Og jula varar heilt til påske…

Kristi openberringssundag/2. sundag etter jul

I dag er det 2. sundag etter jul i Den katolske kyrkja (Dkk), medan det i Den norske kyrkja (Dnk) er Kristi openberringsdag. (Etter mitt skjøn burde ein i Dkk heller kalla dagen for 2. sundag i juletida.) Eg vil i dag ta tak i tekstane til både Dkk og Dnk, då desse har eit særst samanfallande tema. (Kristi openberringsdag er eigentleg på fyrstkommande onsdag (6. januar), men i Dnk har ein flytta den til den næraste sundagen.) Tekstane for Dkk er Sir 24,1-4.12-16; Ef 1,3-6.15-18 og Joh 1,1-18 (evt. 1-5.9-14). Tekstane for Dnk er Sal 72,8-17; 1Tim 3,14-16 og Luk 2,41-52.

Eg skal ikkje sitere tekstane i dag, men vil heller skrive nokre tankar om dei.

Som tittelen på dette innlegget fortel oss, vil eg i dag gå inn på forholdet mellom jul og påske. Som vi syng i ein ‘klassisk’ julesong: “Nå er det jul igjen, og nå er det jul igjen, og jula varer helt til påske. Men det er ikke sant, nei, det er ikke sant, for innimellom kommer fasten.” I dag ignorerer eg siste del av den songen, og tek for meg påstanden om at ‘jula varar heilt til påske.’ For teologisk sett stemmer dette særs bra. Men det hadde kanskje vore betre å sunge: “No er det Maria bodskapsdag igjen, og no er det Maria bodskapsdag igjen, og Maria bodskapsdag varar heilt til påske…” For det vi feirar i jula startar eigentleg i mars; i feiringa av engelen Gabriel sitt møte med Maria, slik vi les om det i Lukasevangeliet sitt fyrste kapitel. “Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!” Slik introduserte engelen seg til Maria (Luk 1,28) Og etter denne introduksjonen fekk Maria beskjed om at ho var utvalt til å føda eit barn, ein son — Frelsaren. Og kva svara ho til dette? Jo, ho svara: “Eg er Herrens tenestkvinne. Lat det gå meg som du har sagt.” (Luk 1,38) Eller som ein teolog ein gong skal ha gong sa det: “Madonna said: ‘Papa, don’t preach’. The Madonna said: ‘Let it be done to me according to your will’.”

Men kva er eigentleg poenget her? Dagens evangelietekst i Dnk er historia om Kristus som kjem bort frå foreldra sine, og som vert funnen att i templet. Den byrjar slik, i Luk 4,41f: “Kvart år fór foreldra åt Jesus til Jerusalem for å halda påske. Og då han var tolv år, drog dei som vanleg dit opp til høgtida.” For kva var eigentleg denne hendinga? Dersom vi ser på tema for Dnk i dag kan vi seie at denne hendinga openberra noko av kva og kven Kristus er. Då foreldra fann hann att i templet, og Maria la ut om kor bekymra ho hadde vore, sa Kristus: “Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg lyt vera i huset åt Far min?” (v.48f) Det står at dei ikkje skjøna dette, men at Maria “gøymde alt dette i hjarta sitt.” (v. 51)

Den dagen i templet openberra Kristus noko viktig; Han kalla Gud for sin ‘Far.’ Dette omgrepet var ikkje uvanleg, med det er klart at det her tydde noko viktig. For når Kristus seinare brukte denne nemninga ville jødane steina Han. Kristus openberra kven Han var, og Han openberra dette i templet — i påsketida. Det er kanskje ikkje så enkelt å sjå heile signifikansen til dette. Det som har slått meg i det siste er at påsken ikkje var avhengig av eit tempel. Påsken hadde frå dag éin vore ei ‘familiehøgtid’ som vart forretta av husfaren. Ein slakta sjølvsagt dyr til påsken i templet, men ein kunne feira påske utan templet. Men det var eit offer ein måtte ha eit tempel for å gjere; Yom Kippur — den store soningsdagen.[1] Med hendinga i templet kan de sjå ut som at Kristus sameinier desse. Kanskje legg eg for mykje i teksten, men i ein andakt er det lov å spekulere.

Dette vert kanskje ekstra interessant dersom ein ser på kyrkja sin liturgi. Nattverden har klare påskekonnotasjonar; kvar gong ein feirar eukaristien feirar ein ei ‘minipåske.’ “For vårt påskelam er slakta, Kristus,” skriv Paulus. “Så lat oss halda høgtid, ikkje med gamal surdeig av vondskap og synd, men med reinleiks og sannings usyrte brød.” (1Kor 5,7b-8) Men det er også klare element av Yom Kippur i liturgien. Teologen Margaret Barker har påpeikt at mykje av nattverdsliturgien har utgangspunkt i Yom Kippur. Ho skriv:

Despite the apparently clear accounts of the Eucharist in the Synoptic Gospels, there are many problems as to its true origin and significance. The Passover is the least likely context as this was the one sacrifice not offered by a priest (m.Yoma 5.6), and the earliest tradition remembers Jesus as the great High Priest. The words of institution known to the evangelists (Matt. 26.26-28; Mark 14.22-24; Luke 22.14-20) and Paul (1Cor. 11.23-26) indicate as their context the priestly sacrifice of the Eternal Covenant, in other words, the Day of Atonement. The position of the Christian altar in a church building, beyond the boundary between earth and heaven, shows that it derived from the kapporet in the Holy of holies, the place where the Atonement blood was offered.

Even though Paul knew Christ as the paschal lamb (1 Cor. 5.7), he had also been taught that his death was ‘for our sins in accordance with the scriptures’ (1 Cor. 15.3). This indicates that the earliest interpretation of the death of Jesus was based on the fourth Servant Song, which, in the form known at Qumran, depicts a suffering Messiah figure who bears the sins of others (1QIsaa 52.13-53.12). He was the High Priest who sprinkled the atonement blood (Isa. 52.15) and was himself the sacrifice (Isa. 53.10). A similar expectation is found in Peter’s temple sermon; the Servant, the Author of life, was about to return from heaven bringing ‘times of refreshing’ (Acts 3.13-21). Again, these texts indicate that the original understanding of the death of Jesus was the renewal of the Eternal Covenant on the Day of Atonement.[2]

Ho held så fram med å seie at “[the] original context of the Eucharist should sought in the Day of Atonement, when the High Priest took the blood into the holy of holies and then returned to complete the rite of atonement and renewal.”[3]

Ho har eit godt poeng, men eg trur ho går litt langt. Slik eg ser det, er det betre at ein ser på eukaristien som samanfattinga og sameininga av påsken og Yom Kippur — samt alle dei andre ofra i den gamle pakta. Frå no av trengde ein ikkje å ofra, men ein hadde eit evigt offer — eit offer ein no kunne nyta fruktene av til evig tid.

Dette er viktig å understreke no på Kristi openberringsdag. For denne openberringa handlar om alt; om Hans komme i morslivet, om livet Hans, om gjerningane Hans, om lidinga Hans, om døden Hans, om oppstoda Hans, om himmelfarten Hans. Kort sagt; om Kristus sjølv — husfar og lam; prest og syndoffer. Men det viktigaste er nok kanskje ikkje å påpeike kva Han var, men kvifor. Kvifor kom Han til jorda? Og kvifor openberra Han seg for oss?

Svaret er kort og greit: Han kom for å forsona oss med Gud; for igjen å gje oss fellesskap med Gud — Faderen, Sonen og Den Heilage Ande. Men dette handlar om meir enn ein ‘redningsaksjon.’ Frelsa sin natur finn vi i 2Pet 1,4. Der står det at vi, ved Gud lovnader og ved Kristus, skal få “del i guddomleg natur.” Dette er grunnen til at Ordet vart menneske. “Det av vårt som Kristus ikkje har teke opp i seg som sitt, det har han heller ikkje frelst.” Slik heiter det i ei klassisk formulering.[4] Dette guddomleggjeringsmotivet er heilt sentralt i kristen teologi. Den tyske teologen Wolfhart Pannenberg skriv at dette motivet “determined … the whole history of Christology in the ancient church. In its main line of development, deification was thought of as the consequence of the incarnation, thus of the movement from God to man.”[5]

Som det heiter hjå kyrkjefaderen Athanasius: “[Ordet] tok opp i seg det menneskelege så vi kunne verta guddomleggjorte.” (De incarnatione 54)[6] Det er viktig å påpeike at dette ikkje handlar om panteisme e.l. Det er snakk om at vi får del i Guds liv. Eit godt bilete i denne samanhengen er jernet som vert handsama i elden. Elden sameinar seg med jernet, men dei er likevel fråskilde. Jernet får del i enkelte av elden sine eigenskapar — varme, lys, etc. — men vert likevel ikkje eld av natur. På same måte kan vi seie at vi får del i enkelte av Guds eigenskapar, utan at vi dermed sluttar å vera menneske. (Faktisk kan vi kanskje seie at vi gjennom denne sameininga vert sanne menneske.)

Ved inkarnasjonen — ikjøtinga — fekk Kristus del i same natur som oss, og dermed kan vi få verta Guds born. (Joh 1,12f) Eg trur Kristus seier det best sjølv: “Den herlegdomen som du har gjeve meg, har eg gjeve dei, så dei skal vera eitt slik som vi er eitt: eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt.” (Joh 17,22-23a)

Dersom Kristus berre var Gud, har ikkje inkarnasjonen noko direkte effekt på vår frelse. Og dersom han berre var menneske, har vi ikkje noko håp om frelse, og inkarnasjonen vert redusert til ingenting. Som det heiter hjå Paulus, i 2Kor 8,9: “De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle verta rike.”

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Noter:

[1] For nokre tankar omkring Kristus og Yom Kippur, les denne posten.

[2] Margaret Barker, “Parousia and Liturgy,” s. 1-2 (pdf-fil). (Excursus in The Revelation of Jesus Christ. Edinburgh: T&T Clark 2000, s. 373-388.)

[3] Ibid.

[4] Sjå Oskar Skarsaune, Inkarnasjonen — myte eller faktum? Oslo: Lunde 1988, s. 103 og Svein Rise, Kristologi i kontekst. Kompendium for kristendomskunnskap, KME 201. Bergen: NLA 2005, s. 22

[5] Wolfharft Pannenberg, Jesus — God and Man. Second Edition. Translated by Lewis L. Wilkins and Duane A. Priebe. Philadelphia: The Westminster Press 1977, s. 39-40

[6] Athanasius, On the Incarnation. The treatise De Incarnatione Verbi Dei. Translated and edited by A Religious of C.S.M.V. With an Introduction by C.S. Lewis. New revised edition. Crestwood, N.Y.: SVS Press 1996, s. 93. Omsett til norsk.

Chanukka, jul og Kristus

I DagenMagazinet 24. desember var det eit intervju med den messianske jøden Lance Lambert. Lambert meinte at Kristus ikkje var fødd 25. desember, men under Chanukka, den jødiske lysfesten eller tempelvigslingsfesten. Denne festen står det så vidt om i Bibelen, i 1. og 2. Makkabearbok. I 1Makk 4:36ff står det om reinsinga av tempelet. “Juda og brødrene hans og hele Israels menighet bestemte at innvielsen av alteret skulle feires med jubel og glede hvert år på samme tid. Feiringen skulle vare i åtte dager fra den 25. kislev.” (1Makk 4:59) Og det står også i 2Makk 10:1ff. “Ved offentlig forordning og etter felles vedtak bestemte de at hele det jødiske folk hvert år skulle feire disse dagene.” (v. 8 ) Og denne festen er også nemnt i Joh 10:22ff. Eg siterer til og med v. 30:

Så kom den festen dei heldt i Jerusalem til minne om tempelvigsla. Det var vinter. Og Jesus gjekk ikring i Salomos bogegang på tempelplassen. Då flokka jødane seg om han og spurde: “Kor lenge vil du halda oss i uvisse? Er du Messias, så sei oss det beint ut!” Jesus svara: “Eg har sagt dykk det, men de trur meg ikkje. Dei gjerningar eg gjer i namnet åt Far min, dei vitnar om meg. Men de trur meg ikkje, for de høyrer ikkje til mine sauer. Mine sauer høyrer mi røyst, eg kjenner dei, og dei fylgjer meg. Og eg gjev dei evig liv; dei skal ikkje i all æve gå tapt, og ingen skal riva dei ut or mi hand. Far min som har gjeve meg dei, er større enn alle, og ingen kan riva nokon ut or handa åt Far min. Eg og Faderen er eitt.”

Intervjuet med Lambert, som også er skrive om i bloggen til Bjørn O. Hansen, var stappfullt av antakingar om datoar og keisar Konstantin, men eg trur det kan vera eit poeng at Kristus vart fødd rundt Chanukka. Johannes har det med å knytte Kristus til forskjellige jødiske festar, så det kan vere eit hint i Johannesprologen om at Kristus vart fødd i den høgtida:

“I han (Ordet) var liv, og livet var ljoset for menneska. Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det. Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset. Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda.” (Joh 1:4-9)

Men kva viss Kristus vart fødd midt i Chanukka-feiringa? I år ville det ha vore mist mellom 24. og 25. desember. Og kven seier at dette ikkje kunne ha skjedd på Kristi eigen fødselsdag? Det er eigentleg ikkje så viktig, men det er ein fin symbolikk i det. For Kristus kom midt inn i verda for å gje oss del i ljoset. Som det heiter i prefasjonen for julenattsliturgien:

“Han som denne heilage natta for vår skuld vart inkarnert, for at vi ved han skulle bli dine born, frelste ut or mørker og inn i ditt underfulle ljos.”[1]

Så, igjen god jul — og god Chanukka (som er ferdig den 29. desember)

Noter:

[1] Frå ‘Øygardsliturgien.’

Og Ordet vart kjøt

Julenatt/Juledag

No dag er det julenatt/juledag, og tekstane for dagen finn de her (Dkk) eller her (Dnk, 1. rekkja). Dei er høvesvis Jes 9:2-7, Tit 2:11-14 og Luk 2,1-14 (Dkk, midnattsmesse); Jes 62:11-12; Tit 3:4-7; Luk 2:15-20 (Dkk, messe ved daggry, juledag); Jes 52:7-10; Hebr 1:1-6; Joh 1:1-18 (Dkk, høgmesse, juledag) eller Jes 9:2-3.6-7, Hebr 1:1-5a og Joh 1:1-14 (Dnk, juledag). Som ein ser, så er det, ikkje heilt uventa, eit visst samsvar mellom tekstane for Dkk og Dnk. Men eg skal likevel ikkje sitere nokre av desse. Det eg vil, er å sitere leseteksten som er å finna i liturgien for completorium (kveldsbøn) for julekvelden.[1]

Det står skrive hjå profeten Jesaja i det 11. kapitlet:

Ein kvist skal renna or Isai-stuven, ein renning skal skyta opp frå hans røter. Herrens Ande skal kvila over han, Anden med visdom og vit, Anden med råd og styrke, Anden som gjev kunnskap om Herren og age for han. Han skal ha sin hugnad i age for Herren. Han skal ikkje døma etter det han ser, og ikkje skifta rett etter det han høyrer. Han skal døma armingar med rettferd, fella rettvis dom for dei verjelause i landet. Han skal slå valdsmenn med riset i sin munn og drepa dei gudlause med anden frå sine lipper. Rettferd skal vera beltet om livet og truskap beltet om hoftene hans. (Jes 11:1-5)

Slik lyder Herrens ord. Lova vere Gud!
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning.

Her les vi om ein som skal komma. Ein som skal vera rettferdig. Ein som skal dømma rettvist. Men det viktigaste trur eg ligg i byrjinga av teksten. “Herrens Ande skal kvila over han,” står det, “Anden med visdom og vit, Anden med råd og styrke, Anden som gjev kunnskap om Herren og age for han.”

Dette er karakteristikkane på Kristi sinnelag. Men det er også karakteristikkane på det sinnelaget Gud ynskjer at vi skal ha. “Lat det same sinnelaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus!” skriv Paulus (Fil 2:5).

Dette er eit sinnelag vi får dersom vi sameinar oss med Kristus! Og i natt, og resten av dagen, skal vi feira — ja proklamera frå hustaka! — at “Ordet vart kjøt,” at Guds Son, den andre personen i treeininga, “gav avkall på sitt eige, tok ein tenars skapnad og vart menneske lik.” (Fil 2:7) Denne store løyndomen, dette store mysteriet, at Kristus “vart openberra i kjøt og blod, rettferdiggjord i Anden, sedd av englar, forkynt mellom folkeslag, trudd i verda, oppteken i herlegdom” (1Tim 3:16) skal i dag stå i høgsetet! For det er i denne sameininga mellom Gud og mennesket vi finn frelsa. Det er i denne sameininga vi vert fornya ved Den Heilage Ande, og får visdom og vit, råd og styrke, kunnskap om Herren og age for han.

La oss be:
Allmektige Gud, du som let Son din, den einborne, ta på seg vår natur og verta fødd av jomfru Maria, gjev at vi som i den heilage dåpen er atterfødde til å vera dine born, dagleg må fornyast og styrkast ved din Heilage Ande. Ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre. Amen.[2]

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

[1] Etter boka La oss alle be. Norsk tidebønn. Kirkelig Fornyelse/Oremus, s. 136

[2] Ibid, s. 146. Omsett til nynorsk

Dagen før dagen

Julekvelden

I går reklamerte NRK med at dei skulle feira ‘kvelden før kvelden.’ Då får vel eg gjere noko liknande, og feire ‘dagen før dagen.’ (Eller ‘kvelden før dagen.’)

I dag skal eg ikkje gjere noko spanande, men eg vil rett og slett sitere dagens tekstar, i fylgje Den katolske kyrkja. Dei finn du her. Eg vel å bruke tekstane frå vigilien. Dei er Jes 62;1-5, Apg 13:16-17.22-25 og Matt 1:1-25.

Fyrste lesing er frå profeten Jesaja i det 62. kapitlet:

For Sions skuld vil eg ikkje teia, for Jerusalems skuld vil eg ikkje vera still, før hennar rett strålar fram med glans og hennar frelse som ein brennande fakkel. Då skal folkeslag sjå di rettferd og alle kongar din herlegdom. Du skal få eit nytt namn, som Herren sjølv skal gje deg. Du skal vera ein herleg krans i Herrens hand, ein kongeleg hovudprydnad i handa åt din Gud. Du skal ikkje lenger kallast “Den forlatne”, og ditt land skal ikkje meir heita “Øydemark”. Men du skal kallast “Mi kjære”, og landet ditt skal heita “Kone”. For Herren skal ha deg kjær, og landet ditt skal takast til ekte. Som ein ungdom gifter seg med ei møy, skal dine søner ta deg til ekte. Og som ein brudgom gleder seg over si brur, skal din Gud gleda seg over deg.

Slik lyder Herrens ord. Lova vere Gud.

Andre lesing er frå Apostelgjerningane i det 13. kapitlet:

Då reiste Paulus seg, gav teikn med handa og sa: “Israelittar og de andre som ottast Gud, høyr på meg! Han som er Gud for Israelsfolket, valde ut fedrane våre. Han gjorde dei til eit stort folk då dei var innflyttarar i Egypt, og med lyft arm førte han dei ut derifrå… Men Gud avsette han og reiste opp David til konge over dei. Han fekk dette vitnemålet av Gud: ‘ Eg har funne David, son til Isai, ein mann som er etter mitt hjarte. Han skal gjera alt det eg vil.’ I hans ætt lét Gud ein frelsar for Israel stiga fram, så som han hadde lova. Det er Jesus. Før han kom, hadde Johannes forkynt omvendingsdåp for heile Israelsfolket. Og då Johannes fullførte livsløpet sitt, sa han: ‘Eg er ikkje den de held meg for å vera. Men etter meg kjem ein, og eg er ikkje verdig til å løysa sandalen av foten hans.’”

Slik lyder Herrens ord. Lova vere Gud.

† Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Matteus i det 1. kapitlet. Ære vere deg, Herre.

Dette er ættetavla til Jesus Kristus, Davids son og Abrahams son: Abraham fekk sonen Isak, Isak fekk Jakob, Jakob fekk Juda og brørne hans. Juda fekk sønene Peres og Serah med Tamar. Peres fekk sonen Hesron, Hesron fekk Aram, Aram fekk Amminadab, Amminadab fekk Naksjon, Naksjon fekk Salma, Salma fekk sonen Boas med Rahab, Boas fekk sonen Obed med Rut, Obed fekk Isai, og Isai vart far til David, kongen.

David fekk sonen Salomo med kona til Uria, Salomo fekk sonen Rehabeam, Rehabeam fekk Abia, Abia fekk Asa, Asa fekk Josjafat, Josjafat fekk Joram, Joram fekk Ussia, Ussia fekk Jotam, Jotam fekk Akas, Akas fekk Hiskia, Hiskia fekk Manasse, Manasse fekk Amon, Amon fekk Josjia, og Josjia vart far til Jojakin og brørne hans; det var på den tid då folket vart bortført til Babylon.

Etter at dei vart førte til Babylon, fekk Jojakin sonen Sjealtiel, Sjealtiel fekk Serubabel, Serubabel fekk Abiud, Abiud fekk Eljakim, Eljakim fekk Asor, Asor fekk Sadok, Sadok fekk Akim, Akim fekk Eliud, Eliud fekk Eleasar, Eleasar fekk Mattan, Mattan fekk Jakob, og Jakob vart far til Josef, mannen til Maria. Av henne vart Jesus fødd, han som blir kalla Kristus.

Slik er det i alt fjorten ættledd frå Abraham til David, fjorten ættledd frå David til bortføringa til Babylon og fjorten ættledd frå bortføringa til Babylon fram til Kristus.

Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var lova bort til Josef. Men før dei kom saman, synte det seg at ho var med barn ved Den heilage ande. Josef, mannen hennar, var ein rettvis mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skilja seg frå henne i det stille. Då han hadde tenkt ut dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: “Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande. Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.” Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten: Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son, og dei skal gje han namnet Immanuel – det tyder: Gud med oss.

Då Josef vakna frå søvnen, gjorde han som Herrens engel hadde bode han og tok Maria heim til seg som kona si. Men han levde ikkje saman med henne før ho hadde fødd son sin, og han gav han namnet Jesus.

Slik lyder Herrens ord. Lova vere du, Kristus.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning.

Amen! Og God julefeireing! (Og så har eg endra til juletema for bloggen!)