Erstatningsteologi?

Eit av dei mest sære orda innan evangelikal teologi er uttrykket ‘erstatningsteologi.’ Dette ordet vert ofte teke fram, spesielt når nokon er så ‘syndige’ at dei vågar å seie at staten Israel kanskje ikkje er perfekt. På dansk Wikipedia står det at erstatningsteologi er “en teologi der postulerer, at den kristne kirke i dag har indtaget Israels plads og overtaget Israels løfter. Israel er erstattet af den kristne menighed.” Men eg har faktisk aldri møtt nokon som faktisk trur dette. Poenget er ikkje at kyrkja har “indtaget Israels plads og overtaget Israels løfter” eller at “Israel er erstattet af den kristne menighed.” Nei, poenget er at Israel no ikkje berre består av det Paulus kallar “Israel etter kjøtet.” (1Kor 10,18)[1] No består Israel potensielt sett av alle folk; alle dei som er i kommunion med Herren.

Rom 8,9 er ein interessant vers i denne samanhengen: “No er det ikkje slik at Guds ord har slege feil. For ikkje alle som er av Israel er av Israel; og ikkje alle som er Abrahams ætt er hans born, men gjennom Isak skal dei kallast di ætt.” Her vert Isak brukt som eit bilete på det ‘rette Israel,’ i motsetnad til Ismael, slik Paulus også set eit (i alle fall biletleg) skilje mellom Sara og Hagar i Gal 4. Paulus fortel oss at ikkje alle “som er av Israel er av Israel.” På overflaten ser dette ut som ei sjølvmotseing, med mindre Paulus bruker ordet ‘Israel’ på to forskjellige måtar. Og slik eg les teksten, gjer han nettopp det.

På den eine sida kan ordet peike på ‘Israel etter kjøtet’ — dei som er Israelittar fordi dei er ‘fødd sånn.’ På den andre sida kan ordet peike på ‘Israel etter Anden.’ Dette siste uttrykket er eg usikker på om finst i Skrifta, men eg kom over det i denne diskusjonen For å forklare kva som vert meint med dette, gjer eg orda til Ulf (i diskusjonen) til mine:

Gud holder sine løfter. Guds Ord til Israel har ikke slått feil. Man må bare forstå at løftene til Israel i GT oppfylles i NT av “det virkelige Israel”. Paulus forklarer jo nettopp dette ved å si: “Men ikke så at Guds ord skulle ha slått feil. For ikke alle som stammer fra Israel, er virkelig Israel”. Det er altså en forskjell på “Israel etter kjødet” og “Israel etter ånden”. Nå er den sann jøde som er omskåret på ånd og ikke penis (Rom.2:28-29). Omskjerelsen skjer når man tar i mot Jødenes Messias. Derfor blir alle Guds løfter “oppfyllt i Ham” (2.Kor.1:20) og de som tar imot Ham blir Abrahams Ætt og arvinger til løftene som ble gitt ham (Gal.3:16,29).

Ein anonym debattant seier at dette er ufullstendig. “Det är sant,” skriv han, “att vi den kristna församlingen är ett andligt Israel. Men det kommer en tid när dessa två Israel ska bli ett.” Problemet er at dette misforstår det som står i NT. For Gud har ikkje to folk; jødane og dei kristne. Nei, han har eitt folk. Før Kristi tid var desse berre jødar, men no har Guds utvalte — hans ἐκκλησία, hans kyrkje — vorte utvida. Poenget mitt er at uttrykket ‘erstatningsteologi’ er total skivebom.

For ingen har ‘erstatta’ nokon. Trufaste jødar har ikkje vorte ‘fjerna’ frå kyrkja, men heidningane har vorte poda inn. Israel består no av både jødar og heidningar, slik Paulus seier til kyrkjelyden i Galatia: “Her er ikkje jøde eller grekar, ikkje slave eller fri, ikkje mann eller kvinne: for alle de er eitt i Kristus Jesus. Og dersom de høyrer Kristus til, så er de Abrahams ætt, arvingar etter lovnaden.” (Gal 3,28f)

For å skjøna dette må vi forstå at Guds forhold til Israel — både ‘Israel etter kjøtet’ og ‘Israel etter Anden’ — er i form av ei pakt. Og denne pakta er no utvida. Roy-Olav T. Øien seier det best. Eg gjer orda hans til mine, og lét dei avslutte dette innlegget:

Dei messiastruande er no dei utvalde i denne verda. Ætta som løftet gjaldt, er no kommen. Jødane kan sjølvsagt som folk atter bli innpoda, men då må dei kome til tru på Jesus Kristus (Rom. 11:23). Bibelen delar faktisk no verda inn i tre kategoriar(jødar, grekarar og Guds kyrkjelyd — 1. Kor. 10:32) mens det før forherdinga av jødane berre var to (jødane og heidningane — Matt. 13:38). Dermed er det også slik at det er dei som har tek imot Messias som er sanne jødar og den sanne Abrahams ætt (Matt. 21:43; Rom. 2:28-29).

Gud har likevel ikkje forkasta folket sitt, men han har utvida det. Dei som ikkje trur på Messias er ikkje poda inn på stammen, dei er brekt av. Dermed er ikkje staten Israel den institusjonen som Gud jobbar gjennom lengre. Profetiane om Israel er no oppfylde i typologien “Kristus”.
No er det sikkert mange som lurer på versa i romarane kapittel 11. Eigentleg er det veldig enkelt. Hemmeligheita er at “heile Israel” er ei nemning på messiastruande jødar pluss messiastruande heidningar. Heile Israel vart då frelst når Kristus døde for oss alle på krossen. Noko masseomvending er nærast umogleg ettersom heidninganes fylde ikkje er oppfylt før etter eit eventuelt 1000-års rike (Matt. 24:14; 1. Tess. 4:16-18 og 1. Kor. 15:51-58). Det blir altså neppe noko ny periode der Torahs pakter og prinsipp blir ført inn på nytt eller eit nytt stor-Israel med gamle grenser.

Noter:[1] Viss ikkje anna vert direkte nemnt, omset eg tekstane sjølv — med eit språkleg utgangspunkt i NT05.

3 thoughts on “Erstatningsteologi?

Leave a comment