Preike 5. søndag i påsketida 2015

Her er preika eg hadde i Veitastrond kapell, i går, 3. mai. Teksten her er nok ikkje heilt identisk med den eg framførde, men det er sjeldan slik. Fotnotane vart ikkje nemnt i preikesituasjonen, men er teke med her for at folk skal kunne sjekke referansane mine om dei ynskjer det.

Tekstar: Apg 2,42-47; Rom 12,1-3; og Luk 13,18-21.

______________________________

«Kva skal eg samanlikna Guds rike med?» spør Jesus, og så gjev han to liningar: «Det er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i hagen sin. Det voks og vart til eit tre, og fuglane under himmelen bygde reir i greinene på det.» Og vidare: «Det er likt ein surdeig som ei kvinne la inn i tre mål mjøl til alt var gjennomsyra.»

Fellesnemnaren i desse to likningane er at noko lite kan ha stor kraft, og kan styre utviklinga av noko større. Eg vil her ta utgangspunkt i det andre biletet: om surdeigen. Eg veit ikkje om de har bakt surdeig før. Eg har det ikkje, men eg har tilgang til internett, og har der funne ut at det er ytterst lite som skal til for at surdeigen, eller surdeigskulturen, gjennomsyrer brødet.[1] Den står faktisk for ca. 4-5 prosent av innhaldet, men den gjennomsyrer heile deigen.

Det er altså dette Jesus samanliknar Guds rike med. Men kva meiner han med det? Her trur eg vi må sjå på nytt på dei andre tekstane vi las, fyrst frå Apostelgjerningane, kap. 2. Her les vi om dei fyrste kristne, og det levesettet dei hadde. Det står:

42 Dei heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene. 43 Kvar og ein vart gripen av ærefrykt, og mange var dei under og teikn apostlane gjorde. 44 Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag. 45 Dei selde eigedomane sine og anna gods og delte ut til alle etter som kvar trong det. 46 Med eitt sinn samla dei seg kvar dag på tempelplassen, og i heimane braut dei brødet og åt i lag med ekte og inderleg glede. 47 Dei song og lova Gud og var godt lika av alt folket. Og kvar dag la Herren til nye som lét seg frelsa.

Her ser vi at Guds rike – Guds nærver i den kristne, med Jesus som Herre – fekk prega dei fyrste kristne på ein slik måte at dei levde eit radikalt liv. Ordet ‘radikal’ kan misforståast, og ofte trur folk at det betyr kaos. Men ordet ‘radikal’ kjem av det latinske ordet radix, som tyder ‘rot.’ Å vere ‘radikal’ betyr altså å gå til rota, å søkje sentrum. Ein radikal kristen blir då ein som søkjer Kristus, og let han prege livet sitt. Jesus skal gjennomsyre våre liv. Vi skal leve i lys av oppstoda, og la dette prege oss i liv, og i død. Og her kjem vi til den andre teksten, frå Romarbrevet: «Og innrett dykk ikkje etter denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan dømma om kva som er Guds vilje: det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne.»[2] Her ser vi at den kristne radikaliteten handlar om å vende om til Gud. Ein slik radikalitet kan få mange uttrykk, og det har ikkje noko direkte å gjere med politikk, hverken det liberale eller det konservative.

Men dette biletet er ikkje utelukkande positivt. I Bibelen har surdeigen to biletlege funksjonar; den er eit bilete på Guds nærver, Jesu nærver, i den kristne, men den kan også vere eit bilete på synda som ei gjennomsyrande kraft. Litt synd kan korrumpere ein person. Det vert som med korrupsjon. Sjølv om ein person berre tar litt pengar, og er litt korrupt, så kan dette over tid gjennomsyre personen. Difor treng vi å la Jesus gjennomsyre oss, og renske ut den vonde surdeigen, synda. Vi må søkje sentrum, søkje oss til rota, vende om til Gud.

Ein som for meg så og seie kroppsleggjorde denne form for radikalitet var den no avdøde katolske presten Arnfinn Haram. Han levde eit radikalt liv, i fattigdom, som munk. Han var også djupt konservativ, idet han heldt seg trufast til læra, til det kristne og kyrkjelege fellesskapet, med dei reglar og skikkar som gjeld der, til brødsbrytinga, nattverdfeiringa, og til bønene. Han var ikkje ute etter å vere nokon reformator. Han søkte rota, han søkte sentrum, han søkte opphavet, han søkte Kristus. Men dette var ikkje noko nytt eller spesielt. Dette er vi alle kalla til.

Vi må, som det står i Hebrearbrevet, ha «blikket fest på Jesus, trua sin opphavsmann og fullendar.» Dette inneber fyrst og framst at vi innser at dette ikkje er noko vi kan koke ihop av eiga kraft. Jesus er både opphavsmann og fullendar. Det er han som er verksam. Han er surdeigen som vi fekk i dåpen. Og gradvis skal denne surdeigen få prege oss meir og meir. Men akkurat som ein kan øydeleggje ein surdeig, eller ein surdeigskultur, så kan vi hindre at Jesus får prege livet vårt. Og dette er grunnen til at eg her vil slå eit slag for ein genuin kristen praksis, eit genuint åndeleg liv. Men då må vi jo spørje: Kva er det som gjer ein praksis spesifikt kristen? Alle kan dele eit måltid saman, alle kan be ei bøn. Kva er det med ein praksis som gjer den kristen? Jo, det er Jesu nærver i praksisen, og i den praktiserande, og Heilagandens virke. Kristus virkar i oss, i og ved Den Heilage Ande.[3]

Når alt kjem til alt handlar det om praktisk religionsutøving, om det gjensidig avhengige forholdet mellom lære og liv. Det handlar om at vi heile tida minner oss om den grunnleggjande sanninga i tilværet: At vi høyer Gud til, at han gir, og at vi tek imot.[4] Det kristne livet er fyrst og framst gitt oss som ei gåve. Som kristne er vi læresveinar, og ein læresvein er ein som fylgjer ein meister, som høyrer denne meisteren til, og som er i ein læreprosess, eller ein gjennomsyringsprosess. Men felles for alle læresveinar, uansett kva stadium ein er på i livet, er at ein må ha «blikket fest på Jesus.» Vi er ikkje utlærte, men vi vandrar saman med Jesus, saman med Gud. Dette handlar ikkje fyrst og framst om å ha så og så mykje kunnskap, men om å ha del i Guds liv, «del i guddomleg natur,» som apostelen Peter seier.[5] Vi har del i det Bibelen kallar for løyndomen eller mysteriet; vår relasjon til Gud. Det er noko vi ikkje heilt kan forklare, men som må erfarast. Vi kan ikkje be-gripa det fullt og heilt i dette livet, men vi kan gripa det, mellom anna i Bibelen, i det kristne og kyrkjelege fellesskapet, i nattverden, i bøna. Det sentrale er vår praksis, det livet vi lever som kristne.

Men det er igjen viktig å påpeike at dette ikkje handlar om vårt eige strev, men nettopp om det fellesskapet vi har til Gud, der han alltid er større. Når vi lovsyng, så er det fordi Gud fyrst har lagt lovsongen ned i oss.[6] Når vi samlar oss saman til gudsteneste, så er det fordi Gud i dåpen fyrst har kalla oss og samla oss saman som éi kyrkje.[7] Når vi gjer gode gjerningar, så er det fordi Gud på førehand «har lagt [dei] ferdige så vi skulle vandra i dei.»[8] Alt saman er forankra i Guds gåve, i Guds nåde. Gud gir, vi tek imot, og så får vi lov til å gi dette tilbake – i bøn, lovsong, misjon, kjærleiksgjerningar, osv. – ikkje av eiga kraft, men gjennom Gud, ut frå det han har gjeve oss.

Kjernen i dagens evangelium er dette: At noko som kan sjå lite ut, nemleg den spira til tru som vert gitt deg i dåpen, kan veksa å bli noko stort, dersom du lét det skje, dersom du heldt deg nær til Jesus, og lét han gjennomsyre deg, ditt liv, din praksis på ein slik måte at han er Herre. Då kan du, som Jesus seier, leve eit liv der du elskar Gud «av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit og av all di makt,» og der du elskar «nesten din,» medmenneska dine, «som deg sjølv.» For du leve i det, seier Jesus, er du «ikkje langt borte frå Guds rike.»[9]

Lat oss be:[10]

Herre Gud, himmelske Far, du har ved Son din, Jesus Kristus, oppretta ditt rike her på jord, blant oss og i oss. Vi bed deg: Vara oss i din kjærleik, så vi kan bera rik frukt, som greiner på det same vintreet, og leve til ære for deg, Far, for Son din, Jesus Kristus, vår Herre, og for Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Noter:

[1] Sjå Surdeig.no.

[2] Rom 12,2

[3] Sjå denne artikkelen av Bård Norheim, samt boka hans Practicing Baptism: Christian Practices and the Presence of Christ.

[4] Sjå Knut Alfsvåg sin artikkel «Luthersk spiritualitet: Om lære og liv i den éne, kristne kirke» (Dansk tidsskrift for teologi og kirke 40:1, 2013): 42-56.

[5] 2Pet 1,4

[6] Jf. Salme 40,4.

[7] Jf. Matt 16,13-20; Apg 9,31; Apg 20,28; 1Kor 1,2; Ef 1,15-23; Ef 5,23-32, etc.

[8] Jf. Ef 2,10.

[9] Mark 12,28-34.

[10] Denne bøna er dels basert på bøna for 5. søndag i påsketida i forslaga for dagens bøn i Den norske kyrkja sin liturgirevisjon.

Leave a comment