Evangeliet er Guds ord til oss

Denne er også posta på Verdidebatt, og er ein litt utvida versjon av ein kommentar eg skreiv der.

I diskusjonane omkring om innføring av ny liturgi for vigsel av samkjønna er kyrkjesplittande, vert det ofte vist til Confessio Augustana (CA), art. VII. Der står det, etter den latinske teksten, at kyrkja er «forsamlinga av dei heilage der evangeliet vert lært rett og sakramenta forvalta rett» og at det «til sann einskap i kyrkja» er «nok å vere samd om evangelielæra og om sakramentsforvaltinga.» Då Confessio Augustana vart lagt fram for den tysk-romerske keisar Karl V, på riksdagen i Augsburg i 1530, vart den lagt fram i to utgåver, ein latinsk og ein tysk.[1] Den latinske teksten vert ofte rekna for å vere den ‘offisielle’ versjonen, men det er ikkje noko direkte indikasjon på dette. Begge versjonane vart lagt fram samtundes, og begge er autoritative.

Vel, vi ser noko viktig i CA VII. For i diskusjonane om innføring av ny liturgi for vigsel av samkjønna er kyrkjesplittande eller ikkje, vert det hevda at dette ikkje strir med evangeliet. Harald Hegstad, som sjølv er motstandar av innføring av ny liturgi for vigsel av samkjønna, hevder dette. Han skriv, i eit innlegg på Verdidebatt, at «man kan være uenig om mye og likevel bevare enheten, bare det ikke rokker ved den felles forståelse av evangeliet,» og at «[så] lenge uenigheten kan rommes innenfor et fellesskap som er forpliktet på det samme evangelium, er det også mulig å høre til i den samme kirke.» Vel, det er eit par problem her. Vi har ikkje ‘ei felles forståing av evangeliet.’ Eg har ikkje den same forståinga av evangeliet som, t.d., Sturla Stålsett. Og det vil eg vise er ved å ta opp det vi ser i den tyske utgåva av CA.

I CA VII ser vi at den tyske teksten på mange måtar ekspliserer den latinske. Der den latinske teksten seier at kyrkja er «forsamlinga av dei heilage der evangeliet vert lært rett og sakramenta forvalta rett,» legg den tyske teksten til at sakramenta vert forvalta rett «ifylgje evangeliet» [laut des Evangelii]. Og vidare, der den latinske teksten seier at det «til sann einskap i kyrkja» er «nok å vere samd om evangelielæra og om sakramentsforvaltinga,» legg den tyske teksten til at sakramentsforvaltinga her skal skje «ifylgje det guddomlege ordet» [dem göttlichen Wort gemäss].

Vi ser altså ikkje noko reduksjonistisk evangeliekonsepsjon i CA, der fokuset er på rettferdiggjeringa eller eit slags indre kerygma der det etiske, eller kristenlivet, ert halde utanfor. Vi ser at evangeliet vert identifisert med ‘det guddomlege ordet,’ og eg tenker at dette i hovudsak er Skrifta; Det gamle og Det nye testamentet.[2] Evangeliet er altså Guds ord, Kristi ord, med Kristus som kjerna (jf. CA I-III).[3] Her ser vi ikkje noko kunstig skilje mellom rettferdiggjeringa og det nye livet, noko som for Luther var å rekne nærast som ein form for nestorianisme.[4] Vi finn heller ikkje noko grunnlag til å hevde at vi, på den eine sida, kan hevde at evangeliet er ‘det guddomlege ordet’ og at vi, på den andre sida, kan hevde at noko som er framsett som Guds vilje i nettopp ‘det guddomlege ordet’ kan forkastast utan at evangelieforståinga endrar seg, og utan at den kyrkjelege einskapen vert truga eller broten.

Søndag som var (24. januar) feira vi såmannssundagen i Den norske kyrkja, og då las vi frå Paulus 2. brev til Timoteus. Vi må ta til oss det han sa der, at «dei heilage skriftene» kan «gje deg visdom til frelse ved trua på Kristus Jesus,» og at kvar bok i Skrifta, i Bibelen, «er innanda av Gud og til nytte i opplæring, formaning, rettleiing og oppseding i rettferd, så det mennesket som høyrer Gud til, kan bli fullt utrusta til all god gjerning.» Dette er evangeliet.

Noter:

[1] For ei tekstkritisk utgåve av desse, sjå Die Bekenntnisschriften der evangelisch-lutherischen Kirche (Göttingen: Vandenhoeck & Ruprecht 1930, 11. utg., 1992).

[2] For Luthers syn på Skrifta, sjå Knut Alfsvåg, «På Luthers vis: Om den sakssvarende bibellesnings forutsetninger og implikasjoner» (Theofilos Supplement 7:1, 2015): 33-44.

[3] For dette, sjå Alfsvåg, «Luthersk spiritualitet: Om lære og liv i den éne, kristne kirke» (Dansk Tidsskrift for Teologi og Kirke 40:1, 2013): 42-56.

[4] For dette sjå Alfsvåg, «Theosis og eucharisti: Om tonatur-kristologien som fundament for menneskesyn og sakramentforståelse» (Foredrag ved NKK/FBBs dialogmøte Bergen 1. november 2014), spes. s.6.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s