Teologi & religion

Universal Life Church?

Eg surfa litt rundt på nettet i dag, og oppdaga at ein kjent skodespelar, Jason Segel, som t.d. speler Marshall Eriksen i serien “How I Met Your Mother,” er ‘ordinert’ inn i ‘kyrkja’ Universal Life Church (ULC). Her er eit lite utdrag frå informasjonssida til ULC:

The Universal Life Church Monastery strongly believes in the rights of all people from all faiths to practice their religious beliefs, regardless of what those beliefs are, be they Christian, Jew, Gentile, Agnostic, Atheist, Buddhist, Shinto, Pagan, Wiccan, Druid or even Dignity Catholics; so long as they do not infringe upon the rights of others and are within the law of the land and one’s conscience.

We ordain ministers, priests, rabbis and clergy worldwide who are totally non-religious or even anti-religious. This may seem contradictory, but we are looking to change the negative perceptions of religion, faith and spirituality, by encouraging people to take control, stand up and speak truth to power by fearlessly stating their personal religious beliefs. (…)

We believe that everyone should be an ordained minister of the Universal Life Church Monastery. Anyone who has not yet done so is simply unaware of the accorded privileges to perform wedding ceremonies, funerals, baptisms and yes, even exorcisms. This church will legally ordain anyone who asks and we will never charge a fee for doing so.

For det fyrste vil eg seie at grunnen til at eg skriv ‘ordinert’ og ‘ordinere’ i hermeteikn er at det ikkje verkar som at ULC forstår kva ein ordinasjon er for noko, og at dette set visse grenser. Om alle er ‘ordinerte’ misser dette meining.

For det andre ser vi altså at ULC seier at dei på den eine sida vil at alle skal få lov til å tru på akkurat det dei vil, frå klassisk heidenskap og wicca til kristendom og buddhisme. Men så seier dei altså at dei meiner alle burde vore ‘ordinert’ inn i ULC og at dei som ikkje er det veit berre ikkje kva dei for lov til. Vel, eg veit, og eg har absolutt ingen planar om å la meg ‘ordinere’ inn i ULC. Vil ikkje då ULC – ut frå det eg siterer oppfor – meine at eg er ein ignorant idiot? Dei seier ikkje berre at alle burde vore ‘ordinert’ inn i ULC, men at dei som “has not yet done so is simply unaware of the accorded privileges to perform wedding ceremonies, funerals, baptisms and yes, even exorcisms.”

Eg klarar ikkje å sjå korleis dette ikkje krasjar totalt med det dei byrja med, nemleg at dei trur på “the rights of all people from all faiths to practice their religious beliefs, regardless of what those beliefs are, be they Christian, Jew, Gentile, Agnostic, Atheist, Buddhist, Shinto, Pagan, Wiccan, Druid or even Dignity Catholics; so long as they do not infringe upon the rights of others and are within the law of the land and one’s conscience.”

Det dei verkeleg meiner er altså at alle skal få lov til å gjere dette, men om dei ikkje let seg ‘ordinere’ inn i ULC, så er dei anten ignorate eller idiotar. Eller begge delar.

Advertisements
Teologi & religion

Spørsmål til adventistane

Ordet “påske” kjem av det hebraiske ordet pesach, og viser til feiringa av Guds gjerningar for Israelittane medan dei var i Egypt. Dei to viktigaste tibodsrekkene byrjar med ei tilviding til dette. “Eg er Herren din Gud, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset.” (2Mos 20:2) “Eg er Herren din Gud, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset.” (5Mos 5:6) Israelittane er også kalla til å feire dette kvart år, for å minnast dette.

Dette kan vi sjå som ein type av den nye pakta, der Kristus redda oss ut av vårt “personlege Egypt,” dvs. at Han redda oss frå synda si makt. Men enkelte adventistar påstår att å feire påske er eit heidensk tradisjon. Kvifor blir dette heidensk med eingong kristne (eller i alle fall katolikkar) gjer det? Og vidare; Dersom vi, på den eine sida, ikkje skal feire påske, fordi dette visstnok er ein “heidensk tradisjon,” kvifor skal vi då, på den andre sida, halde dei andre boda?

Teologi & religion

Hinn, Pedersen og Didache

Som mange sikkert har fått med seg, så har eg ikkje så mykje til overs for folk som Benny Hinn og Svein-Magne Pedersen. Men i dag oppdaga eg ein interessant passasje i den tidlege kristne dokumentet Didache [som du kan lese meir om her]. Eg har ikkje noko norsk omsetjing. Det står slik i kap. 11 (etter the Roberts-Donaldson translation):

Whosoever, therefore, comes and teaches you all these things that have been said before, receive him. But if the teacher himself turns and teaches another doctrine to the destruction of this, hear him not. But if he teaches so as to increase righteousness and the knowledge of the Lord, receive him as the Lord. But concerning the apostles and prophets, act according to the decree of the Gospel. Let every apostle who comes to you be received as the Lord. But he shall not remain more than one day; or two days, if there’s a need. But if he remains three days, he is a false prophet. And when the apostle goes away, let him take nothing but bread until he lodges. If he asks for money, he is a false prophet. And every prophet who speaks in the Spirit you shall neither try nor judge; for every sin shall be forgiven, but this sin shall not be forgiven. But not every one who speaks in the Spirit is a prophet; but only if he holds the ways of the Lord. Therefore from their ways shall the false prophet and the prophet be known. And every prophet who orders a meal in the Spirit does not eat it, unless he is indeed a false prophet. And every prophet who teaches the truth, but does not do what he teaches, is a false prophet. And every prophet, proved true, working unto the mystery of the Church in the world, yet not teaching others to do what he himself does, shall not be judged among you, for with God he has his judgment; for so did also the ancient prophets. But whoever says in the Spirit, Give me money, or something else, you shall not listen to him. But if he tells you to give for others’ sake who are in need, let no one judge him. (mine uthevingar)

Teologi & religion

Korte refleksjonar rundt barnedåp og pinsekarismatisk retorikk

Vårt Land (papirutgåva) melde 1. september (s. 17) at Rolf Nygård i Filadelfia Birkeland kom med klare ord imot barnedåpen. På nettsidene til forsamlinga stod det at “[b]arnedåp er en løgn fra helvetes avgrunn med et demonisk budskap som sier at den som er barnedøpt og konfirmert og gjør så godt man kan, kommer til himmelen.” Dette modererte han etter kvart. Dei melder også at han, etterpå, har sagt at “dåpen ikke er noen garanti for å komme til himmelen, man kan godt komme til himmelen uten. Gud er kjærlig og god, og gjennom det å bli kjent med Jesus kan man komme til himmelen uten dåpen. Bare se på røveren som hang på korset ved siden av Jesus. Det er frelsen og troen som fører til himmelen, ikke tre skvetter vann på hodet.”

Nokre av det eg tar fram kort her, er meir utførleg tatt fro seg av Harald Hauge i denne artikkelen.

Ja, kor skal vi byrje? La oss, for å gjere dette meir klart, ta det punktvis:

1. Barnedåp er ikkje noko “løgn fra helvetes avgrunn.”

Med mindre Nygård meiner at kyrkja datt saman i heresi rett etter, eller midt under, det vi les om i Apostelgjerningane, så kan vi ikkje seie at barnedåp er feil. Paulus skriv at Kyrkja (og ikkje Bibelen) er “søyle og grunnvoll for sanninga.” (1Tim 3:15) Difor trur eg at dersom kyrkja praktiserte barnedåp, noko den gjorde, så kan ein ikkje seie at den er ei løgn frå helvete — og samstundes påstå at ein er kristen. Vidare er det interessant å sjå at Paulus samanliknar dåpen med omskjeringa. Omskjeringa var paktsteiknet for den gamle pakta, og vart utført på vaksne konvertittar eller born åtte dagar gamle gutar, dersom dei vart fødd inn i ein jødisk familie. Paulus seier ingenting i teksten om at dette no er endra. Vidare så samanliknar han dåpen med farten gjennom raudehavet. Men her gjekk jo alle generasjonar. Kvifor bruker dette biletet dersom barnedåp er utelate?

2. Barnedåp seier ikkje at “den som er barnedøpt og konfirmert og gjør så godt man kan, kommer til himmelen.”

Like lite som at det å vere kristen i dag er ein garanti for at du er kristen i morgon.

3. Det er for så vidt sant at ein kan komme til himmelen utan dåp.

Men det er også sant at ein lam person kan klare seg her i livet. Betyr det at vi andre skal slutte å bruke beina? Og dømet med røvaren på krossen er berre for dumt. Hadde han noko val? Trur du ikkje at han, om han hadde blitt benåde, sikkert hadde latt seg døype?

4. Det er sant at frelsa og trua fører til himmelen?

Men kva er tru? Her ligg den store forskjellen mellom luthersk, katolsk og ortodoks teologi på den eine sida, og pinsekarismatisk og baptistisk teologi på den andre. Eg ser ikkje på tru som hovudsakleg intellektuell aneerkjenning av teologiske sanningar, sjølv om det er ein viktig del, men som truskap. Og kven er det vi er tru imot? Jo, det er Kristus. Og kva sa Han? Jo, han sa: “Den som ikkje blir fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike.” (Joh 3:5) Og vidare: “Gå difor og gjer alle folkeslag til disiplar! Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.” (Matt 28:19f) Og vidare: “Den som trur og blir døypt, skal bli frelst. Men den som ikkje trur, skal bli fordømd.” (Mark 16:16)