Nokre filosofitestar

Eg tok to filosofitestar. Desse var Which famous philosopher do you most agree with? og the Classical Philosophy Selector. Resultata står nedanfor. Det var ikkje noko prosentreking, men det var ei ‘søyle.’ Eg har, der eg fann det nødvendig, omsett namna frå engelsk.

Den filosofen eg likna mest på.

  • Aristoteles
  • Platon
  • Aquinas
  • Augustin
  • Kant
  • Hume
  • Protagoras
  • Sextus Empiricus
  • Nietzsche

Klassisk filosofi. ()

  • Stoikar
  • Sokratisk
  • Platonist
  • Pytagorear
  • Kynikar
  • Epikurear
  • Sofist
  • Cyrenaeic (hedonist)

Som de sikkert ser, så er det ein viss forskjell mellom desse resultata. Eg vil seie at eg i den andre testen sa at eg var djupt ueinig i at denne verda berre er ein ‘kopi’ eller eit ‘skuggebilete’ av ei idealverd ‘der ute.’ Med dette sagt, så er eg altså hovudsakleg ein aristotelisk-platonsk thomist som har visse interesser i stoismen, platonismen og det sokratiske, samstundes som eg liker å lese Augustin — og har likskapar med Kant. Sagt på ein annan måte; Eg liker det sanne. For som ein kjent vismann sa det; “All sanning er Guds sanning.”

One thought on “Nokre filosofitestar

Leave a comment