«Formuleringane i dåpsliturgien må kommunisere med dei som ber borna til dåpen.»

Denne er også publisert på Verdidebatt.

Sitatet i overskrifta er henta frå dette innlegget av Hallgeir Elstad, og det eg skriv nedanfor er dels basert på mine kommentarar der. Elstad er professor ved Det teologiske fakultet, UiO, og skriv eit innlegg omkring revisjonen av dåpsliturgien. Han skriv at mange synst at «den gjeldande dåpsliturgien frå 2011 ikkje fungerer godt,» at han «blir opplevd som for ordrik, gjentakande og tung – og for lang.» (Eg er nok kanskje i mindretal som ein av dei som meiner den ikkje er for ordrik.) Men Elstad er meir interessert i den teologiske kritikken, og der er eg samd. Men det stoppar omtrent der.

Elstad synst at framlegget til revisjon har mange utfordringar, og at hovudutfordringa er «korleis ein formulerer mottakinga til dåp, og den dåpsteologien som ligg til grunn.» Måten vi byrjar dåpsliturgien på, og tek imot dåpsfamiliane, er viktige, og han legg til sitatet i overskrifta: «Formuleringane i dåpsliturgien må kommunisere med dei som ber borna til dåpen.» Dette er eg samd i, men eg vil fyrst stoppe opp her. For kva meiner Elstad med denne formuleringa? Det virkar for meg som at det går inflasjon i kommunikasjonsomgrepet. Spørsmålet bør vel ikkje vere om det kommuniserer, men kva det kommuniserer. Her kan eg ta eit døme, til illustrasjon. Eg samtale med ein om liturgien, og han ville gjerne at vi i Dnk skal gå bort frå den praksis vi i dag har i mange, for ikkje å seie dei fleste, kyrkjer, at presten er vendt mot altaret under bønene, inkludert under nattverdbøna.[1] Grunnen var at det kommuniserte mykje betre å stå vendt mot kyrkjelyden. Men problemet er at ein ofte seier at noko ‘kommuniserer betre’ når ein eigentleg meiner ‘folk høyrer oss betre’ eller ‘eg kan sjå folk.’ Men det kommuniserer ikkje nødvendigvis betre, det kommuniserer berre annleis.

Spørsmålet vi må spørje er kva vi vil kommunisere i og med liturgien, for deretter å la liturgien kommunisere dette. Her kan vi, for å vere i illustrasjonen omkring bøneretninga, som har vore under diskusjon dei siste åra (om det bør vere ad orientem, retta mot aust/altaret, slik det er no i dei fleste kyrkjer, spesielt eldre, eller om det skal vere versus populum, retta mot folket, slik det er i mange nye kyrkjer). Eg vil seie at vi med bønene primært ynskjer å be til Gud, men at vi, sekundært, også ynskjer å kommunisere visse ting for dei menneska, kristne så vel som ikkje-kristne, som er til stades. Mellom anna ynskjer vi å kommunisere at det vi gjer er ei bøn til Gud, at Gud er utanfor oss, over oss, annleis enn oss (altså transcendent), og at den bøna som vert beden, den ber vi saman, sjølv om det kan vere at det berre er éin person (t.d. presten, klokkaren, ein konfirmant, etc.) som seier orda. Dette meiner eg vert best kommunisert på den klassiske måten, gjennom ei rekkje symbol: (1) Den som seier fram bøna, samt alle andre i gudstenesta,[2] bør vere retta mot noko som ikonisk representerer Gud (altaret, eit krusifiks, eit eller fleire ikon, etc.), då vi vanlegvis rettar oss mot den vi snakkar til. (2) Bøneretninga bør vere retta ut frå dei som ber (t.d. framover mot altaret) for å understreke det transcendente, det framande. (3) Alle bør stå same vegen, mot altaret (og på same side som altaret) for også å understreke at vi ber saman.

Elles er det jo også eit poeng i klassisk teologi at gudstenesta i hovudsak er retta mot Faderen, ved Sonen, i Anden. Difor vil mange av argumenta for versus populum (kontra ad orientem) vere mangefulle, m.a. det at vi alle er samla rundt Jesus. For i messa sin logikk og oppbygning er ikkje Jesus fokuspunktet, men den som fokuserer. Han er celebrant, ikkje primært den som vert ‘celebrert.’ Han er subjektet i handlinga, og ikkje primært objektet.[3] Han er den som ber seg fram (den vi rettar bøna fram ved), i Anden (den vi rettar bøna fram i), til Faderen (den vi rettar bøna fram til). Her vil eg tilrå å lese Cyprian Vagaggini si bok Theological Dimensions of the Liturgy (Collegeville, MN: Liturgical Press 1976), eller rett og slett ein av bloggpostane til Fr. Thomas Kocik på New Liturgical Movement, «The End of Orientation» (23.02,2011).

Viss vi skal overføre dette poenget med kommunikasjon på det aktuelle tilfellet, dåpsliturgien, kan vi seie at kyrkja må spørje seg: korleis kan vi, i dåpsliturgien, kommunisere dåpens innhald, slik denne kjem til uttrykk i Skrift og vedkjenning? Og då kjem vi tilbake til Elstad.

Elstad reagerer nemleg på innleiinga til dåpen:

Dåpsbarn og dåpsfamiliar blir i framlegget møtt med desse orda: «I dåpen får vi del i Jesu Kristi siger over vondskap, synd og død». Så følgjer Joh 3,16: «For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.»

Dette fungerer, for å seie det mildt, dårleg. Det ligg nær å tolke­ dette slik at dåpsbarnet representerer «vondskap, synd og død», og at barnet vil gå fortapt utan dåpen (jfr. bibelverset). Dette er problematisk både pedagogisk og teologisk. Barnet blir i desse formuleringane ikkje sett som Guds barn i utgangspunktet, det er noko det må bli.

Det må vere viktig å halde fast på at barnet er Guds barn frå fødselen av. Barnet blir motteken til dåp i kyrkja fordi det er skapt av Gud. I dåpen feirar vi livet i takk og i glede over «livets under». Derfor må mottakinga til dåp skje med eit skapingsteologisk utgangspunkt.

Han argumenterer vidare for at «skapingsperspektivet må kome først – så frelsa,» for så å vise til at dette er «den rekkjefølgja vi finn i Genesis, i den første skapingsforteljinga. Gud skapte verda – og mennesket – og såg at det var godt. Skapinga, det allmenne, er utgangspunktet for dåpen.» Men dette ser vi ikkje i utkastet til dåpsliturgi, seier Elstad, for der «er det derimot behovet for frelse som først blir kommunisert.» Han ynskjer difor at «Joh 3,16 blir teken ut av dåpsliturgien,» av dei nemnte grunnar og fordi den ikkje var der før 1981. Så avsluttar han slik:

I mottakingsdelen av liturgien treng vi derimot formuleringar som har ei tydeleg skapingsteologisk fundering – fordi skapinga alltid er først. «Og Gud såg at det var godt.»

Det fyrste som slår meg er at Elstad ikkje tek inn poenget med at vi ikkje lenger eksisterer i paradistilstanden, der det skapte tilveret var godt, eller ‘overlag godt.’ Dette gjennomsyrer heile argumentasjonen. Og vidare ser vi jo, som ein konsekvens, at det Elstad kjemper for ikkje kommuniserer dåpens innhald, slik denne kjem til uttrykk i Skrift og vedkjenning. For dersom vi vil kommuniserer det kyrkja faktisk lærer om dåpen, må må jo vi må ha ein dåpsliturgi der det er «behovet for frelse som først blir kommunisert.» Dette kan illustrerast gjennom å sjå kva som faktisk blir sagt om dåpen.

Kva seier Bibelen om dåp? Dette er eit altfor stort spørsmål å analysere og drøfte her, men nokre vers er på sin plass. Eg vil sjå på Joh 3, Rom 6 og 1Pet 3.

I Joh 3,1-21 (der vi finn konteksten for det det verset Elstad vil fjerne frå dåpsliturgien) ser vi at Jesus seier «sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike.» (v.3) Nikedemus skjønar det ikkje, og lurer på korleis «ein som er gammal» kan «bli fødd,» då ein jo ikkje kan «koma inn i morslivet igjen og bli fødd andre gongen.» (v.4) Jesus svarar: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike.» Så legg han ut om dette, og kjem inn i ein diskusjon som kulminerer i nettopp Joh 3,16, noko som fortel oss at dette verset må tolkast i lys av det Jesus seier. «Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike.» Det er altså ikkje nok berre å vera skapt og født, slik Elstad meiner.

Vidare har vi Rom 6,1-11, der Paulus uttrykker Paulus seg heilt konkret om kva dåpen handlar om. Og det er nettopp «Jesu Kristi siger over vondskap, synd og død» som er utgangspunktet, og det vi vert deltakarar i:

1 Kva skal vi då seia? Skal vi halda fram i synda så nåden kan bli så mykje større? 2 Langt ifrå! Korleis kan vi som har døydd bort frå synda, framleis leva i henne? 3 Eller veit de ikkje at alle vi som vart døypte til Kristus Jesus, vart døypte til døden hans? 4 Vi vart gravlagde med han då vi vart døypte med denne dåpen til døden. Og slik Kristus vart oppreist frå dei døde ved sin Fars herlegdom, skal vi òg vandra i eit nytt liv. 5 Har vi vakse saman med Kristus i ein død som er lik hans, skal vi òg vera eitt med han i ei oppstode som er lik hans. 6 Vi veit at vårt gamle menneske vart krossfest med han, for at den kroppen som er underlagd synda, skulle gjerast til inkjes og vi ikkje lenger skulle vera slavar under synda. 7 For synda har ikkje lenger nokon rett over den som er død. 8 Men er vi døde med Kristus, trur vi at vi òg skal leva med han. 9 Vi veit at når Kristus er oppreist frå dei døde, då døyr han ikkje meir, for døden har ikkje lenger makt over han. 10 Døden han døydde, den døydde han for synda, éin gong for alle, men livet han lever, det lever han for Gud. 11 På same måten skal de rekna dykk som døde for synda, men levande for Gud i Kristus Jesus.

Her ser vi altså at dåpens primære funksjon ikkje berre er å føre den døypte inn i kyrkja, men å gje den døypte «del i Jesu Kristi siger over vondskap, synd og død.»

Vidare har vi 1Pet 3,18-22. Her ser vi igjen at dåpens kontekst er frelse frå synd. Arken, altså Noahs ark, vert brukt som eit bilete: «I henne [arka] vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn. Dette er eit bilete på dåpen, som no frelser dykk òg.» (v.20b-21a) Dåpen handlar altså her primært om frelse frå synd.

Viss vi går vidare til vedkjenningsskriftene, endrar ikkje biletet seg. I Den norske kyrkja har vi fem vedkjenningsskrifter; Den apostoliske truvedkjenninga (Apostolikum), Den nikenske truvedkjenninga (Nikenum), Den athanasianske truvedkjenninga (Athanasianum), Confessio Augustana (CA) og Luthers vesle katekisme (katekisma).[4] I Apostolikum og Athanasianum står det ikkje noko direkte om dåp, men i Nikenum vedkjenner vi «éin dåp til forlating for syndene.» I CA IX står det om dåpen at «han er naudsynleg til frelse, og at Guds nåde vert boden fram [lat. offeratur] ved dåpen, og at borna bør døypast, dei som vert mottekne i Guds nåde, når dei ved dåpen er overgjevne til Gud.» Og i katekisma står det, som svar på kva dåpen «gjev eller gagnar,» at den «verkar forlating for syndene, frelser oss frå døden og djevelen, og gjev æveleg sæle til alle som trur det.»

Vi ser altså at ut frå vedkjenninga er frelsesperspektivet det sentrale og primære i dåpen. Og det same ser vi i Bibelen. Dette er altså omlag det motsette av det Elstad seier. Når vi legg vekt på dåpen som frelsande, og les Joh 3,16 i samband med dåpens innleiing, kommuniserer vi innhaldet i det Skrift og vedkjenning seier om dåpen. Viss vi ikkje gjer dette, eller noko liknande, kommuniserer vi ikkje innhaldet i det vedkjenninga seier om dåpen. Elstad tek her rett og slett feil, og ein kan byrje å lure på om han kanskje heller hadde kjent seg heime i ei metodistisk kyrkje, der ein meiner at borna er Guds born (i den fullstendige meining) også før dåpen, sjølv om desse heller ikkje grunngjev dette skapingsteologisk (med ut frå nåden).

Så vi må halde fast, i innleiinga til dåpshandlinga, på at vi døyper alle – born, unge og vaksne – for at dei skal få «del i Jesu Kristi siger over vondskap, synd og død,» og at dette er grunnfesta i sentrum i vår tru: «For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.»

Noter:

[1] Her bør det presiserast at innsetjingsorda aldri oppetter historia har vore tolka som noko sagt til kyrkjelyden, men som ein del av nattverdbøna, retta mot Gud.

[2] Med ‘gudsteneste’ meiner eg meir enn berre messa.

[3] Han er også objekt, men i kraft av sin guddom, og ikkje ut frå messa sin logikk og oppbygning.

[4] Sjå Kong Christian Den Femtis Norske Lov, bok 2, kap. 1, som er å finne i Lovsamling for Den norske kirke (7. reviderte utg. Oslo: Kirkerådet): 17. Eg nytter meg her av omsetjinga til Arve Brunvoll i Vedkjenningsskriftene åt Den norske kyrkja (Ny omsetjing med innleiingar og notar. Oslo: Lunde 1979).

One comment on “«Formuleringane i dåpsliturgien må kommunisere med dei som ber borna til dåpen.»

  1. […] argument innenfor Den Norske Kirkes teologiske rom, og det gjør Kjetil Kringlebotten fint her. Tar man dog to skritt tilbake er det vanskelig å ikke ideologisere det […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s