I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by

nativitycard
Eit klassisk austkyrkjeleg juleikon

Denne bloggposten vart publisert kl. 17:01, og då er vi liturgisk sett i fyrste juledag. Tekstane for dagen etter katolsk ordning (julekveldsvigilien) er Jes 62:1-5; Apg 13:16-17.22-25; Matt 1:1-25 (evt. kortare: Matt 1:18-25), med Sal 89:4-5.16-17.27.29 som bibelsk salme/salmeomkved.

Denne jula vil eg stogge litt opp med evangelieteksten og teksten frå Apostelgjerningane. Vi les i Jesu namn:

Det står skrive i Apostelgjerningane:

16 Då reiste Paulus seg, gav teikn med handa og sa: «Israelittar og de andre som ottast Gud, høyr på meg! 17 Han som er Gud for Israelsfolket, valde ut fedrane våre. Han gjorde dei til eit stort folk då dei var innflyttarar i Egypt, og med lyft arm førte han dei ut derifrå. 22 Men Gud avsette [Saul] og reiste opp David til konge over dei. Han fekk dette vitnemålet av Gud: ‘Eg har funne David, son til Isai, ein mann etter mitt hjarte. Han skal gjera alt det eg vil.’ 23 Av hans etterkomarar lét Gud ein frelsar for Israel stiga fram, så som han hadde lova. Det er Jesus. 24 Før han kom, hadde Johannes forkynt omvendingsdåp for heile Israelsfolket. 25 Og då Johannes fullførte livsløpet sitt, sa han: ‘Eg er ikkje den de held meg for å vera. Men etter meg kjem ein, og eg er ikkje verdig til å løysa sandalen av foten hans.’»

Slik lyder Herrens ord.
Gud vere lova!

Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Matteus.
Ære vere deg, Herre!

1 Dette er ættetavla til Jesus Kristus, Davids son og Abrahams son: 2 Abraham fekk sonen Isak, Isak fekk Jakob, Jakob fekk Juda og brørne hans. 3 Juda fekk sønene Peres og Serah med Tamar. Peres fekk sonen Hesron, Hesron fekk Aram, 4 Aram fekk Amminadab, Amminadab fekk Nahsjon, Nahsjon fekk Salma, 5 Salma fekk sonen Boas med Rahab, Boas fekk sonen Obed med Rut, Obed fekk Isai, 6 og Isai vart far til David, kongen.

David fekk sonen Salomo med kona til Uria, 7 Salomo fekk sonen Rehabeam, Rehabeam fekk Abia, Abia fekk Asa, 8 Asa fekk Josjafat, Josjafat fekk Joram, Joram fekk Ussia, 9 Ussia fekk Jotam, Jotam fekk Ahas, Ahas fekk Hiskia, 10 Hiskia fekk Manasse, Manasse fekk Amon, Amon fekk Josjia, 11 og Josjia vart far til Jojakin og brørne hans; det var på den tid då folket vart bortført til Babylon. 12 Etter at dei vart førte til Babylon, fekk Jojakin sonen Sjealtiel, Sjealtiel fekk Serubabel, 13 Serubabel fekk Abiud, Abiud fekk Eljakim, Eljakim fekk Asor, 14 Asor fekk Sadok, Sadok fekk Akim, Akim fekk Eliud, 15 Eliud fekk Eleasar, Eleasar fekk Mattan, Mattan fekk Jakob, 16 og Jakob vart far til Josef, mannen til Maria. Av henne vart Jesus fødd, han som blir kalla Kristus.

17 Slik er det i alt fjorten slektsledd frå Abraham til David, fjorten slektsledd frå David til bortføringa til Babylon og fjorten slektsledd frå bortføringa til Babylon fram til Kristus.

18 Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var lova bort til Josef. Men før dei kom saman, viste det seg at ho var med barn ved Den heilage ande. 19 Josef, mannen hennar, var ein rettvis mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skilja seg frå henne i det stille. 20 Då han hadde tenkt ut dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande. 21 Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.» 22 Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:

23 Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son,
og dei skal gje han namnet Immanuel

– det tyder: Gud med oss.

24 Då Josef vakna frå søvnen, gjorde han som Herrens engel hadde bode han og tok Maria heim til seg som kona si 25 og levde ikkje saman med henne før ho hadde fødd son sin. Og han gav han namnet Jesus.

Slik lyder det heilage evangeliet.
Lova vere du, Kristus!

Denne evangelieteksten er velkjend for mange, men i dag vil eg ikkje fokusere på siste del, men på slektstavla og på Pauli ord.

Den katolske forfattaren Peter Kreeft har sagt mange gonger at folk i oldtida elska slektstavler, og at vi ser denne fascinasjonen over heile verda, også i dag i ikkje-vestlege kulturar. Vi, derimot, finn dette ofte keisamt. Vi er ofte intereserte i slektsforsking, men vi har ikkje den fascinasjonen mange kulturar har for slektstavler, der det er noko stort å lese opp tavla, slik vi t.d. ser i miniserien Roots. Når dei har kome fram, byrjar dei å lese opp slektshistoria, nærast rituelt: “One day Kunta Kinte…”

Vi er individualistar. Men denne fascinasjonen for slektstavler finn vi i bibelsk tid. Det er mange av dei i GT, og det var eit viktig poeng å ha dei med i evangelia. Det står særs mykje viktig i v.18-25 i dagens evangelietekst, men for dei fyrste lesarane var slektstavla minst like viktig.

Ut frå slektstavla ser vi at Jesus, “han som blir kalla Kristus” er “Davids son og Abrahams son.”

Desse to var heilt sentrale for jødane. Abraham var den store patriarken og presten, David var symbolkongen framfor alle. Kristi pakt med oss vart, i Gal 3, framstilt som ei realisering, ei fullkommengjering, av Abrahamspakta:

De er alle Guds born ved trua, i Kristus Jesus. For alle de som er døypte til Kristus, har kledd dykk i Kristus. Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus. Og høyrer de Kristus til, då er de Abrahams ætt og arvingar etter lovnaden.[1]

Vi kan på mange vis seie at Kristus er ‘den nye Isak.’ Isak var Abrahams son, og Kristus tek Isaks plass, som lyftessonen, men også som offer.[2] Men Kristus er også, på mange vis, ‘den nye Salomo.’ Han er Davids son, kongen. I Kristus vert desse to smelta saman. Og dette er kjernen i evangeliet.

Som eg har påpeikt før, vart omgrepet evangelium (‘godt nytt’) brukt av kongar, fyrstar og keisarar for mellom anna å markere deira tronstigningsdag.[3] Etter det ‘kaos’ som oppstod ved ein konge-, fyrste eller keisardød, kom den nye og innførte fred og stabilitet. Dette var i det minste retorikken bak. Livet vart likevel det same som før for folk flest. Med Kristus ser vi noko anna. Han hevda å vere Messias – han hevda å vere Israels representant. Men han hevda ikkje berre å vere ein av mange ‘messiasar’ – endå ein politisk figur, endå ein utfriar frå fysisk fangenskap – frå romarar, korrupte jødiske styresmakter, osv. Nei, han hevda å vere Herre, han hevda å vere Gud. Og han, og etterfylgjarane eller læresveinane hans, var difor ein trussel, for Kristi herredøme relativiserer herredømet til kongar, fyrstar og keisarar. Herodes den Store, t.d., tola ikkje Kristi utfordring og prøvde å utrydde han ved å gje ordren om å drepe alle gutteborn i Betlehem opp til 2 år.[4] Seinare ser vi at barnebarnet, Herodes Agrippa I, gjekk hardt fram mot dei kristne, fordi dei forkynte Kristi herredøme, Kristi evangelium – at det er Kristus som er Herre, og ikkje verken Herodes, Cæsar, Napoleon eller til og med Haakon, Olav eller Harald. Og ikkje berre konge i Israel, i romarriket, Frankrike eller Noreg, men Herre og konge over universet, kongen over alle kongar, Herren over alle herrar.

Herodes Agrippa I var jøde og var fødd i Judea, men store delar av oppveksten hadde han i Roma, i keisarthoffet. Han kjente nok difor til evangelie-omgrepet, og det er ikkje usannsynleg at han brukte det om sin eigen tronstigningsdag – den dag han vart konge i Israel. Difor, ved å forkynne Kristus som Herre, sa dei kristne at det herredømet som var gjeve til kongar, fyrstar eller keisarar var relativt – dei hadde det på lån frå Gud.[5] Evangeliet er ikkje at Jesus er ein av mange som kan gje deg ei kjekk religiøs oppleving. Nei, evangeliet er dette: Jesus Kristus, den krossfeste og oppstadne Messias er universets Herre. Eller kortformen: Jesus er Herre.[6]

Kristi evangelium er godt nytt for fattige. For det seier ikkje at Kristus er berre ein av mange politiske ‘messiasar.’ Han er ikkje ein oldtidsversjon av Neo frå The Matrix. Han er ikkje endå eit syndig menneske som berre vil tyne menneska endå meir. Han er Gud, og han er god.

Julebodskapen er at Gud, i Kristus, har planen klar for å gripe inn att, og gje menneska nytt liv, i overflod, slik vi les i Jesaja, der vi finn det rette tolkingsparadigmet for det kristne evangelieomgrepet – at Kristus er Gud, Herre og konge. Vi les frå kap. 9:[7]

Det folket som går i mørkret,
ser eit stort lys.
Over dei som bur i dødsskuggens land,
strålar lyset fram.

For eit barn er oss fødd,
ein son er oss gjeven.
Herreveldet er lagt på hans skulder.
Han har fått namnet
Underfull rådgjevar, Veldig Gud,
Evig far, Fredsfyrste.

Så skal herreveldet vera stort
og freden utan ende
over Davids trone og hans kongerike.
Han skal gjera det fast og halda det oppe
med rett og rettferd
frå no og for all tid.
Herren over hærskarane skal gjera dette
i sin brennande iver.

Som kristne har vi fått eit oppdrag, eit vakkert oppdrag, å proklamere Kristi kongedøme, at Guds rike er komen, at det er i oss, midt iblant oss.[8] Som Jesaja skriv:[9]

Kor vakre dei er
der dei spring over fjella,
føtene til den som ber bod,
forkynner fred,
kjem med god bodskap,
forkynner frelse
og seier til Sion:
«Din Gud er konge!»

Juleevangeliet er dette, at Kristus er konge. Eller med engelens ord: “I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren!”[10]

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal éin sann Gud, frå æve og til æve. Amen.

God Jul! Gledeleg Kristmesse! Happy Christmas!

Noter:

[1] Gal 3:26-29

[2] Jf. 1Mos 22.

[3] Les eit intervju, og sjå ein videosnutt, med N.T. Wright.

[4] Matt 2:1-18

[5] Jf. Joh 18:33-36; 19:5-12; Rom 13:1-7.

[6] 1Kor 12:3, jf. Rom 1:1-4; 10:9-10; Fil 2:11.

[7] Jes 9:2.6-7

[8] Luk 17:21. Hovudmeininga bak det greske ordet ἐντὸς (entòs) er ‘inni,’ men sidan dei som vert tiltala er i fleirtal, gr. ὑμῶν (hymån), ‘dykk,’ kan det også bety ‘midt iblant [dykk],’ jf. det engelske uttrykket ‘in your midst.’ Eg tenker begge delar er rett, då vi vert frelst som individ. Men eg heller mot ‘midt iblant [dykk],’ då dette får fram fellesskapet på ein betre måte (og då dette verkar å vere meir grammatikalsk korrekt, då dei tiltalte står i fleirtal).

[9] Jes 52:7

[10] Luk 2:11

I dag er det fødd oss ein frelsar

Merry_Christmas_1
Eit julekort trykt av Currier & Ives i New Your, ca. 1876. (Kjelde: Wikimedia Commons)

Kristi fødselsfest

Julekvelden.
Lesetekst: Jes 9:1a.2.6-7; 1Joh 1:1-4.
Preiketekst: Luk 2:1-20.

Julenatt.
Lesetekstar: Mika 5:1-4a; 1Joh 1:1-4.
Preiketekst: Matt 1:18-25.

Juledag.
Lesetekstar: Ordt 8:1-2.22-31; Hebr 1:1-6.
Preiketekst: Joh 1:1-14.
F: Luk 2:1-20.

Eg skal i dag ikkje ta for meg sjølve tekstane, men ein av dei julesalmane eg er aller mest glad i; Charles Wesley sin udøyelege klassikar Hark! The Herald Angels Sing. Til liks med dei fleste av av salmane til Wesley går denne salmen heilt til rota, heilt inn i kjernen i julebodskapen. Borte er det sukkersøte fokuset på ‘Jesusbarnet.’ Fokuset er der det bør vere: på Kristus som vår Herre og frelsar, og på oss som syndarar som treng nåde, og som er kalla til å takka og prisa Gud. Eg vil la denne salmeteksen vere utgangspunktet for denne andakten eller refleksjonen. Teksten kan finnast her.

1 Hark the herald angels sing
Glory to the newborn King
Peace on earth and mercy mild,
God and sinners reconciled
Joyful, all ye nations, rise,
Join the triumph of the skies;
With th’ angelic host proclaim
Christ is born in Bethlehem.

Kor: Hark the herald angels sing
Glory to the newborn King.

2 Christ, by highest heaven adored;
Christ, the everlasting Lord;
Late in time behold him come,
Offspring of the Virgin’s womb.
Veiled in flesh the Godhead see;
Hail the incarnate Deity,
Pleased as man with man to dwell;
Jesus, our Emmanuel.

Kor: Hark the herald angels sing
Glory to the newborn King.

Det vi ser her er at salmen byrjar rett på med det som burde vore vårt fokus i jula: å feira at Gud vart menneske ved å takka, prisa og tilbe Kristus. Vi er kalla til å rope ut saman med englane, til å gjere deira ord til våre: I dag er det fødd oss ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. (Luk 2:11) Saman med dei kan vi også, i gudstenesta, syngje ut vårt Gloria (jf. Luk 2:14):

Ære vere Gud i det høgste,
og fred på jorda
blant menneske Gud har glede i!
Vi lovar deg, vi prisar deg,
vi tilbed deg, vi opphøgjer deg.
Amen.

Desse to fyrste salmeversa minnar oss om at vårt ultimate mål, vårt summum bonum, er å prisa Gud i hans rike, saman med alle englane og alle dei heilage. Og dette har ikkje berre si rot i at Gud eksitererer, men det er ‘forsterka’ av det faktum at Kristus kom til vår jord, at Ordet, Logos, den andre personen i guddomen, “vart menneske og tok bustad mellom oss.” (Joh 1:14) Vi er altså kalla til å prisa Gud — Faderen og Sonen og Den Heilage Ande — for den Gud er, og vi er kalla til å takka Gud for det han har gjort. Vi er kalla til å æra Gud, til å glorifisera han, til å lyfta opp hans namn, til å syngja hans pris, til å takka i glede for at han kom til vår frelse, frå himmelen til jorda for å visa vegen til Gud, til himmelen, via krossen, grava, oppstoda og himmelfarta.

3 Mild he lays his glory by,
Born that man no more may die,
Born to raise the sons of earth,
Born to give them second birth.
Risen with healing in his wings,
Light and life to all he brings,
Hail, the Sun of Righteousness
Hail, the heaven-born Prince of Peace.

Kor: Hark the herald angels sing
Glory to the newborn King.

Her ser vi at fokuset er på Kristi gjerningar: Han vart fødd for å dra oss ut av vår åndelege død, for å på nytt gje oss fellesskap med Gud, med han som er livsens kjelde, til han som er opphavet til ljoset. Eit tema som ofte kjem fram i juleandaktar, og som nærast har vorte ein klisjé, er nettopp dette med ‘ljos i mørket.’ Men det er éin ting som er viktig å hugse: det er ein grunn til at klisjéar vert klisjéar. Ein klisjé er noko som vert nytta ofte, fordi det talar til oss på ein fundamental måte, fordi det seier noko som går bakanfor det pre-moderne, moderne og postmoderne, noko som nærast arketypisk talar til oss. Ljoset er ei livsens kjelde, og her er sola den klaraste og kanskje viktigaste biletet: Hail, the Sun of Righteousness. Kanskje er det tilfeldig at dei engelske orda sun og son er fonetisk like, men det passar perfekt her. For vi er nettopp kalla til å æra rettferds son, Jesus Kristus.

4 Come, Desire of nations come,
Fix in us Thy humble home;
Rise, the Woman’s conquering Seed,
Bruise in us the Serpent’s head.
Adam’s likeness now efface:
Stamp Thine image in its place;
Second Adam, from above,
Reinstate us in thy love.

Kor: Hark the herald angels sing
Glory to the newborn King.

Her kjem vi til den audmjuke bøna om frelse. Vi ber at Kristus må koma til oss, at han må ta bustad i oss, at han må gjera oss til sitt tempel. Vi ser vidare ei referanse til det som har vorte kalla for ‘proto-evangeliet’ eller ‘urevangeliet’; Gen 3:15:

Eg (Gud) vil setja fiendskap
mellom deg (slangen) og kvinna,
mellom di ætt og hennar ætt.
Han skal råka hovudet ditt,
men du skal råka hælen hans.

Djevelen klarte å såra Kristus på krossen, men i forsøket vart han sjølv slegen, overvunne. Kristus er den nye Adam, det nye paktsoverhovud, og han har nyskapt oss i sitt bilete (jf. Rom 8:29; Ef 4:22-24; Kol 3:9-10). Vi skal takast tilbake til Gud, i Kristi kjærleik. Då let eg Johannes få nokre ord før eg ber ei bøn ynskjer gledeleg jul.

Seier vi at vi ikkje har synd, då fører vi oss sjølve
vill, og sanninga er ikkje i oss. Men dersom vi
sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig,
så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all
urettferd. Seier vi at vi ikkje har synda, då gjer vi
han til løgnar, og hans ord er ikkje i oss. (1Joh 1:8-10)

Mine born, dette skriv eg til dykk så de ikkje skal
synda. Men om nokon syndar, har vi ein talsmann
hos Far. Det er Jesus Kristus, Den rettferdige.
Og han er ei soning for syndene våre, ja, ikkje berre
for våre, men for alle i heile verda. (1Joh 2:1-2)

I dette vart Guds kjærleik openberra mellom oss,
at han sende sin einborne Son til verda
så vi skulle ha liv ved han.
Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud,
men at han har elska oss
og sendt sin eigen Son til soning for syndene våre. (1Joh 4:9-10)

Lat oss be:

Du, Herre, er verdig all ære. Det sømer seg å æra deg. Eg veit at du åleine er heilag, at du åleine er god og rettferdig. Eg veit at din herlegdom ville tært meg opp om eg kunne trengja meg inn i di verd. Ja, også kjærleiken din brenn meg. Alt hjå deg er godt, men eg er ikkje slik at eg kan møta deg og leva i din nærleik.

Og likevel er du no komen, Herre, med all din herlegdom, så underleg skjult og i ein slik skapnad at du møter meg som ein bror og ein ven. Kva ubegripeleg kjærleik måtte du ikkje ha, Herre, når du kan gjera så mykje for å få fellesskap med dei som er så ulik deg. Du er kome til oss, like ned iblant oss, så langt at ingen kunne vera djupare nede eller lenger borte. Velsigna vere du, Kristus, for din godleik, for din hugnad for oss menneske, du som lever og råder, med Faderen og Den Heilage Ande, éin sann Gud, frå æve og til æve. Amen.[*]

Med dette ynskjer eg alle ei gledeleg Kristmesse!

Merknad:

[*] Denne bøna er basert på bøna for 1. juledag i Bo Giertz, Å tro på Kristus (Oslo: Luther 1976), s.308.