Dagens sjokk: Benny Hinn er Benny Hinn!

Via Vårt Land

I helga (24. – 25. juli) hadde Livets Ord sin Europakonferanse i Uppsala. Der hadde dei av ein eller annan grunn invitert Benny Hinn, noko som eg ser på som litt rart sett i lys av Ekman si utvikling dei siste åra. Men Ekman tok avstand frå forkynninga til Hinn. Han skriv på bloggen sin:

Hans [Hinns] förkunnelse, som han förvisso inte är ensam om, men som hos honom tycks vara mer konsekvent och utarbetad än vad jag någonsin har hört förut, gick långt utöver vad jag menar är klassisk kristen tro och sund lära. Den hade inte bara lite gnostiska inslag, den hade dessvärre alldeles för mycket av ren och skär gnosticism.

Eg er glad at Ekman går imot forkynninga til Hinn, mellom anna at Hinn meinte at kroppen berre er eit skal elle ein hanske. “Men vår kropp är inte bara ett yttre skal,” skriv Ekman, “en handske som kastas av utan en väsentlig och integrerad del av vår identitet och personlighet.” Og vidare gjekk Ekman mot Hinn sin påstand at “Jesu blod inte kom från Maria utan direkt från Gud.” Men det eg ikkje heilt skjønar er Ekman sitt sjokk. Ja, Hinn sin teologi er sjokkerande og kan ikkje kallast kristen. Men dette er vintage Hinn. Trudde Ekman at Hinn skulle forkynne noko anna enn han alltid har gjort?

Er det verkeleg sjokkerande at Benny Hinn er Benny Hinn?

8 thoughts on “Dagens sjokk: Benny Hinn er Benny Hinn!

  1. Såg 3 personar flyge gjennom lufta på ein Benny Hinn konferanse eg var på ein gong INNAN eg vart Katolikk..
    Liknar litt på det Simon Maggus held på med då han fekk demonar til å bere han gjennom lufta heilt til St Paulus og St Peter befalte demonane å sleppe han slik at han datt ned og daua..
    les bloggen min kvitekristkvinne.blogspot.com
    mvh Iselin

  2. Den religiøse foretaksomheten har alltid vært stor. Ulf Ekman selger Benny Hinn-show, den katolske kirke selger avlat.

    Religiøse foretak – enten det er Livets Ord eller Den katolske kirke er avhengig av inntekter som må skaffes på en eller annen måte.

  3. Og siden dine anklager om løgn sitter løst, så består poenget.

    Utelukker du at Kirken tjener på mange av de handlinger den lister opp for å gi avlat?

  4. Jeg er helt enig med Benny Hinn i hans uttalelser i preken anngående Jomfru Maria og vårt legeme. Dette kan enkelt legges utifra skriften. Vær forsiktig med krittikk, se til ditt eget liv først. En ikke kristen som omvender seg og lar Jesus bli Herre, forstår selvfølgelig ikke disse ting, dette tilhører videre vandring og utvikling. Skal man uttale seg, så sørg for at du ER åndelig utviklet –

  5. Det er jo ein fin måte å argumentere på. Viss folk er usamd kan du jo berre seie at dei ikkje er godt nok åndeleg utvikla. Og kjekt å høyre at du har ein slik innsikt i mitt liv at du veit om eg har Kristus som Herre eller ikkje. For det er jo kunnskap du kan få gjennom ein dataskjerm.

    Faktum er at kristendommen aldri har handla om å finne ‘hemmeleg kunnskap.’ Alt ligg oppi dagen. Kristendommen er ein openberringsreligion. Kristendommen er ikkje ein religion for dei ‘opplyste.’

Leave a comment