarfeltet på artikkelen), men eg vil ta utgangspunkt i eit viktig moment som kom fram i Vårt Land si dekking av saka, men som ikkje kom fram i Hallaråker sitt eige innlegg. I artikkelen står det at han har «den samme teologiske grunnholdning som Rolf Kjøde,» før han sjølv vert sitert: «Jeg har et markant lavkirkelig utgangspunkt, men jeg har aldri tenkt at jeg kunne gjøre folkekirken til en indremisjonsorganisasjon eller misjonsforsamling.»

Viss vi tek utgangspunkt i Hallaråker sitt lågkyrkjelege syn (der biskopen ikkje har noko som helst større kyrkjeleg makt enn ein prest, evt. ein lekmann), samt i det folkekyrkjeomgrepet som gjer seg gjeldande i innlegget, er det ikkje noko spesielt oppsiktsvekkande med det Hallaråker skriv. Han uttrykker seg kanskje mildare enn en er vane med frå den kanten, men eg ser faktisk ikkje den spesielt store forskjellen mellom det synet Hallaråker her målber, og det som på 1920-talet resulterte i den såkalla Calmeyergatelinja (sjå her, her og her). Eg ser ei heilt klar, prinsipiell, linje frå Hallaråker til Ludvig Hope, der det er eit markant skilje mellom ‘Guds folk’ på den eine sida og ‘den institusjonelle kyrkja’ (i hans, og Hallaråker, sitt tilfelle Den norske kyrkja, Dnk) på den andre, der sistenemnde ikkje er meir enn «eit stillas me står på for å byggja Kristi kyrkja.»

Med eit lågkyrkjeleg utgangspunkt er det eigentleg ganske likegyldig kva biskopen meiner (prinsipielt sett, om ikkje praktisk). Men her skil eg meg frå Hallaråker. Eg meiner at eit høgkyrkjeleg utgangspunkt er det mest sakssvarande (noko eg har skrive om her og her, samt i mine mange innlegg om Carissimi), og eg vil også hevde – som ein i praksis gjer i Carissimi – at det nettopp er eit høgkyrkjeleg syn som ligg til grunn for både preste- og bispeembetet i Dnk (sjå dette dialogdokumentet mellom Carissimi og biskopen i Stavanger, s.8-11, om Carissimi og ekklesiologien, spes. n.19), noko som også kjem til uttrykk i den framste av dei ‘særlutherske’ vedkjenningane, Confessio Augustana, art. 5, 14 og 28.

Her vil eg markere mi usemje med Hallaråker. Men eg kan ikkje skjøna kvifor så mange av han ‘kumpanar’ er usamde, når dei sjølv står i denne lågkyrkjelege Hope-tradisjonen. Viss dette betyr at dei har forkasta denne Hope-tenkinga, er det sjølvsagt gode nyhende.

Ja, reservasjonsrett er ikkje tilstrekkeleg

I etterkant av kyrkjevalet har det vorte diskutert kva løysinga skal vere i høve innføring av liturgi for vigsel av samkjønna par. Dag Øivind Østereng har poengtert at det ikkje er nok å innføre reservasjonsrett, og viser til det han, i Carissimi, har hevda sidan 19. september 2007 – ca. to månadar før kyrkjemøtet då opna for at folk i samkjønna samlivsformer kunne vigslast til teneste i Den norske kyrkja (Dnk), i sak 7/07. Opprettinga av Carissimi, eller rettare sagt offentleggjeringa av dokumenta «For enhetens skyld» og «Carissimi,» saman med eit fylgjebrev, då Carissimi ikkje er ein ‘medlemsorganisasjon,’ var altså ikkje, slik m.a. Bispemøtet har hevda (BM, sak 28/08), ein reaksjon på kyrkjemøtet, men ein svar til lærenemnda si utgreiing frå 2006 (som av ein eller annan grunn er fjerna frå nettet), noko Østereng påpeiker her. Poengter har heile tida vore at om ein verkeleg vil halde fram at det skal vere to likeverdige syn, så kan ikkje dette skje ved innføringa av det nye synet. Då står vi ikkje lenger med to syn. Då står vi framleis med eitt syn – det nye. Og dette ser det no ut som at biskop Atle Sommerfeldt har skjønt. Han seier at han «er enig med Østereng i at begrepet «reservasjonsrett» ikke i tilstrekkelig grad reflekterer at det i Den norske kirke er to syn på ekteskapet, to syn som begge er teologisk og kirkelig legitime.» Og ein konsekvens av dette, og av «Bispemøtets læreuttalelse, bekreftet nesten enstemmig i Kirkemøtet i 2014, om at ulike syn på ekteskapet ikke gir grunnlag for å bryte ­kirkens enhet, er at de to syn må være likestilte.» Men då, legg han til, «er ikke en individualisert reservasjonsrett tilstrekkelig. Hvordan dette skal formateres har Bispemøtet startet arbeidet med.»

Her trur eg Carissimi kan vere til hjelp. Det ein treng er alternative tilsynsstrukturar. For det er jo biskopen som er den som representerer bispedømet. Ifylgje vigselsliturgien skal biskopen ta vare på læra, og då må det altså vere to biskopar viss det er snakk om to motstridande lærepunkt «som begge er teologisk og kirkelig legitime.» Og desse to kan ikkje vere i formell kommunion med kvarandre.

Dette har eg hevda mange gonger, m.a. her, her, her, her, her og her.

Men er dette vanskeleg? I Church of England – som Dnk er i kommunion med som fylgje av Porvoo-avtalen – har hatt slike strukturar i mange år, ved såkalla ‘flying bishops.’ Viss ei nasjonalkyrkje/folkekyrkje, som vi faktisk er i kommunion med, kan klare dette, kvifor skal det ikkje gå an her også? Reservasjonsrett er ikkje ei løysing. Som prest forkynner eg ikkje på vegne av meg sjølv, men på vegne av kyrkja. Og som vi veit er det jo den rette overleveringa av læra – evangelielæra – som er konstituerande for kyrkja sin einskap, saman med den rette sakramentsforvaltinga, viss vil framleis vil fylgje Confessio Augustana, art. VII.

To syn?

Denne er også publisert på Verdidebatt.

______________________________

Tønsbergs Blad melder at Tunsberg biskop Per Arne Dahl no har ‘avklart’ sitt syn på vigsel av homofile. Vel, noko ‘avklaring’ var det vel ikkje. Det er jo det same synet han målbar fram mot bispenominasjonen i Tunsberg. Han vil ikkje vie homofile par, men «ønsker å bidra til en verdig og forutsigbar forbønnshandling, for likekjønnede som er borgerlig viet etter norsk lov og som ønsker å bli bedt for i kirken.» Det er nokre heilt tydlege problem med eit slikt syn. For kva er den essensielle forskjellen? Kva er det ein ber om forbøn for? Men det eg no vil ta tak i, er retorikken om ‘to ulike syn.’

Biskop Dahl bruker nemleg dette i innlegget sitt:

«For meg er også tidligere vedtak på Kirkemøtet avgjørende: For det første, at vi må respektere at vi i kirken har to syn i dette spørsmålet. For det andre, at dette spørsmålet ikke skal være kirkesplittende.»

Eit spørsmål teiknar seg tydleg: Kva betyr det at vi har «to syn i dette spørsmålet»? Dette spørsmålet tek også Marta Bjørnøy Lalim, kandidat på Åpen Folkekirke si liste i Tunsberg Bispedømme, opp i eit innlegg Drammens Tidende. Ho vil at biskopen skal ‘skjerpe seg,’ og kjem med ein kommentar: «Du skriver at vi må respektere at kirken har to syn i dette spørsmålet. Fint. Er det ikke da naturlig at du også går inn for liturgi forlikekjønnet vigsel? Hvis kirken skal kunne leve med to syn må dette også vise seg i praksis.» Dette er også det synet som vart målbore på Verdidebatt i februar i fjor, av ei rekke MF-studentar, inkludert søstera til Marta Bjørnøy Lalim, Ingvild Bjørnøy Lalim: «Kirkemøtets medlemmer må ta innover seg at når man har to syn må dette speiles i kirkens praksis

Og her kjem problemet fram. Som underskrivar av Carissimi-dokumentet, og som medlem i Johanneskretsen,* er eg samd i at viss vi vil ha to ulike syn, så må dette uttrykkast i praksis.

Det er ganske uinteressant kva ein prest eller biskop har av personlege meiningar. Dei er uansett ikkje der for å fremje sine personlege meiningar (jf. ordinasjonsløftet). Men dersom vi med ‘syn’ meiner

Det er eit sentralt poeng at det er ganske uinteressant kva ein prest eller biskop har av personlege meiningar. Dei er uansett ikkje der for å fremje sine personlege meiningar (jf. ordinasjonsløftet). Det vi må meine med ‘ulike syn’ må altså vere noko meir enn ulike meiningar. Det må vere at to ulike syn skal vere offisielle standpunkt i Den norske kyrkja; i lære (som i praksis skjedde etter Lærenemnda si utsegn i 2006), ordningar (som i praksis skjedde etter sak 7 på kyrkjemøtet i 2007)** og liturgi (som mange no jobbar for).

Det er nokre tydlege problem her, og for å setje lys på dei vil eg nytta høvet til å peike på det som heile tida har vore Carissimi sitt poeng:

Eg er heilt og fullt samd i premissen som er nemnt oppfor, at viss vi verkeleg vil ha to syn (dvs. to offisielle og kyrkjerettsleg legitime standpunkt) i ei sak, så dette uttrykkast i praksis. Men det skjer ikkje berre ved innføring av ny ny liturgi. For innføring av ny liturgi er ikkje eit uttrykk for to ulike syn, men eit uttrykk for at det tradisjonelle synet (det eine av dei to) vert forkasta til fordel for det nye. Dette vil ikkje endre ‘problemet.’ For viss vi verkeleg vil ha to syn må dette speglast fleire stader enn i liturgien.

For at denne premissen skal takast på alvor må ein også innføre alternative og parallelle tilsynsstrukturar, slik Carissimi heile tida har sagt, gjennom utropet “For enhetens skyld” og basisdokumentet “Carissimi” (som begge vart offentleggjort 19. september 2007, nesten to månadar før kyrkjemøtet). Dersom ein skal kunna spegle begge syn innanfor Den norske kyrkja må dette gjennomførast på alle plan – ikkje berre liturgisk, men også i tilsynsordninga, slik ein gjorde i Church of England på 90-talet med såkalla ‘flying bishops.’ Fyrst kan vi ærleg snakka om to like syn. Men då har vi også i praksis to kyrkjer. For vi kan ikkje ha ei kyrkje som har to motstridande lærestandpunkt. Vi kan ikkje ærklere demokratisk at eit syn ikkje er kyrkjesplittande. Dette er kyrkjesplittande. Om det ikkje er det på papiret er det det i praksis.

Det beste hadde vore om alle slutta med retorikken omkring ‘to ulike syn.’ For det folk vil er jo ikkje å ha to offisielle og kyrkjerettsleg legitime standpunkt, men at det eine standpunktet skal gjelde framfor det andre.

* Vi jobbar med nye nettsider.

** Av ein eller annan uforståeleg grunn har dei nettansvarlege i Den norske kyrkja gjort det slik at dei gamle lenkene, og mykje av innhaldet, ikkje lenger er tilgjengelege. Om dei skulle komme tilbake, er dette lenka til Lærenemnda si utsegn i 2006 og dette lenka til sak 7 på kyrkjemøtet i 2007.