To syn?

Denne er også publisert på Verdidebatt.

______________________________

Tønsbergs Blad melder at Tunsberg biskop Per Arne Dahl no har ‘avklart’ sitt syn på vigsel av homofile. Vel, noko ‘avklaring’ var det vel ikkje. Det er jo det same synet han målbar fram mot bispenominasjonen i Tunsberg. Han vil ikkje vie homofile par, men «ønsker å bidra til en verdig og forutsigbar forbønnshandling, for likekjønnede som er borgerlig viet etter norsk lov og som ønsker å bli bedt for i kirken.» Det er nokre heilt tydlege problem med eit slikt syn. For kva er den essensielle forskjellen? Kva er det ein ber om forbøn for? Men det eg no vil ta tak i, er retorikken om ‘to ulike syn.’

Biskop Dahl bruker nemleg dette i innlegget sitt:

«For meg er også tidligere vedtak på Kirkemøtet avgjørende: For det første, at vi må respektere at vi i kirken har to syn i dette spørsmålet. For det andre, at dette spørsmålet ikke skal være kirkesplittende.»

Eit spørsmål teiknar seg tydleg: Kva betyr det at vi har «to syn i dette spørsmålet»? Dette spørsmålet tek også Marta Bjørnøy Lalim, kandidat på Åpen Folkekirke si liste i Tunsberg Bispedømme, opp i eit innlegg Drammens Tidende. Ho vil at biskopen skal ‘skjerpe seg,’ og kjem med ein kommentar: «Du skriver at vi må respektere at kirken har to syn i dette spørsmålet. Fint. Er det ikke da naturlig at du også går inn for liturgi forlikekjønnet vigsel? Hvis kirken skal kunne leve med to syn må dette også vise seg i praksis.» Dette er også det synet som vart målbore på Verdidebatt i februar i fjor, av ei rekke MF-studentar, inkludert søstera til Marta Bjørnøy Lalim, Ingvild Bjørnøy Lalim: «Kirkemøtets medlemmer må ta innover seg at når man har to syn må dette speiles i kirkens praksis

Og her kjem problemet fram. Som underskrivar av Carissimi-dokumentet, og som medlem i Johanneskretsen,* er eg samd i at viss vi vil ha to ulike syn, så må dette uttrykkast i praksis.

Det er ganske uinteressant kva ein prest eller biskop har av personlege meiningar. Dei er uansett ikkje der for å fremje sine personlege meiningar (jf. ordinasjonsløftet). Men dersom vi med ‘syn’ meiner

Det er eit sentralt poeng at det er ganske uinteressant kva ein prest eller biskop har av personlege meiningar. Dei er uansett ikkje der for å fremje sine personlege meiningar (jf. ordinasjonsløftet). Det vi må meine med ‘ulike syn’ må altså vere noko meir enn ulike meiningar. Det må vere at to ulike syn skal vere offisielle standpunkt i Den norske kyrkja; i lære (som i praksis skjedde etter Lærenemnda si utsegn i 2006), ordningar (som i praksis skjedde etter sak 7 på kyrkjemøtet i 2007)** og liturgi (som mange no jobbar for).

Det er nokre tydlege problem her, og for å setje lys på dei vil eg nytta høvet til å peike på det som heile tida har vore Carissimi sitt poeng:

Eg er heilt og fullt samd i premissen som er nemnt oppfor, at viss vi verkeleg vil ha to syn (dvs. to offisielle og kyrkjerettsleg legitime standpunkt) i ei sak, så dette uttrykkast i praksis. Men det skjer ikkje berre ved innføring av ny ny liturgi. For innføring av ny liturgi er ikkje eit uttrykk for to ulike syn, men eit uttrykk for at det tradisjonelle synet (det eine av dei to) vert forkasta til fordel for det nye. Dette vil ikkje endre ‘problemet.’ For viss vi verkeleg vil ha to syn må dette speglast fleire stader enn i liturgien.

For at denne premissen skal takast på alvor må ein også innføre alternative og parallelle tilsynsstrukturar, slik Carissimi heile tida har sagt, gjennom utropet “For enhetens skyld” og basisdokumentet “Carissimi” (som begge vart offentleggjort 19. september 2007, nesten to månadar før kyrkjemøtet). Dersom ein skal kunna spegle begge syn innanfor Den norske kyrkja må dette gjennomførast på alle plan – ikkje berre liturgisk, men også i tilsynsordninga, slik ein gjorde i Church of England på 90-talet med såkalla ‘flying bishops.’ Fyrst kan vi ærleg snakka om to like syn. Men då har vi også i praksis to kyrkjer. For vi kan ikkje ha ei kyrkje som har to motstridande lærestandpunkt. Vi kan ikkje ærklere demokratisk at eit syn ikkje er kyrkjesplittande. Dette er kyrkjesplittande. Om det ikkje er det på papiret er det det i praksis.

Det beste hadde vore om alle slutta med retorikken omkring ‘to ulike syn.’ For det folk vil er jo ikkje å ha to offisielle og kyrkjerettsleg legitime standpunkt, men at det eine standpunktet skal gjelde framfor det andre.

* Vi jobbar med nye nettsider.

** Av ein eller annan uforståeleg grunn har dei nettansvarlege i Den norske kyrkja gjort det slik at dei gamle lenkene, og mykje av innhaldet, ikkje lenger er tilgjengelege. Om dei skulle komme tilbake, er dette lenka til Lærenemnda si utsegn i 2006 og dette lenka til sak 7 på kyrkjemøtet i 2007.

Litt meir om alternativt tilsyn

Investiturewoodcut
Utsnitt av Philip Van Ness Myers (d. 1937). Mellomalderkonge som gjev ein biskop sine embetssymbol. Les om investiturstrida her.

Det fylgjande innlegget er basert på dette innlegget som eg posta som eit svar til dette innlegget på Verdidebatt. Eg tenkte at eg også kunne leggje det ut her, dels fordi det ser ut til å drukne i mengda av useriøse innlegg (som dessverre har vorte ei trend på Verdidebatt).

Ingvild Bjørnøy Lalim, som er teologistudent ved Det teologiske menighetsfakultet (MF), har, på vegne av seg sjølv og ei rekkje andre MF-studentar, lagt ut ein artikkel der dei seier ifrå om at dei vil ha høve til å velsigne og vigsle homofile par som prestar i Den norske kyrkja. Eg er for tida prestestudent ved Misjonshøgskulen (praktikum der, men har master får NLA i Bergen), og skal snart ut i teneste som prest. Eg er djupt usamd med det dei underskrivande MF-studentane skriv. Men ein premiss deler eg fullt og heilt. Dei skriv: “Kirkemøtets medlemmer må ta innover seg at når man har to syn må dette speiles i kirkens praksis.”

Eit sentralt poeng her er at det er uinteressant kva personlege syn eller meiningar den einskilde prest eller biskop har. Det eg legg i omgrepet ‘ulike syn’ er altså ikkje at det finst ulike meiningar, men det at to ulike syn no er offisielle i Den norske kyrkja – i lære (etter Lærenemnda si utsegn i 2006) og i ordningar (etter sak 7 på kyrkjemøtet i 2007). Det er berre eit tidsspørsmål før dette også vert nedfelt i liturgien, slik dei nemnte MF-studentane ynskjer.

Men det eg finn interessant her, er dei logiske konsekvensane av den premissen MF-studentane hevdar; at når vi har to syn (dvs. to offisielle og kyrkjerettsleg legitime syn), så må dette speglast i kyrkja sin praksis. Men for å ta dette til sin konsekvens er det ikkje nok berre å innføre ny liturgi. Det vil ikkje endra på problemet. Forskjellen kan ikkje berre speglast i liturgien, den må også speglast skikkeleg i ordningane. For at denne premissen skal takast på alvor må ein også innføre parallelle tilsynsstrukturar. Og det er akkurat dette Carissimi har ettersøkt sidan 2007, i hovudsak med utropet “For enhetens skyld” og basisdokumentet “Carissimi” (som begge vart offentleggjort 19. september 2007, nesten to månadar før kyrkjemøtet).

Ja, vi må spegle at det er to syn i praksis, men det må også speglast i tilsynsordninga.

Om homofilisaka

P46
Folio frå Papyrus 46, som inneheld 2Kor 11:33-12:9. Kjelde: Wikimedia Commons.

Dette er dels basert dels på mine kommentarar til Borg biskop Atle Sommerfeldt sin kronikk om ekteskapet og kristen einskap. Biskopen startar der med ein grov påstand, at vi som “mener ekteskapet er et bekjennelsesspørsmål, svekker bekjennelsen i langt mer sentrale spørsmål.” Dette kan tolkast på to forskjellige måtar, og eg meiner begg er feil. Den fyrst måten er at biskopen hevdar at vi som meiner synet på ekteskapet er eit vedkjenningsspørsmål ikkje bryr oss om andre, meir sentrale, spørsmål som treeiningslæra, kristologien eller forsoninga. Dersom det er dét biskopen meiner, kan eg ikkje vere meir usamd. Eg har skrive ytters lite om denne saka i forhold til dei meir sentrale sakene, og eg kjenner ingen som hevder homofilisaka over desse. Men biskopens påstand kan også tolkast på ein annan måte, at vi, ved å fokusere på ekteskapssynet som vedkjenningsspørsmål, ikkje set nok fokus på dei sentrale sidene ved den kristne trua. Og her kan eg vere samd. Men det betyr ikkje at ekteskapssynet ikkje er eit vedkjenningsspørsmål.

Problemet til biskopen er at han seier at i “et forsonet mangfold forsones vi av bekjennelsen til Den treenige Gud og Guds handling for oss i Jesus Kristus slik dette uttrykkes i Skriften og de oldkirkelige bekjennelsene.” Men problemet med dette er jo at det nettopp er her usemja ligg. For biskopen argumenterer jo med folk som faktisk meiner at homofilt samliv (og utanomekteskapleg heterofilt samliv) strir mot vitnemålet til Skrifta og vedkjenningane. Ein kan ikkje avvise homofilisakas kyrkjesplittande karakter ved å vise til einskapen i Skrift og vedkjenning når det nettopp er der usemja ligg.

Påstanden til oss som meiner synet på ekteskapet er eit vedkjenningsspørsmål er jo nettopp at dette er noko som er gitt i Skrifta, og som ligg implisitt i vedkjenningane, då ekteskapssynet er eit ‘ikon’ på ekteskapet. Meir om det nedanfor.

Biskopen hevdar vidare: “Verken i Skrift, bekjennelse, kirkens tradisjon eller i dagens globale kirke finnes det ett, bestemt syn på ekteskapet.” Problemet med dette er at han går til det eg vil hevde er ‘ytre karakteristikkar,’ og ikkje til kjernen. Han skriv: “Det store skillet mellom kirkene er om en anser ekteskapet som et sakrament – noe Luther og reformasjonskirkene avviste -, om seksualitet i ekteskapet primært er knyttet til forplanting og dermed må kunstig prevensjon avvises, og kvinnens stillining i forhold til mannen.”

Men dette går ikkje til kjernen i usemja. Dette er ting som er utleia frå ekteskapstanken. Spørsmålet er heller: Er det eitt eller fleire syn i Skrift og tradisjon på spørsmålet om kven som kan gifte seg kyrkjeleg? Er det uklart i Skrift og tradisjon om det berre er éin mann og éi kvinne som kan gifta seg kyrkjeleg? Og vidare: Er det faktisk så stor pluralitet som biskopen vil ha det til i ‘den globale kyrkja’? Debatten er ikkje om ekteskapet er eit sakrament, eller om kva rolle seksualiteten har, eller om kva forhold det er mellom mann og kvinne (sjølv om desse spørsmåla må tenkast gjennom i eit koherent og systematisk ekteskapssyn). Debetten her er om ekteskapet er opent for meir enn éi kvinne og éin mann. Og her kan du ikkje påstå at det er ‘stor variasjon’ i forhold til Skrift, tradisjon og globale kyrkjer.

Biskopen hevdar vidare: “Det som fortsatt er det mest alvorlig for meg er at noen har valgt å gjøre dette til den store saken kirken står og faller med uten reell argumentasjon.” Ja, det er alltid enkelt å føre debatt dersom ein karikerer motstandarane sine. Grunnen til at akkurat homofilisaka er så framme i våre dagar er ikkje fordi nokre meiner dette er den éine saka “kirken står og faller med,” men nettopp fordi det er denne saka som akkurat no er framma til diskusjon. På 300-500-talet var det kristologien og treeiningslæra som skapte kontrovers, på 1800-talet diskuterte ein liberalteologi, og no er et altså homofilisaka som vert diskutert. Det handlar ikkje om at denne saka er av same kaliber som forsoninga, kristologien eller treeiningslæra, men om å faktisk møte dei utfordringane som kjem når dei kjem. Skulle vi heller latt vere å ta opp saka? Skal vi ikkje møte dei utfordringane som faktisk kjem?

Men argumentasjonen er høgst reell. Kanskje biskopen trur at hans umsemje får argumentasjonen til å fordufte. Vi kan t.d. hente fram Bjørn Helge Sandveis artikkel “Bibelen og homofilispørsmålet: Et bidrag til den fortsatte samtale” (Luthersk Kirketidende 5/2000), samt artikkelen hans “Bibelen og homofilispørsmålet” frå 2010 (pdf-fil). Eller denne kronikken av Hallvard Jørgensen. Vidare vil eg tilrå å lese Ådne Njås artikkel “Det innstiftede ekteskapets sakramentalitet” (Tidsskrift for teologi og kirke 81:3, 2010): 183-207, samt kap.III.3 (“The Ambivalence of the Word “Sacrament” and the Special Case of Marriage”) i Wolfhart Pannenbergs bok Systematic Theology, vol. 3 (Edinburgh: T&T Clark 1998): 336-369. Både Pannenberg og Njå (som baserer seg dels på Pannenberg) argumenterer for ekteskapets sakramentalitet ut frå at det er eit ‘ikon’ på sameininga mellom Kristus, brudgomen, og kyrkja, brura (jf. Ef 5:31ff), set dette inn i ei luthersk og økumenisk ramme. Det interessante her er at dei tek utgangspunkt i Pauli argumentasjon. Han set ekteskapet inn i ei større dogamtisk ramme, og poengterer at det er eit teikn på einskapen mellom Kristus og kyrkja.

Men no som eg har fronta mi usemje, og vist kor eg meiner biskopen tek feil, lat oss igjen sjå på konseptet med eit ‘forsona mangfald.’ Dette omgrepet er i hovudsak brukt om forholdet mellom forskjellige kyrkjesamfunn, og ikkje relasjonane innanfor eit gitt kyrkjesamfunn. Men dersom biskopen vil bruke dette som utgangspunkt må han ta det til sin konsekvens. For Carissimi tek nemleg også utgangspunk i økumenikken. I eit ‘forsona mangfald’ er ein dels del av same struktur, men er framleis skilde. Og det er nettopp dét Carissimi vil: Vi vil ha alternativt tilsyn for å setja fokus på det ‘mangfaldet’ og den splitten som er i Den norske kyrkja. For meir om dette les Ola Tjørhoms bok Kirkens enhet – For at verden skal se og tro: En innføring i økumenisk tenkning (Oslo: Verbum 2005): 52-73.

Dersom biskopen faktisk vil tenke om Den norske kyrkja som han tenker om dei økumeniske banda mellom forskjellige kyrkjesamfunn så må han vere villig til å møte konsekvensane av eit slikt syn. Og det er å innføre alternativt tilsyn for å setje fokus på ‘mangfaldet.’