Kven er min neste?

I Luk 10:25-37 står det om dette, i Kristi likning om den miskunnsame samaritanen. Men eg vil fyrst sjå på v. 25-29:

Då steig det fram ein lovkunnig. Han ville setja Jesus på prøve og sa: “Meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?” “Kva står skrive i lova?” sa Jesus. “Kva les du der?” Han svara: ” Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv.” Då sa Jesus: “Du svara rett. Gjer det, så skal du leva.” Men mannen ville gjera seg rettferdig og spurde: “Kven er så nesten min?”

Frelsa ligg altså i at du skal elske Gud over alt, og elske nesten din som deg sjølv. Men spørsmålet til den lovkunnige — “Kven er så nesten min?” — er interessant. Svaret er velkjent —likninga om den miskunnsame samaritanen — og vi får der vite at nesten ikkje berre er naboen, men den framande, inkludert dei du ikkje likar. Altså alle dine medmenneske.

Men er dette noko nytt? Innførte Kristus noko nytt i etikken,[1] eller fokuserte han berre på noko gammalt? Eg trur det siste, eg trur at Kristus minna folk om kva dei sjølv lærer. Han opererte innanfor lova. I 3Mos 19:18 står det: “Du skal elska nesten din som deg sjølv.” Men det går lenger, for i 3Mos 19:34 står det: “Du skal elska han (innflyttaren i landet ditt) som deg sjølv.” Det nye Kristus gjorde, var å viske ut skilnaden mellom den framande og nesten, slik at nesten er alle medmenneske.

Noter & referansar:

[1] Klassisk etikk handlar, i fylgje Alasdair MacIntyre, om å nå det endelege målet. Klassisk etikk har ein tredelt stuktur; (i) mennesket slik det er i seg sjølv, i ei uopplyst naturtilstand, (ii) mennesket slik det kan vere om det aktualiserer sin essensielle natur, og (iii) etikken, som hjelper oss frå det eine til det andre. Etikken er ikkje berre naturleg, men også overnaturleg.

Leave a comment