‘Flying red octopus god on a pole’

I går fann eg eit innlegg på den katolske liturgibloggen New Liturgical Movement (NLM). Innlegget tok opp den tendensen hjå enkelte liturgiske organisasjonar å ha mykje ‘flimflam’ – tull som fjernar fokuset frå liturgien som sådan, og som berre skapar ‘show.’ (Dersom det faktisk er nokon som har lysr til å sjå på dette.) I dette tilfellet var det ein slags ‘fiskedrage’ (eller, som ein sa det, ‘the flying red octopus god on a pole’) som vart ført rundt i rommet under inngangsprosesjonen på ei av messene til den årlege samlinga for den amerikanske katolske National Association of Pastoral Musicians.

Dette, som de kan sjå i dette Youtube-klippet (og i Youtube-videoen for heile messa), har bakgrunn i det vi kan finne i meir protestantiske grupperingar, også kalla ‘Giant Papier-Mâché Calvinist Puppets of Doom.’ (Sjå her, her og her.) I NLM-artikkelen kjem det fram at dette har sin bakgrunn i sovjetisk propaganda. I seg sjølv er dette problematisk, men eg meiner det største problemet er dette: Det framviser, som vi les i ein total mangel på respekt for at liturgien har ein eigenverdi, at den ikkje treng slik ‘staffasje,’ og det er heilt totalt smaklaust! Det er heilt blotta for estetisk sans, heilt reinska for einkvar kunsterisk klokskap.

Men det viktigaste vi må hugse på er at liturgien er noko vi skal gå inn i, og som skal for forma oss, og ikkje, slik enkelte kan få seg til å seie, eit kunsterisk uttrykk som vi kan eller skal ‘eksperimentere’ med.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s