Efesarbrevet 4: Einskap, mangfald og teneste

Denne posten er ein kortversjon av denne oppgåva i NT-eksegese (pdf-fil). Eg bestemte meg for å legge denne kortversjonen ut på bloggen sidan eg for tida har pastoralteologi som fag, og skal ut i misjonspraksis på onsdag (27.11 d.å.), i Bogafjell, som nok er meir ‘lågkyrkjeleg’ enn det eg er. Dette vert litt nytestamentleg refleksjon over kvifor eg har eit ‘høgkyrkjeleg’ embetssyn. Dei meir kyrkjehistoriske og lutherske refleksjonane kjem nok etter kvart. Desse må sjølvsagt henga saman. Vi må ha eit koherent verdsbilete.

****

Her skal eg kort ta for meg Ef 4:3-6.11-16 i eit ekklesiologisk lys, med kyrkja sin einskap som tema. Eg har nytta meg av forskjellige kommentarar og andre verk, frå forskjellige perspektiv, men som eit metodisk utgangspunkt tek eg særleg i bruk Ernest Best sin ICC-kommentar til Efesarbrevet.[1] Efesarbrevet er truleg NT sitt ekklesiologiske hovudbrev, med ein klar samanheng mellom kristologi og ekklesiologi.[2] Best skriv at «the thrust of the christology of Ephesians, while not out of line with that of other Pauline letters, or indeed the vaster part of the NT, is ecclesiological, just as its teaching on the church may be described as christological. Yet the link between the theological earlier part of the letter and the paraenetic later part is not christological … but ecclesiological,»[3]

Ef 4:3-6.11-16 er del av ein lengre perikope, v.1-16, men eg kan ikkje ta for meg heile. Difor fokuserer er på v.3-6 og 11-16, då desse på ein særleg måte fokuserer på einskapstemaet.

Eg går kort inn på nokre moment, i høve oppgåvetemaet. Sjølv om dei er ‘på linje,’ påpeiker Best fem viktige forskjellar mellom ekklesiologien i Efesarbrevet og i dei ‘sikre Paulusbreva’:[4] (1) Efesarbrevet omhandlar primært den universelle (ikkje den lokale) kyrkja. (2) I Efesarbrevet er hovudet for kyrkja Kristus, ikkje éin av lemene. (3) Sjølv om Efesarbrevet fokuserer på einskap er nattverden fråverande, i motsetnad til Paulus i t.d. 1Kor 10:16-17; 11:17ff. (4) I Efesarbrevet finn vi apostel- og profetgrunnvollen (2:20), medan dette elles er reservert for Kristus (jf. 1Kor 3:11). (5) Paulus fokuserer på kyrkja sitt forhold til Israel, medan dette er nærast fråverande i Efesarbrevet.

Av desse vil eg poengtere at kyrkja er lokal og universal, både i dei sikre Paulusbreva og i Efesarbrevet.[5] Eg meiner Israels-spørsmålet er handsama i brevet (Ef 2:11-22), om ikkje like mykje som i dei sikre breva. Med dette går eg vidare til hovuddelen.

Eg skal ikkje ta for meg eksegesen her, den finn de i oppgåva.[6] Eg vil heller gå inn på det eg finn relevant for det pastoralteologiske. Eg tok i oppgåva utgangspunkt i denne problemstillinga: Kva består kyrkja sin einskap i, kva samlar ein seg om, og på kva måte vert denne einskapen verna om og utbreidd? Dette meiner eg er eit sentralt pastoralteologisk spørsmål: Det er éi kyrkje, men korleis kjem denne einskapen til uttrykk?

Det fyrste vi ser, er at einskapen er knytt direkte til Gud. Paulus formanar oss om å «[leggja] vinn på å ta vare på Andens einskap, i fredens samband.» Einskapen er altså ikkje noko reint sosiologisk, den er knytt til Anden, til Gud. Vidare ser vi at denne einskapen er knytt til kyrkja (organisk, igjen ikkje reint sosiologisk), til kallet og til trua. Paulus skriv at vi har «éin lekam og éin Ande, iksom de også vart kalla til eitt håp då de vart kalla, éin Herre, éi tru, éin dåp, éin Gud og Far for alt, han som er over alt og gjennom alt og i alt.»

Det er viktig å påpeike at den lekamlege einskapsmetafor ikkje berre er ‘generell’ (jf. fabelen til Menenius Agrippa), fordi kyrkja er Kristi lekam. Vi ser dette andre stader også: «For liksom lekamen er éin, endå han har mange lemer, er alle lemene éin lekam, endå dei er mange. Slik er det med Kristus òg.» (1Kor 12:12) Legg merke til kva Paulus skriv. Ikkje ‘slik er det med kyrkja,’ men ‘slik er det med Kristus.’[7] Som lemer på Kristi lekam er vi underlagt han. Det er interessant å sjå at Paulus ikkje formanar til å skapa einskap, men om å halda fast på den faktiske einskapen. Men dersom denne kan missast, er den verkeleg essensiell for kyrkja? Best meiner dette er vanskeleg å svare på, og meiner Paulus ikkje prøver på det. Eg meiner Best sin påstand er feil, og at den må sjåast ut frå soma-omgrepet (‘lekam’). Best påpeiker at nokre kommentarar, med utgangspunkt i tanken om at einskapen kan missast, hevder at pnevma (‘Ande’)[8] skal forståast som ei generell fellesskapsånd, «the corporate spiritual feeling of the community, something created by the community and therefore able to be lost by it.»[9] Eg meiner dette ikkje tek omsyn til soma. Vi kan tenke oss at liksom lekamen vert verande éin etter ein amputasjon kan kyrkja som sådan halda fast på einskapen sjølv om ho skulle oppleve splid eller missa einskildsmedlemmar. Formaninga om å halda på einskapen er då ei formaning om å halda fast på Kristus, og vere eitt med han og (fylgjeleg) andre kristne.[10]

Einskapen i kyrkja er altså einskapen vi har i Kristus, som ikkje er delt (jf. 1Kor 1:10-13). Denne einskapen må sjåast i høve til patær-omgrepet (‘Far’).[11] Gud vert i NT likna med ‘husets here,’ gr. ho oikodespotæs, lat. paterfamilias, patria potestas.[12] Vi ser også ein blanding av familie- og kongerikemetaforane.[13] Reidar Hvalvik påpeiker at frasen ‘Guds kyrkje’ (gr. hæ ekklæsia tou theou) «can only be understood in the sense “the church that belongs to God,” a phrase which makes sense only if the assembly consists of “the people of God.”»[14] For mange kristne vart kyrkja ein ny familie, som erstatning for den familien dei evt. tapte då dei konverterte.[15] Einskapen i kyrkja er den einskapen vi har i Kristus, under Gud som paterfamilias. Den består i eit personleg fellesskap med Gud og med andre kristne, samla om trusinnhaldet (jf. Ef 1:23; 2:18-22).

Men dette er altså grunnlaget. Kva med voksteren? Her kjem vi til v.11-16. Eg siterer dei i sin heilskap:

11 Og han gav på den eine sida apostlane, på den andre profetane, vidare evangelistane, vidare hyrdingane og lærarane, 12 for utrustinga av dei heilage til tenestegjerning, til oppbyggjing av Kristi lekam, 13 inntil vi alle kan nå fram til einskapen i trua og i kjennskapen til Guds Son, til mogen manndom, til aldersmålet for Kristi fullnad. 14 Så skal vi ikkje lenger vera som born, kasta hit og dit, og drivne omkring ved kvart vindpust av ny lære, så vi blir eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster. 15 Men vi skal vere trufaste mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus. 16 Frå han vert heile lekamen samanknytt og sameina ved kvart støttande band, alt etter den oppgåva kvar einskild lem har fått tilmålt. Slik kan lekamen veksa sin vokster til si oppbyggjing i kjærleik.

I v.11-16 kjem vi inn på korleis kyrkja sin einskap vert verna om og utbreidd, ved medlemene og embetsberarane i kyrkja.

Ved verbet edåken (‘han gav’) [16] ser vi at Paulus (1) skiljer mellom forskjellige typar funksjonar, tenester eller embete som (2) er gjeve av Kristus sjølv, jf. v.7-10. Apostlane, profetane, etc. er konkretiserte gåver til kyrkja. Fokuset er på Guds kall (gr. klæsis, jf. v.2.4),[17] noko som gjer det unaturleg med eit skilje mellom det personale og det funksjonelle.[18]

Eg meiner Paulus viser til embeta (‘apostlane,’ ‘profetane,’ etc.) i sin bestemte form. Dette har utgangspunkt i artikkelbruken. [19] Eg meiner Paulus viser til apostlane (og profetane) i bestemt historisk form (jf. Ef 2:20; 3:5), og at desse var knytt til ein gitt kontekst.[20] Forskjellen frå dei andre embetsberarane ligg i apostlane og profetane sine særskilde kall frå Gud og/eller Kristus.[21] Kanskje byggjer dei to/tre andre embeta på apostel- og profetgrunnvollen. Embetsberarane opererer med ein autorisasjon frå Kristus. Dette er knytt til Ordet, i forkynning, læring og formaning.[22] Apostelkallet har mange likskapstrekk med profetkallet i GT, med apostlane som Guds og Kristi utsendingar og representantar.[23] Denne forståinga meiner eg er reflektert i vigslinga av Mattias (Apg 1:15-26), og spesielt bruken av Sal 109:8: «For det står skrive i Salmane: … Lat ein annan taka tilsynstenesta hans!» (Apg 1:20ac) Apostolatet er ei konkret, tidsavgrensa teneste, gitt til spesifikke Kristus-vitne (v.21-22), som vart innsett (her ved loddkasting, v.26).[24]

Mitt fokus vil vere på hyrdingane og lærarane. Desse er tett knytt saman, då dei berre har éin bestemt artikkel.[25] Det er truleg eitt embete, evt. er dei same personane både hyrdingar og lærarar. Dette kan (saman med evangelistane) tenkast som eit framhald av (eller eit vern om) det apostoliske. Dette kan etter kvart ha utvikla seg til dei seinare bispe- og presteembeta.[26] Dette kan vi kanskje sjå hjå Ignatius av Antiokia ein stad mellom 107-117, sannsynlegvis 110.[27]

Embetsberarane sitt oppdrag er å verne om og breie ut einskapen ved forkynning og undervising. I v.12går Paulus inn på samanhengen mellom embetsberarane og andre kristne (‘dei heilage,’ gr. hoi hagioi).[28] Eit viktig spørsmål er korleis ein skal omsetje verset. Det er tre preposisjonsfraser der (som er knytt til verbet edåken). Korleis skal forholdet mellom desse frasene og verbet forståast?[29]

Er forholdet mellom preposisjonsfrasene sideordna eller underordna? Ei sideordna omsetjing kan sjå slik ut: «…for utrustinga av dei heilage, til tenestegjerning, til oppbyggjing av Kristi lekam.»[30] Dette kan opne for ei ‘høgkyrkjeleg,’ ‘aristokratisk-klerikal’ lesing. Ei underordna omsetjing kan sjå slik ut: «…for utrustinga av dei heilage til tenestegjerning, til oppbyggjing av Kristi lekam.»[31] Det kan opne for ei ‘lågkyrkjeleg-demokratisk’ lesing.

Eg meiner ei underordna lesing, der den fyrste preposisjonen (pros) er knytt direkte til edåken, og der dei to neste preposisjonane (som begge er eis) er underordna den fyrste, er den mest sannsynlege lesinga,[32] men dette hindrar ikkje nødvendigvis ei ‘høgkyrkjeleg’ lesing. Teksten opnar framleis for ei ‘tenestedifferensiering’ der embetsberarane (ved forkynning og undervising) kan utruste dei heilage til tenestegjerning som fører til «oppbyggjing av Kristi lekam.» Desse tekstane bør lesast i sin rette historiske og kulturelle kontekst, ikkje redusert til ein sekulær eller etymologihistorisk lesing, men inkludert den kristne kulturen desse tekstane vart skrivne inn i, spesielt arven frå GT og NT elles. Eg meiner det finst ein viss struktur for kyrkja sin orden i NT, basert på hovudtenking og apostelautoritet.[33] Vi ser også ei utvikling i slik retning i tida rett etter apostlane.[34] Ein ‘høgkyrkjeleg’ embetstanke utvikla seg særs tidleg, t.d. ved Ignatius av Antiokia. (Sjå spesielt Ign Smyr 8.[35]) Dette vert også reflektert i tolkingshistoria.[36]

Kyrkja ligg under Gud som paterfamilias, og han kan delegere autoritet (jf. apostel-omgrepet). Ved forkynning, læring og formaning vernar embetsberarane om kyrkja sin einskap, og gjev den nye nedslagsfelt.[37] For Paulus er dette heilt sentralt. «Korleis, då, kan dei kalla på han dei ikkje har trudd på? Og korles kan dei tru på ein dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at nokon forkynner?» (Rom 10:14, jf. v.9-17)

Men det er viktig å påpeike at ein slik organisatorisk struktur er eit middel, ikkje eit mål, jf. v.12. Ein organisasjons mål er, ifylgje Store norske leksikon, «å fremme ett eller flere formål, eller sett av verdier.» Formålet med embeta (middelet) er dei heilage si utrusting til teneste, og oppbyggjinga av Kristi lekam, inntil vi når fram til einskap og fullending, til målet (jf. v.13).

Kyrkja sin einskap består i eit personleg forhold til Gud som paterfamilias, som del av hans famile og lem på Kristi lekam. Ein samlar seg om kyrkja sitt trusinnhald, det Paulus på ein nærast kateketisk måte tek for seg i v.4-6. Og denne einskapen vert verna om og utbreidd ved kyrkja sine medlemer, både embetsberarane og andre kristne.

Eg set ikkje med dette ein konklusjon, men vil hevde at Efesarbrevet på ein særskild måte utrykkjer både kyrkja sin einskap og hennar universalitet. Personleg les eg nok dette i ein meir ‘høgkyrkjeleg’ retning fordi (1) teksten opnar for det; (2) tolkingshistoria i dei fyrste hundreåra heller i den retninga; (3) utviklinga i kyrkja sitt embetssyn kom såpass tidleg at dette bør kunna få prega vår tolking (sjølv om dette nok ikkje er absolutt); og (4) eg er overtydd om dette ut frå eit heilskapssyn på bibel, teologi og ekklesiologi. (Men eg har ikkje lagt dette til grunn for eksegesen.)

I v.3 formanar Paulus om å halda fast på einskapen, i v.4-6 les vi om einskapen i Kristus som sådan, og alt det den inneber, og i v.11-16 les vi korleis denne einskapen (for den einskilde kristne og for kyrkja si skuld) på forskjellig vis kan vernast om, modnast, og få nye nedslagsfelt, ut frå eit mangfald av gåver og tenester. Olaf Moe uttrykker det bra. I si samanfatting av Ef 4:1-16 påpeiker han at Paulus manar «til innbyrdes enighet, slik som menighetens organiske enhet krever det. Nådegavenes ulikhet skal ikke hindre, men meget mer fremme enheten i Kristus.»[38]

Kjelder:

Aalen, Sverre (1979). Efeserbrevet kap. 1,1-5,15. Oslo: Menighetsfakultetet (Skrivestua)

Baasland, Ernst (1993). «Ledelsesstrukturer i den eldste kirke.» Reform og embete. Festskrift til Andreas Aarflot på 65-årsdagen den 1. juli 1993. Redigert av Per-Otto Gullaksen et.al. Oslo: Universitetsforlaget, s.181-197

Barth, Markus (1974).Ephesians. A new translation with introduction and commentary. Anchor Bible. Garden City, NY: Doubleday (2 vol.)

Best, Ernst (1998). Ephesians. ICC. Edinburgh: T&T Clark

Ehrman, Bart D. (2003). The Apostolic Fathers, vol 1. Edited and Translated by Bart D. Ehrman. Cambridge, MA: Harvard University Press

Granados Rojas, Juan Manuel (2011). «Ephesians 4,12. A Revised Reading.» Biblica 92, s.81-96

Hvalvik, Reidar (2007). «“The Churches of the Saints”: Paul’s Concern for Unity in His References to the Christian Communities.» TTK 78, s.227-247

Lincoln, Andrew T. (1990). Ephesians. WBC, vol. 42. Nashville, TN: Thomas Nelson

Moe, Olaf (1956). Paulus’ brev til Efeserne. Innledet, oversatt og fortolket. Oslo: Aschehoug

Sandnes, Karl Olav (1994). A New Family. Conversion and Ecclesiology in the Early Church with Cross-Cultural Comparisons. Bern: Lang

Synnes, Martin (1996). Vakthold om “Den skjønne skatt” (ἡ καλή παραθήκη). Innføring i pastoralbrevene og kommentar til første Timoteusbrev. Oslo: Luther

TDNT: Theological Dictionary of the New Testament. (Forskjellige redaktørar). Grand Rapids, MI: Eerdmans 1971 (10 vol.)

Østereng, Dag Øivind (2007). «Kirkelig fellesskap – med hvem – om hva?» Foredrag til innledning ved seminar på Fjellhaug skoler 14. februar 2007.

Noter:

[1] Best 1998

[2] Best 1998:49-51

[3] Best 1998:51

[4] Best 1998:33

[5] Hvalvik 2007:229-236, jf. Olav Skjevesland, Kirken i Det nye testamente (Oslo: Andaktsbokselskapet (Verbum) 1976): 69-72.

[6] Om v.3-6, sjå Best 1998:364-372; Barth 1974:428-429.462-472; Lincoln 1990:237-241. Om v.11-16, sjå Best 1998:388-413; Barth 1974:435-451.477-496; Lincoln 1990:248-264. Om ikkje anna er nemnt er alle bibelstader omsett av underteikna.

[7] Gordon D. Fee, The First Epistle to the Corinthians (NICNT. Grand Rapids, MI: Eerdmans 1987): 602, n.12.

[8] TDNT VI:332-451, spes. 444-445.

[9] Best 1998:365

[10] Jf. bruken av ‘i Kristus’ (Best 1998:153-154).

[11] TDNT V:945-1014

[12] TDNT II:44-49; Sandnes 1994:93-111; Richard Saller, «Patria potestas and the stereotype of the Roman family» (Continuity and Change 1, 1986): 7-22.

[13] Matt 13:24-30.36-43.52; 20:1-16; Luk 12:32; Joh 3:3.5, m.m.

[14] Hvalvik 2007:233

[15] Sandnes 1994:21-22.65.83-86

[16] Walter Bauer, A Greek-English Lexicon of the New Testament and Other Early Christian Literature (Third ed. Revised and edited by Frederick William Danker. University Of Chicago Press 2001): 242-243.

[17] TDNT III:491-492, jf. ekklæsia (s.509-513).

[18] Baasland 1993:193

[19] Lincoln 1990:223.249

[20] Det kan kanskje (også) ha vore ein form for ‘NT-profetar’ (Lincoln 1990:153).

[21] Reidar Hvalvik & Terje Stordalen, Den store fortellingen. Om Bibelens tilblivelse, innhold, bruk og betydning (Oslo: Det norske bibelselskap 1999): 139, jf. 1Sam 3; Jes 6; Esek 1; Matt 4:18-22; Joh 20:21-23; Gal 1:1. Sjå også TDNT I:413-443; Synnes 1996:75-77.

[22] Aalen 1979:182-183

[23] TDNT I:423; Synnes 1996:76

[24] Om ordinasjon i NT, sjå Olav Skjevesland, «Ordinasjonen i Det nye testamentet» (i Reform og embete. Festskrift til Andreas Aarflot på 65-årsdagen den 1. juli 1993. Redigert av Per-Otto Gullaksen et.al.. Oslo: Universitetsforlaget 1993): 201 (199-212).

[25] Barth 1974:438-439 (teaching shepherds); Aalen 1979:185-186.

[26] Aalen 1979:185-186

[27] De apostoliske fedre (I norsk oversettelse med innledninger og noter. Red., Ernst Baasland & Reidar Hvalvik. Oslo: Luther 1997): 36-37.41-44; Ehrman 2003:203-205.

[28] TDNT I:107-110; Hvalvik 2007:236-241

[29] Best 1998:397-399; Barth 1974:478-484; Granados Rojas 2011

[30] Ei liknande løysing er valt i KJV.

[31] Ei liknande løysing er valt i Bibelselskapets omsetjing frå 2011.

[32] For eit anna perspektiv, sjå Moe 1956:93.106-107; T. David. Gordon, «“Equipping” Ministry in Ephesians 4?» (JETS 37, 1994): 69-78.

[33] Østereng 2007:3b, jf. Matt 16:18-19; Gal 2:8-9; Ef 1:22-23; 2:20; Kol 2:9-10; 2Tim 1:6, m.m.

[34] Østereng 2007:3b; Raymond E. Brown, The Churches the Apostles left behind (New York: Paulist Press 1984).

[35] Ehrman 2003:302-305

[36] Ved. t.d. Johannes Chrysostomos. Sjå Best 1998:397; Granados Rojas 2011:94-95; Philip Schaff, Nicene and Post-Nicene Fathers, ser. 1, vol. 13 (Peabody, MA: Hendrickson Publishers 1995): 104.

[37] Best 1998:393-394; Baasland 1993:181-197; Østereng 2007:3a, jf. Ef 4:3.11-13; Hebr 13:7.17.

[38] Moe 1956:110-111

Advertisements

2 comments on “Efesarbrevet 4: Einskap, mangfald og teneste

  1. […] Eg meiner at eit høgkyrkjeleg utgangspunkt er det mest sakssvarande (noko eg har skrive om her og her, samt i mine mange innlegg om Carissimi), og eg vil også hevde – som ein i praksis gjer i […]

  2. […] [2] Altså ordinasjon. Om dette, sjå her, her og her. […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s