Den norske kyrkja sitt demokratiske problem

I det siste har eg lest nokre gamle debattar omkring Carissimi, og det er éin ting som har summa litt i hovudet mitt, nemleg Den norske kyrkja sitt demokratiske problem. Sjølv er eg ‘medlem’ av Carissimi (dvs. at eg er underskrivar av dette Carissimi-dokumentet), og eg er også kvinneprest-motstandar. Dette skaper litt problem i høve biskopane i Den norske kyrkja. Dersom vi ser på lista over Den norske kyrkja sine biskopar, er det berre to biskopar eg kan ha eit ‘bispeforhold’ til: Oslo biskop Ole Chr. M. Kvarme og Bjørgvin biskop Halvor Nordhaug. Fire av biskopane, inkludert preses, er kvinner, og fem av biskopane er vranglærarar. Men kva med Stein Reinertsen, biskop i Agder og Telemark? Problemet der er at han som biskop er ordinert av ei kvinne, av preses Helga Haugland Byfuglien. Dersom eg hadde godteke han, berre fordi han var mann, sjølv om eg er kvinneprest-motstandar, hadde eg ikkje vore noko meir enn ein mannsjåvinist. Ein kan ikkje vere kvinneprest-motstandar, men godta menn som er ordinerte av kvinner berre fordi dei er menn.

Men som sagt: Vi har eit demokratisk problem i Den norske kyrkja, og det er utnemninga av biskopar. For tida kan eg forhalda meg til min biskop, Halvor Nordhaug, men ein kan aldri vite kven som vert arvtakar. Med det demokratiske systemet vi har no, der det ikkje virkar som ein tek spesielt omsyn til kandidaten sin teologiske ståstad, er ein aldri garantert å få ein biskop som det faktisk er mogeleg å forhalda seg til. Dette er eit sentralt ekklesiologisk — kyrkjemessig — problem. For, som vi ser av Apg 2:42, er den kyrkjelege einskapen fundert på ei felles lære (“læra åt apostlane”), den er synleg organisert (“fellesskapen”), den manifesterer seg i nattverdsfeiringa (“brødsbrytinga,” jf. 1Kor 10:16-17), og den uttrykker seg i ei felles tilbeding av den treeinige Gud (“bønene”). I eit ekklesiologisk perspektiv nyttar det ikkje å vere synleg organisert, feire nattverd saman eller tilbe Gud i fellesskap dersom ein ikkje også deler same læregrunnlag. Og dersom ein ikkje er garantert å få biskopar som har eit samla lærefellesskap har vi ein heilt utåleleg situasjon i Den norske kyrkja. Dette gjeld uansett om ein er ‘konservativ’ eller ‘liberal.’

Ordet ‘biskekollegium’ er eit ord som fordrar at ein har ei samla gruppe som lærer det same. Men på grunn av det demokratiske systemet vi har no er vi ikkje garantert dette i Den norske kyrkja, og vi har då eit grunnleggande ekklesiologisk problem.

Advertisements

Carissmi og nattverdsbrot. Eit svar til Hallvard Jørgensen

Dette er svar til Hallvard Jørgensen sin post om det å vere prest i Dnk. Eg tek ikkje opp alt han skriv, men vil ta for meg det som eg meiner er det viktigaste, og som får fram Carissimi sitt poeng.

Hallvard skriv:

For øvrig er det ingen tvil om at ein må utanfor NT for å hente grunngjeving for meir høgkyrkjelege syn på bispeembetet.

Denne trur eg du bør utdjupe litt meir. Kva meiner du med å gå ‘utanfor NT’? Dersom du meiner at dette ikkje har noko som helst grunnlag i NT, så trur eg du tek feil. Her kan ein t.d. vise til Ef 4,11-12, men eg vil ikkje argumentere for dette akkurat no. (Eg held på med ei oppgåve på akkurat dette, og har ikkje lyst til å bli teke i plagiat av meg sjølv.)

Dersom du derimot meiner at ein må ‘utanfor NT’ (dvs. i samfunnet omkring, i den kristne kulturen, i GT, etc.) for å finne ut korleis ein skal lese forskjellige delar av NT, dvs. ei dels historisk lesing av NT, er eg einig. Men det gjeld all tekst.

Men eg trur nok at det er fyrstnemnde du meiner, og her er eg ueinig.

Hallvard skriv:

Men ja, dette betyr at eg nok ikkje ser situasjonen i Dnk som like “akutt” som Carissimi gjer, d. e. når dei vil meine at det ikkje er mogleg å stå i ei kyrkje med ein vranglærande biskop over seg.

Spørsmålet er sjølvsagt kva syn ein har på biskopen. Slik eg ser det er biskopen den som kyrkjerettsleg representerer eit bispedøme, og dei som høyrer under dette. Det vil seie at dei som høyrer under dette bispedømet må vere i kommunion med biskopen. Kva som er meint med kommunion er eit komplekst spørsmål, men eg vil (med Carissimi og med Dag Øivind Østereng) seie at kommunionsomgrepet inneber, m.a., lærefellesskap. Når dette ikkje finn stad (t.d ved at ein har forskjellige syn på homofilt samliv[1]) har ein heller ikkje kommunion. Eg pleier ofte sitere Apg 2,42 som ein slags oppsummering (kanskje eit minste felles multiplum) av kva kommunion inneber: “[Dei fyrste kristne] heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene.” (NT05) Vi kan kanskje seie at dette betyr at ein må halda saman i lære, fellesskap, nattverd og bøn, for å bruke dels lutherske uttrykk.

Når det gjeld gravferdsliturgien er eg usamd med deg. Sjølv om den sikkert er meint positivt, kan ordlyden tolkast på ein meir ‘klassisk’ måte, at vi let Gud gjere med den avdøde slik han vil, til dom eller frelse. (Men det er ein digresjon…)

Hallvard skriv:

Ei problemstilling som har vore særleg aktuell er dette med nattverd med ein visiterande biskop som fer med vranglære. Det var ei slik problemstilling som førte til at Dingstad måtte gå; lærenemnda avgjorde altså at han ikkje hadde rett til å nekte nattverdfellesskap med Sigurd Osberg. No skal det seiast at den teologiske utviklinga har gått mykje lengre etter dette. Likevel synest det altså som at Carissimi-grupperinga ikkje får alternativt tilsyn. Pettersen har vore kompromisslaus her og sagt at prestane er nøydde til å dele nattverdbord med biskopen, jfr. denne artikkelen. Nordhaug har vore meir kompromissvillig og heller råda prestane til å vere borte på visitasdagen, jfr. her. Prestane vil då bli refsa, men ikkje nekta å utføre si prestegjerning vidare.

Poenget i argumentasjonen mot Dingstad var at Osberg berre representerte seg sjølv, og ikkje stod som representant for kyrkja. Difor kunne ikkje Dingstad som prost bryte kommunionen med Osberg som biskop sjølv om Osberg som privatperson var ein kjettar. (Eg bruker kanskje sterke ord her…) Men i Carissimi sitt tilfelle er saka heilt annleis. Etter LM2006 og KM2007 kan to biskopar stå for to heilt motsette syn i homofilispørsmålet som biskopar. Dette betyr at det de facto har skjedd eit brot. Dette må få praktiske konsekvensar.

Hallvard skriv:

Det er sant at nattverden er “einskapens sakrament”, jfr. 1 Kor 10. Så det å delta i nattverdfellesskap er eit synleg teikn på kristeleg einskap i trua på Jesus. Dersom denne einskapen ikkje er til stades, så tenker eg det er viktig at kyrkjelyden ikkje får inntrykk av noko anna. Trass alt er det denne “anything goes”-haldninga som er mykje av grunnen til at utviklinga har gått såpass fort.

Og det er nettopp dette som er Carissimi sitt poeng. Etter LM2006 og KM2007 har det skjedd eit reelt brot på kyrkjerettsleg mark.

Noter:

[1] Eg vil her seie at eg meiner dette konstituerer to forskjellige syn på evangeliet. Evangeliets kjerne er forlating for syndene, og dermed er det viktig å ha grep om kva som faktisk er synd.

Ekklesiologi og sakrament

Eit av dei spørsmåla som har vore mest snakk om rundt Carissimi er den såkalla ‘nattverdsnekten’ deira. Dette uttrykket, som Carissimi aldri har nytta seg av, men som har fått forfeste i media, malar eit bilete av Carissimi-prestar som nektar biskopen nattverd. Altså at desse prestane vil utøve ‘det vesle bann’ i høve til biskopen der han er vranglærar. Men det er ikkje det Carissimi seier. Eg vil her m.a. vise til Dag Øivind Østereng. Der formulerer han eit viktig premiss for Carissimi: “Sakramental enhet forutsetter læreenhet.”

Det sakramentale er ikkje fristilla frå det læremessige og det ekklesiologiske. Den bibelstaden som kanskje viser dette best er 1Kor 10,16-17:

16 Velsigningskalken som vi velsignar, er den ikkje samfunn med Kristi blod? Brødet som vi bryt, er det ikkje samfunn med Kristi lekam? 17 Fordi det er eitt brød, er vi mange éin lekam, for vi har alle del i det eine brødet.

Evkaristien kan best definerast som einskapens sakrament: Han held oppe den einskapen som er i kyrkja, den einskapen vi har i Kristus. Men ein ting er viktig å påpeike her: Evkaristien er ikkje eit middel mot einskapsmålet; nei, han er eit teikn på den einskapen som ellereie er etablert. Spørsmålet vert då: har vi einskap? Korleis ein svarar på dette vil sjølvsagt avhenge av kva ein legg i einskapsomgrepet.

Nokre seier: Ja, vi trur på Kristus. Men er det nok? Ja, eg kan vere einig i at det er nok. Men då må vi sjølvsagt spørje vidare: kva vil det seie å tru på Kristus? I klassisk kristen tru betyr det å tru på Kristus at ein trur på heile hans lære, den læra han gav til apostlane, og som dei gav vidare. Einskapen i Kristus er altså også doktrinell.

Då må vi sjølvsagt spørje om homofilispørsmålet er eit doktrinelt spørsmål, eit spørsmål som kan skapa splitt i kyrkja. Spurt på ein annan måte: er homofilispørsmålet ein del av evangeliet slik dette vert definert i Confessio Augustana (CA)? I CA 7 les vi at “til sann einskap i kyrkja er det nok å vera samd om evangelielæra og om forvaltinga av sakramenta.” Dette er knytt til at evangeliet vert lært klårt og reint, og der sakramenta vert rett forvalta, etter Kristi skipnad. Slik eg forstår ‘evangeliet’ er det altså snakk om dei gode nyhende frå Gud, at vi kan få tilgjeving for syndene, og får lov til å ha samfunn med han. Men dersom ein vel å definere homofilispørsmålet ut av evangeliet, kva gjer ein då med t.d. det Paulus skriv i Rom 1-2? Kvifor skal vi godta ein slik ‘eksegese’? Eg ser ikkje at reformatorane godtok det. Og vil ikkje dette vidare bety at ein frårøvar einskilde menneske høve til å be om tilgjeveing, fordi ein seier at det ikkje er synd?

Stavanger biskop Pettersen seier i eit innlegg på Verdidebatt at han ikkje kan gå med på Carissimi sine krav fordi vi ikkje skal “splitte det Gud forener i sakramentalt fellesskap med sin Sønn.” Men her er det at Carissimi seier at den sakramentale einskapen er avhengig av einskap i læra. I NT vert dette uttrykt særs radikalt, og ein får klar beskjed om ikkje å ha sakramentalt fellesskap med kjettarar.

Denne insisteringa på doktrinell einskap er særs bibelsk. Om dei fyrste kristne kan vi lese at dei “heldt seg trufaste til læra åt apostlane og til kommunionen; til brødsbrytinga og til bønene.” (Apg 2,42) Her ser vi at lære, felleskap, nattverd og bøn høyrer saman. Ein kan gjerne debattere om Carissimi verkeleg “heldt seg trufaste til læra åt apostlane.” Men det er ei anna sak. Poenget er at det ikkje er einskap i Dnk på eit viktig spørsmål. Difor kan ein ikkje ha kommunion. Sakramental einskap utan doktrinell einskap er ikkje sann einskap. Det er berre falsk skodespel.

Ta del i fellesskapet

I går kom vi til den 20. sundagen i det alminnelege kyrkjeåret i fylgje Den katolske kyrkja, men eg fekk ikkje tid til å poste dette. Difor vil eg gjere det no, med bakgrunn i Den katolske kyrkja si tekstrekke. Eg byrjar med å sitere GT-teksten. (Eg siterer ikkje evangelieteksten i dag.)

Det står skrive i Salomos ordtøke i det 9. kapitlet:

Visdomsmøya har bygt seg hus og hogge til sine sju søyler. Ho har slakta fe, blanda vin og duka bordet. Ho har sendt ut sine jenter og ropar oppe frå byens høgder: “Hit kan den urøynde venda seg.” Og til den tankelause seier ho: “Kom og et av min mat og drikk av den vin eg har blanda. Lat tankeløysa fara, så skal de leva, gå fram på den vegen vitet viser!”

Slik lyder Herrens ord. Gud vere lova.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

Gårsdagens evangelietekst var Joh 6,51-58. Det er kanskje ein av dei sterkaste nattverdstekstane vi har i Bibelen, som ikkje direkte viser til nattverdskulten eller nattverdsliturgien, slik vi ser i Matteus, Markus, Lukas og hjå Paulus i 1. Korintarbrev. Nei, teksten i Johannes tek for seg røyndomen som ligg bak; at vi får del i Kristus sjølv. Men kva kan vi få der? Vel, i fylgje Matteus vert syndene våre tilgjevne fordi vi tek del i Herrens blod, ”paktblodet, som vert utrent for mange til forlating for syndene.” (Matt 26,28) Men vi får også del i noko anna; innsikt og visdom. ”Kom og et av min mat og drikk av den vin eg har blanda,” seier visdomsmøya til den tankelause. ”Lat tankeløysa fara, så skal de leva, gå fram på den vegen vitet viser!” (Ord 9,6) Visdomen ber oss å eta han sjølv, eta frukta av greinene. Kristus sjølv kallar seg vintreet, og i nattverden drikk vi av vintreets frukt; av Kristus sjølv. For å forstå betre, trur eg vi må sjå på skapingssoga og syndefallet.

Når mennesket åt av frukta av treet som gjev kunnskap om godt og vondt, så fekk det nettopp kunnskap om godt og vondt, men ikkje visdomen til å skilja mellom dei. Til dette treng ein visdom, og det får vi i Kristus, visdomen. Visdomen, skriv Salomo, ”er eit livsens tre for alle som grip han, sæle er dei som held fast på han.” (Ord 3,18) Kristus er visdomen, og dersom vi held fast på han vil vi ”gå fram på den vegen vitet viser.” Og når vi tek del i nattverden, eukaristien, vil vi — heilt konkret — få del i Visdomen, i Kristus. Der får vi kommunion, koinonia, samfunn med Gud. ” Ja, alt vi treng for å leva i gudsfrykt,” skriv Hl. Peter, ”har hans guddomlege makt gjeve oss i gåve ved at vi kjenner han som kalla oss ved sin eigen herlegdom og styrke. Dermed har han gjeve oss dei største og mest dyrebare lovnader. Ved dei skulle de få del i guddomleg natur.” (2Pet 1,3-4a) La oss be ei bøn mellom anna forma etter St. Ursula-liturgien:

Herre Gud, Himmelske Far, Du som opnar di hand og mettar alt som lever med hugnad, langt meir enn alt det vi bed om eller skjønar, vi bed deg: Tak i nåde imot vår tilbeding, takk og kjærleik. Vi ber fram oss sjølve, vår ånd, sjel og lekam som eit levande og heilag offer. Audmjukt ber vi deg: Sjå ikkje på vår synd og skuld, men sjå på det reine og lytelause offeret din kjære Son har brakt, og tak imot oss i nåde. Høyr våre bøner og lat oss bli forma etter biletet av Han, få del i guddomleg natur, og vise lydnad mot det kall du har gjeve oss i tankar, ord og gjerningar. Ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud, frå æve og til æve! Amen.